Lo (Nord-Fron gnr. 246/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Lo er ein gard i Sorperoa i Nord-Fron kommune (gnr. 246/1). Namnet tyder «lågtliggande engelette». Lo har om lag 420 mål dyrka jord, 1700 mål skog og 2000 mål anna areal. I 1998 var det 30 mjølkekuer her. Lo har seter på Hattdalen, før Liseter (Høgsetra). Garden har fleire gamle hus, mellom anna våningshus frå 1734 og eldhus med drengestugu frå 1754. I 1865 var det heile ti husmannsplassar under Lo.

Frå Lo stammar mellom anna det praktfulle drikkehornet på Maihaugen, «Osjuka-hornet». På garden kan det også ha lege ein forhistorisk steinkrins, noko det framleis er fleire av i nabobygda Sør-Fron. I Hiorthøys topografiske skildring av Gudbrandsdalen (1775) fortel han at det ved «Lo er mange Kiempegrave og stensatte Kredse».

Veterinæren Amund Lo (1864-1941) vaks opp på Lo.

Eigarar

Kjelder og litteratur