Litløra, eldre namn Imarn, er eit fjell på 637 moh. vestom Imarsundet i Aure kommuneNordmøre. Mesta heile fjellet ligg innafor grensene til garden Fuglsnes. I vest blir det avgrensa av Ørbogdalen og i sør av Fuglsnesdalen.

Namnet Litløra

Namnet Imarn

Det har vorte framsett fleire hypotesar om kva namnet Imarn kjem av. I fagkretsen kring nordisk språk har det vorte hevda at det må henge saman med norrønt ímarr (‘ulv’) eller ím (‘eim’), utan at desse to tydingane verkar spesielt karakteristiske for dette fjellet.

 
Imer.
Foto: Olve Utne

Ordet ime Mal:F. kan tyde ‘grov nål med tre sider’, og i den tydinga er det belagt i Nord-Noreg frå Salten og nordover,[1] og i tillegg i eit enkeltbelegg frå Sunndal på Nordmøre. Tidlege belegg er ei handskriven ordsamling av Gerhard Schjøning frå kring 1770 og E.G. Schytte si samling frå Lofoten i 1807.[2] Ivar Aasen har ordet i formene Ima og Eima:[3]

Eima f. en Naal; Stoppenaal. Helg. Andre St. Ima. (Lof.). Maaſkee Finſk.
Ima f. (2), Naal (= Eima). Nordl.

Formene eime/eimæ o.l. er dokumentert frå Helgeland[4] og Lofoten (Gimsøy)

I Nynorskordboka er ordet etymologisk definert som eit lånord frå finsk äimä,[5] truleg i tradisjon frå Ivar Aasen. Men konsentrasjonen av norske dialektbelegg til området frå Helgeland til Ofoten og Vesterålen tyder vel heller på éin eller fleire typar samisk som opphavsspråkkandidat. Og på samisk heiter ordet aajmie (Mal:Sørsam., àjbmee (Mal:Umes.), ájbme (Mal:Pites.), ájmme (Mal:Lules.)[6] og áibmi (Mal:Nordsam.).

Fotnotar

  1. Setelarkivet til Norsk Ordbok oppgjev Lofoten og Vesterålen (Lofoten, Gimsøy, Sortland, Bjørnskinn), Salten (Saltdal, Nord-Salten), Ofoten, Tromsø, Finnmark (Leirbotn/Altafjord/osv.).
  2. E.G. Schytte: Nogle faa rare norske Ord, efter den Dialekt, som i Lofoten’s Fogderi i Nordlandene, er brugelige
  3. Mal:Aasen 1918
  4. Setelarkivet til Norsk Ordbok oppgjev Vega, Sømna, Leirfjord, Vefsn, Hattfjelldalen og Rana.
  5. Definisjon II av «Ime» i Nynorskordboka
  6. ‘trekantig nål (att sy läder med)’ (Mal:Grundström)