Lillehammer Tilskuer

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lillehammer Tilskuer var ei lokalavis for Lillehammer og regionavis for Gudbrandsdalen som vart gjeve ut på Lillehammer frå 1841 til ho vart slått saman med Gudbrandsdølen i 1990. I 1930 vart begge avisene oppkjøpt av Hans Peter Lødrup, som slo dei saman under fellesnamnet Gudbrandsdølen.[1]

I 1945 vart avisene på Lillehammer reorganiserte, og Lillehammer Tilskuer vart reetablert som sjølvstendig avis i nært samarbeid med Gudbrandsdølen. Dei første åra hadde dei kvar sine redaktørar, men frå 1954 var Knut Ramberg felles sjefsredaktør. Den endelege samanslåinga som Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer (GLT) skjedde i 1990, og namnet forsvann i 1997 da GLT vart slått saman med Dagningen til Gudbrandsdølen Dagningen (GD).[2].

Referansar

  1. Ramberg 2004 s. 210ff.
  2. Hosar 2007, s. 220 med utdjuping fleire stader

Litteratur

  • Ramberg, Knut 1994: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie I. GLT / Thorsrud a.s., Lokalhistorisk Forlag. Digital versjonNettbiblioteket
  • Ramberg, Knut 2004: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie II. Laagen. Gudbrandsdølen Dagningen AS / Thorsrud a.s., Lokalhistorisk Forlag.
  • Kristian Hosar 2007: I døgnets tjeneste. Historien til avishuset Lillehammer Tilskuer, Gudbrandsdølen og Laagen. Bind III. Gudbrandsdølen Dagningen AS / Thorsrud a.s., Lokalhistorisk Forlag.