Leiv Dyrhaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mar. 2018 kl. 12:57 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag) (Ny side: '''Leiv Dyrhaug''' (fødd 1912 i Skoger i noverande Drammen kommune, død 2000 i Sandefjord) var lektor. Foreldra var lærar og kyrkjesongar Thomas Dyrhaug og Eli Haugen. Han var gif...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Leiv Dyrhaug (fødd 1912 i Skoger i noverande Drammen kommune, død 2000 i Sandefjord) var lektor. Foreldra var lærar og kyrkjesongar Thomas Dyrhaug og Eli Haugen. Han var gift med Tordis Sveen (1912–1977) frå Elverum.

Han var lektor i Levanger frå 1941 til han vart avsett av tyskarane 1. januar 1942. Han flytta da til Nord-Odal der han arbeidde med ei tysk-nynorsk ordbok. Offisielt var han "gårdsgutt".

Frå 1946 og fram til han vart pensjoist, var han lektor ved Sandefjord gymnas.

Hovuarbeida hans er Tysk-nynorsk ordbok (1946) og omsetjinga av Soga om røykdølane (1981). Han skreiv eit par lokalhistoriske artiklar i tidsskriftet Solør-Odal.