Lokale ord og utrykk (Volda kommune): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Utrykk: prøve)
(→‎Utrykk: nytt ord)
Linje 78: Linje 78:


'''Hakka og sleikt:''' Då er der ingen ting att.
'''Hakka og sleikt:''' Då er der ingen ting att.
'''Stallsteden:''' Det var vel når hesten hadde stede lenge på stall og var litt hard i taumane utrykket kjem frå. Har og haurt sagt at no var eg så stallsteda at eg måtte ha med ein tur ta «gar», garden.


{{DEFAULTSORT:ord og utrykk(volda kommune}}
{{DEFAULTSORT:ord og utrykk(volda kommune}}

Sideversjonen fra 28. okt. 2016 kl. 14:50

Lokale ord og utrykk, kva område me skal knyte det til får vise seg etter kvart. Men no i starten, slik det var brukt i min oppvekst i Høydalen.

Arbeid og arbeidsbein

Blegg: Den er smidd i jern 20 til 25 cm lang 1 tomme brei og ca 1/2" tjukk, smidd ut og kvest til å slå inn i enden på ein stokk. I den andre enden ein smidd laus ring for å tre i eit tau. Dette for å draga eller vri på ein stokk.

Diksle: Det var finhogging av spant på eit båtskrog, eller andre arbeid der skarveøksa var lagleg. Skarvøksa har egga på tvers av skaftet og ei form mellom egg og vedhol som gjer ho egna til å hogge kontrolert i tynne flisar.

Klogrev: Det har tindar som ei greip men står i 90° på skaftet.

Smokle: Brukt om "finsmiding" i trevirke med kniv. Til smokling brukte ein gjerne utslitne knivar som var slipte korte og tynne og var lette å kome til med.

Gardsredskap og drift

I vårt område er skogsdrifta ikkje serleg stor, knyter difor skog-greier til vanleg drift på garden.

Drôg: Drôge oppatt sleden eller for den del færingen. Når sledemeidane vart slitne vart det skapa til og lagt under ei drôg. Då kunne sleden brukast vidare til drôga var utslita og kunne bytast ut med ei ny. På færingen er drôga sett på frå fyrst av for å spara kjølen.

Sledar: I gardsdrift var det mange typer sledar den tida hesten stod for trekkrafta. Ein slede har meidar og for det meste berekna på vinterføre, men det fanst undatak. Sleden var slett ikkje noko dårleg valg på barmark der det ikkje var veg. Aasen: Slede (e’), m. Slæde, Kjøretøi som glider paa Meder. Brugt i flere Former: Slede, Nfj. Sdm., Slie, Sogn; Slee, mange Steder, Slea, tildeels paa Østl., Slae, Smaal. Solør, Østerd., Slada (?), Sla’a, Namd., Slaadaa (Sloddaa), Skogn, Slaae, Ork. Guldal. G.N. sledi; Eng. sled, T. Schlitten. Jf. Slodda, Sloda, Slode. – Sledebrugda, f. Norsk Ordbog opstaaende Kant paa Enden af en Slæde. Sledefar, n. Spor efter Slæder. (Meidd, Laam). Sledeføre, n. Føre til Kjørsel med Slæde. Sledegrind, f. Rammer omkring Læsset paa Slæden. Sledemeid, m. s. Meid. Sledetre, n. Nagler og Støtter i en Slæde. Sledevyrke, n. Træ til en Slæde. Vald. og fl. I Rbg. Sleevirkje. Slegd

Vedasleden: Den var omlag 1,8 til 2m lang. For å køyra ved til gards var det antan «Vedaslede» eller «Vage». Den hadde hynningar både på fremste del og heilt bak og høvde til transport av virke som ikkje var tyngre enn at køyraren lyfta det på sleden, og ikkje så mykje lenger enn sleden. Fremste tverrtreet på sleden var bjørk som hadde vakse i vinkel slik at ein arm stakk rett opp. Med to slike og skøytt saman på midten fekk ein oppståande styringar som heldt lasset på plass, det var desse som vart kalla hynningar. Bak på same måten. Sleden var montert med dreia tappar mellom meiden og tverrtreet. Sleden laga av bjørk som er sterk material. Skjekene var som regel kobla til sleden med veiende.

