Lokale ord og utrykk (Volda kommune)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lokale ord og utrykk, kva område me skal knyte det til får vise seg etter kvart. Men no i starten, slik det var brukt i min oppvekst i Høydalen.

Arbeid og arbeidsbein

Småredskap:

Blegg: Den er smidd i jern 20 til 25 cm lang 1 tomme brei og ca 1/2" tjukk, smidd ut og kvest til å slå inn i enden på ein stokk. I den andre enden ein smidd laus ring for å tre i eit tau. Dette for å draga eller vri på ein stokk.

Diksle: Det var finhogging av spant på eit båtskrog, eller andre arbeid der skarveøksa var lagleg. Skarvøksa har egga på tvers av skaftet og ei form mellom egg og vedhol som gjer ho egna til å hogge kontrolert i tynne flisar.

Hovd: Det er ein ring laga av bøyeleg truleg stima trevyrke. Einer er vel treslaget som var mest brukt. Den er lagt heilt rundt så endane ligg opp på einannan og skore saman i ei låsing med ei bengsling rundt. Denne var sett inn i midten på børatoget ved at ein la børatoget dobbelt og tredde bukta gjennom hovda og vippa bukta over slik at børa toget stramma rundt der hovda er dobbel. Børatoget vart lagt på marka med hovda i øvstekant. For å legge høy eller gras til børe vart det laga ei kjembe med riva, kjemba vart lagt på tvers av børatoget. Når børa var klar tredde ein togendane gjennom hovda og sette seg på marka og tok børa på som ein ryggsekk. Børatoget måtte justerast slik at ein kunne drage stramt til så børa heldt saman. Børatog på denne måten var også brukt på lauvkjerv. Aasen: Hovd, f. en Bøile, Ring; s. Hogold.

Klogrev: Det har tindar som ei greip men står i 90° på skaftet.

Smokle: Brukt om "finsmiding" i trevirke med kniv. Til smokling brukte ein gjerne utslitne knivar som var slipte korte og tynne og var lette å kome til med.

Gardsredskap og drift

Dette er plog av edel årgang, på 84.3. i Volda. Kan stå som blikkfang og eksempel på gamle redskap.
Foto: Magnar Høydal (2016).

Plogar og horver: Plogar er i mange utformingar frå Arden og fram til dagens lyfte og vendeplogar for traktor. Men dei fyrste enkle plogane som tok over etter Arden var nok eit steg i den vidare utviklinga. Sjå biletet på sida her. Jærplogen produsert av Kverneland, enskjers hesteplog, ein plog med ås og enkelt handtak i tre var mykje nytta her. Den var som høgre og venstreplog og var vanleg i tida før og etter siste krig.

Horver for hestetrekkraft har og vore i mange variantar. Ledda horver av tre med stive rette tindar av jarn, nokre eksemplar av desse kan ein fortsatt finne. Til å spenne for hesten brukte ein plog greidet. For å ikkje ta krapp sving ved snuing kopla ein greidet frå horva og kopla til at på motsett ende. Det gir mindre belastning på den ledda konstruksjonen. Bruksområdet kanskje heile spekteret men held ein knapp på nedmolding når kornet var sått. Seinare kom liknande horver i stål og fjørhorva. Den hadde G forma tindar festa på ein vribar aksling for justering av djupta. Så dukka spa knivharva opp. På nypløgsle gav det eit mykje betre resultat en fjørhorva.

Mosehorva, også kalla; marketadhorva, den var primært brukt til å horve marketad. Ved å køyre over med mosehorva litt etter spreiing av husdyrgjødsel smuldrar denne opp. Den løyser også opp mose så luft kjem ned til grasrota.

Den gamle kjerrevegen mellom Fyrde og til bugen (stort sett isfri) i Høydalsvikane var oppdelt i rode. Steinane mellom rodene stod i vegkanten. Gardbrukarane hadde kvar si rode for vedlikehald av vegen. Her var også mosehorva bra, dei kreative køyrde over nokre gongar så vegen såg nygrusa og pen ut. Trur det var lensmannen eller den han peika ut som fylgde med og godtok arbeidet


Drôg: Drôge oppatt sleden eller for den del færingen. Når sledemeidane vart slitne vart det skapa til og lagt under ei drôg. Då kunne sleden brukast vidare til drôga var utslita og kunne bytast ut med ei ny. På færingen er drôga sett på frå fyrst av for å spara kjølen.

