Lina Breck

Sideversjon per 1. nov. 2023 kl. 13:10 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Påbegynt artikkel)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Lina Breck (fødd i Skjåk 5. april 1858, død i Oslo 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i Drammen. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som faglært og offentleg autorisert profesjon. Da ho tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i landet som hadde gjort det. Lina Breck sitt val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på hennar bakgrunn som bondejente frå ei noko avsides fjellbygd på den tida. Og ho var ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval.

Bakgrunn og familie

Lina Breck var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk, ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (29.08.1810–21.10.1871) og Lene Sylfestsdotter Bræk (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar. Morsslekta skal i følgje ein nevø av Lina ha vore «gamle gode haugianere» med vestlandsbakgrunn.[1]

Lina var den yngste av ni sysken, fødde i tidsrommet 1837–1858. Lista nedanfor viser eit oppsiktsvekkjande spenn i yrkesval og livsbane i syskenflokken.


Referansar

  1. Studenterne fra 1889 (1914) Ragnvald Lexow-Breck

Kjelder og litteratur