Vage: Det er ein kort slede brukt på skogen til å slepe stokkar. I andre område kalla stutting. Med denne vart dei tyngre stokkane slept ved at rotenden låg opp på vaga. Då kunne ein og slepe lange og grovare stokkar som gjerne skulle på saga og verta plank. Lessing vart gjort ved at vaga var køyrt inntil rotenden og eit tau eller kjetting smett under stokken slik at ein rulla stokken opp på vaga.

Mókasleden: Også kalla Lorteslede. Namnet mokaslede er naturleg, det var i den sleden ein skulle køyre mokadungen ut på åker og eng. Mokasleden var utforma med tett gavl framme og bak og avrunda sider. Forma gjorde at den kunne tømast ved å velte den på sida, nokre hadde slede med laus kasse for enklare tøming. Aasen: Mok (o’), n. noget som er sammenmuget (s. moka). Maaskee ogsaa: Møg (= Myk) i Ordene Mokdunge, Mok-kok, Mokslede.

Høysleden: Den var breidare en dei andre sledane og såpass tett i botnen at høy og gras ikkje fall i gjennom. Det var ofte diverse slætte, slåtteteigar, med mykje stein og lite egna for redskap med hjul. Då kom «Høysleden» til nytte også på sommarføre. På vinteren var «Høysleden» brukt til å køyre høy frå høyløder og heim til garden. For å halda på lasset vart det brukt ei tong. Det er ei rame av tre med flatvorne og bøyelege langsgåande ribber, lengde omlag som sleden. Med tau var denne pressa nedpå lasset framme og bak.

Steinsleden: På hausten vart det gjerne dyrka jord og då var «Steinsleden» i sving. Det er ein lav slede med tverrplankar med opning mellom så mold, jord, gjekk gjennom. Lessing av større stein var med steinbukk, handterlige steinar vart sjølvsagt lest for hand. Oftast skulle steinen køyrast til ein steintipp, røys, eller til ei veite, grøft.

Hjulsleden: Må også ta med ein namnemessig bastard. (Sidan den har slede i namnet får den stå saman med sledar). «Hjulsleden», er ikkje slede i den vanlege tydinga men ei vogn eller kjærre. Som namnet seier går den på hjul. Den hadde ei tippbar kasse med breidde høveleg mellom hjula og lengde på ca 1,5 m og laus gavl bak. Den kassa vart kalla «Hjulslekista». Hjulsleden vart brukt til det meste av transport. Nemner Gjødsel, Mold, Stein og alt som kunne lessast. Må heller ikkje gløyme mjølkespannene som skulle med rutebåten til meieriet.

Høyvogna: Den hadde største lesseplanet, lengde ca 2,3m breidde 1,4m. Den var brukt til all køyring av gras og høy. Til høykøyring vart montert høge grinder som høyet vart trakka saman i. Det var ungane sitt arbeid.

Rade: Marketadet, husdyrgjødselen, skulle breidast, spreidast, på åker og eng om våren. Det kunne breidast rett frå hjulsleden eller at det var «rada» på førehand. Det er å køyre ut og legge i små dungar lagleg til å breide. Det vart køyrt med hjulsleden og greve av med greip eller klogrev i passelege dungar. Når ein nerma seg konfirmasjonsalderen så var dette høveleg arbeid.

Sloje: Ei eller to store greiner lagt på marka og lest på gras eller høy. Brukt der det var bratt for å draga det heile med til nedunder bakken. Kan og vere nemnt som ei droge.

Snórved: Det er dei tynne greinene på eit tred. Før det vart betre økonomiske kår så vart heile tredet nytta. Den beste delen vart brukt til salg og snórveden vart hoggen på stabben med øks. Den var grei til opptending, varmen var vel så som så.

Karakteristikkar

Ljøte: Kan vel forklarast med mindre pen men det er no altid augene som ser. Ivar Aasen`s ordbok: ljot (oo), adj. styg, hæslig; grim af Udseende; ogsaa utækkelig, om Skik eller Opførsel. ljøt’e, Sogn, Sdm.


