Leiv Dyrhaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Sandefjords Blad 2. november 1979: artikkel om Leiv Dyrhaugs fratreden som lektor.

Leiv Dyrhaug (fødd 1. november 1912 i Skoger i noverande Drammen kommune, død 11. november 2000 i Sandefjord) var lektor. Foreldra var lærar og kyrkjesongar Thomas Dyrhaug og Eli Haugen. Han var gift med Tordis Sveen (1912–1977) frå Elverum.

I 1920 budde han med foreldra i Nord-Odal. Faren var folkeskulelærar, og dei budde i Sagstua der vi i dag finn Sagstua skolemuseum.

I 1939 tok han norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo, med tysk og fransk som støttefag. Han var lektor i Levanger frå 1941 til han vart avsett av tyskarane 1. januar 1942. Han flytta da til Nord-Odal der han arbeidde med ei tysk-nynorsk ordbok. Offisielt var han "gårdsgutt".

Frå 1946 og fram til han vart pensjonist, var han lektor ved Sandefjord gymnas. Han var formann i Folkeakademiet og sat ein periode i bystyret for Venstre.

Hovudarbeida hans er Tysk-nynorsk ordbok (1946) og omsetjinga av Soga om røykdølane (1981). Han skreiv eit par lokalhistoriske artiklar i tidsskriftet Solør-Odal.

Kjelder og litteratur