Litløra

Litløra, eldre namn Imarn, er eit fjell på 637 moh. vestom Imarsundet i Aure kommuneNordmøre. Fjellet ligg innafor grensene til garden Fuglsnes. I vest blir det avgrensa av Ørbogdalen og i sør av Fuglsnesdalen. Det har vorte framsett fleire hypotesar om kva namnet Imarn kjem av. I fagkretsen kring nordisk språk har det vorte hevda at det må henge saman med norrønt ímarr (‘ulv’) eller ím (‘eim’), utan at desse to tydingane verkar spesielt karakteristiske for dette fjellet.

Ordet ime Mal:F. kan tyde ‘grov nål med tre sider’, og i den tydinga er det belagt i Nord-Noreg frå Salten og nordover,[1] og i tillegg i enkeltbelegg frå Sunndal på Nordmøre. Tidlege belegg er ei handskriven ordsamling av Gerhard Schjøning frå kring 1770 og E.G. Schytte si samling frå Lofoten i 1807.[2] I Nynorskordboka er ordet etymologisk definert som eit lånord frå finsk äimä.[3]

Fotnotar

  1. Setelarkivet til Norsk Ordbok oppgjev Lofoten og Vesterålen (Lofoten, Gimsøy, Sortland, Bjørnskinn), Salten (Saltdal, Nord-Salten), Ofoten, Tromsø, Finnmark (Leirbotn/Altafjord/osv.).
  2. E.G. Schytte: Nogle faa rare norske Ord, efter den Dialekt, som i Lofoten’s Fogderi i Nordlandene, er brugelige
  3. Definisjon II av «Ime» i Nynorskordboka