Åløkje: slik ordet var brukt lokalt her så var det sers positivt. Det kunne vera om ein ny færing, kyr, ei kjerre eller kanskje ei ny tenestetaus som kom til bygda. Eg oppfatta det som reaksjon på førsteintrykk. I Ivar Aasen`s ordbok: Aaløkje, n. noget usædvanligt, et Uhyre, en Uting. Nfj. Paa Sdm. i god Betydning om et meget stort og triveligt Dyr. (Dunkelt Ord).

"Lakoniske" kommentarar og "småbeiske" uttrykk

(om no dei uttrykka er mogeleg å forklare)

De vi no ilt vere (det vil no ilt vere/vere ille): Karane brukte dette uttrykket både om seg sjølv og andre i høve åremålsdagar, bryllaup og gravferder. "De vi no ilt vere om inkje enj kvanj finnje noke gott å seie slike dage". (Det vil no ilt vere om ikkje ein kvan finn noko godt å seie slike dagar) . Var det noko som skulle lagast eller gjerast, sådde dei tvil om vedkomande kunne gjenomføre, men kanskje: "De vi no ilt vere om ej/anj ikkje fe ti et kvart". Det vil no ilt vere om ikkje eg/han får til eit kvart.

I lykt å sjy (i luft og sky): Å snakke eller handle "i lykt å sjy" var brukt om lite tenksam framferd, ofte kombinert med ordet luftslottentrepenør.

Korå/kverjå (kvar/hver): Vart brukt i dagleg tale og med "normal stemme" til ungane, til dømes om fleire fekk nokre eple til deling: "Enj ti kor" (Ein til kvar). Men om brukt: "Å, ej tenkje du styre me noke ta korå/kverjå" og eit mindre mildt tonefall, hadde kommentatoren oppfatta at her var ting som knapt tolde dagslys.

Luftslottentrepenør: Ein person som i "luftige og målande ordelag" beskriv "den endelege løysinga" etter sitt syn (ikkje ulikt "normalpolitikaren" av 2016).

Saudestiri (sauestiren, om det er noko betre: Å "stire" er å sjå sterkt rett fram utan å blunke. Blir og brukt som eit maktmiddel mellom to menneske til skræming): Å sjå tomt ut i lufta med vidopne auger utan at omgjevnadane kjem i kontakt sånn i fyrste omgang. Det blir vel og kalla "å drøyme seg vekk". Om seg sjølv når ein "råde me sej": "Å, ej fekk visst saudestiri". Andre: "Ha, ha, ha. No va tånkanje dine i lykt å sjy. Du fekk aldeles saudestiri".

Von dess: Kommentar til ein "sjølvoppfyllande profeti". - no skjedde noko som var venta. Ein hadde gjerne sagt frå på førehand. Det uttrykker vel samtidig at; "skadefryden er likaste fryden".

Mat og drikke

Dravle: Det er syrna mjølk som vert kokt opp så osten skil seg frå mysa. Ein talerken varm dravle var godt til kvelds.

Glohoppe: Var det ein liten rest brøddeig til overs når brøda vart oppslegne så vart det forma som ei lita flat kake og steikt på vedaomnen. Namnet er vel frå når det var opa grue og steikinga var rett på glørne. I Dalsfjorden sa sume Flatflese om same bakverket.

Skjør: Det er syrna skumamjelk.

Skjørblende: Er skjør blanda med vatn og brukt til «tostedrikk». I slåtten var det vanleg å ha med et spann skjørblende på slåtteteigen. Var det sol vart spanna set i skugge innunder hesa. Skjørblende er syrleg og er vel difor godt å sløkje tørsten med.

Utrykk

Hakka og sleikt: Då er der ingen ting att.

Stallsteden: Det var vel når hesten hadde stede lenge på stall og var litt hard i taumane utrykket kjem frå. Har og haurt sagt at no var eg så stallsteda at eg måtte ha med ein tur ta «gar», garden.