Sledar: I gardsdrift var det mange typer sledar den tida hesten stod for trekkrafta. Ein slede har meidar og for det meste berekna på vinterføre, men det fanst undatak. Sleden var slett ikkje noko dårleg valg på barmark der det ikkje var veg. Aasen: Slede (e’), m. Slæde, Kjøretøi som glider paa Meder. Brugt i flere Former: Slede, Nfj. Sdm., Slie, Sogn; Slee, mange Steder, Slea, tildeels paa Østl., Slae, Smaal. Solør, Østerd., Slada (?), Sla’a, Namd., Slaadaa (Sloddaa), Skogn, Slaae, Ork. Guldal. G.N. sledi; Eng. sled, T. Schlitten. Jf. Slodda, Sloda, Slode. – Sledebrugda, f. Norsk Ordbog opstaaende Kant paa Enden af en Slæde. Sledefar, n. Spor efter Slæder. (Meidd, Laam). Sledeføre, n. Føre til Kjørsel med Slæde. Sledegrind, f. Rammer omkring Læsset paa Slæden. Sledemeid, m. s. Meid. Sledetre, n. Nagler og Støtter i en Slæde. Sledevyrke, n. Træ til en Slæde. Vald. og fl. I Rbg. Sleevirkje. Slegd

Vedasleden: Den var omlag 1,8 til 2m lang. For å køyra ved til gards var det antan «Vedaslede» eller «Vage». Den hadde hynningar både på fremste del og heilt bak og høvde til transport av virke som ikkje var tyngre enn at køyraren lyfta det på sleden, større strongar ikkje så mykje lenger enn sleden. Fremste tverrtreet på sleden var bjørk som hadde vakse i vinkel slik at ein arm stakk rett opp. Med to slike og skøytt saman på midten fekk ein oppståande styringar som heldt lasset på plass, det var desse som vart kalla hynningar. Bak på same måten. Sleden var montert med ståande dreia tappar mellom meiden og tverrtreet. Det langsgåande toppstykket låg opp på hynningane og festa med same same tappane. Sjå bildet. Sleden laga av bjørk som er sterk material. Skjekene var som regel kobla til sleden med veiende. Kvisved, smått virke, ruva mykje når det var lest. For å surre var det gjerne brukt tau, jøratog, trett gjennom sleden og med ein krok i enden tilhoggen av ei bjørkegrein med ei god klyft å legga toget i. Då kan ein drage til og surre fast. Jøring er dialekt frå Gyrda. Aasen: gyrda (y’), v.a. (er, de), omgjorde; især a) ombinde et Læs, rebe, surre: b) baande, sætte Baand paa Kar. Efter Udtalen: gjyra (y’), B. Stift, gjøre, el. gjøle, Østl. Trondh., gjure, Rbg. Tel. gjule (med tykt L), Hall. Particip gyrd (gjørd, gjurd). G.N. girda og gyrda. Nærmest af Gjord, men ellers beslægtet med Gard

Vage: Det er ein kort slede brukt på skogen til å slepe stokkar, sjekene er kobla til vaga med veiende. I andre område kalla stutting. Med denne vart dei tyngre stokkane slept ved at rotenden låg opp på vaga. Då kunne ein og slepe lange og grovare stokkar som gjerne skulle på saga og verta plank. Lessing vart gjort ved at vaga var køyrt inntil rotenden og eit tau eller kjetting smett under stokken slik at ein rulla stokken opp på vaga. I vanskeleg tereng eller dårlege køyrevegar var det vage ein nytta men veiendetjuv kunne då vere ei utfordring. «Veiendetjuv» er ein stein eller ei anna hindring som veiende hukar på og brotnar av.

Mókasleden: Også kalla Lorteslede. Namnet mokaslede er naturleg, det var i den sleden ein skulle køyre mokadungen ut på åker og eng. Mokasleden var utforma med tett gavl framme og bak og avrunda sider. Forma gjorde at den kunne tømast ved å velte den på sida, nokre hadde slede med laus kasse for enklare tøming. Aasen: Mok (o’), n. noget som er sammenmuget (s. moka). Maaskee ogsaa: Møg (= Myk) i Ordene Mokdunge, Mok-kok, Mokslede.

Høysleden: Den var breidare en dei andre sledane og såpass tett i botnen at høy og gras ikkje fall i gjennom. Det var ofte diverse slætte, slåtteteigar, med mykje stein og lite egna for redskap med hjul. Då kom «Høysleden» til nytte også på sommarføre. På vinteren var «Høysleden» brukt til å køyre høy frå høyløder og heim til garden. For å halda på lasset vart det brukt ei tong. Den har eit tverrstykke i begge endar med langsgåande bøyelege ribber mellom og med lengde omlag som sleden. Med tau var denne pressa nedpå lasset framme og bak.

Steinsleden: På hausten vart det gjerne dyrka jord og då var «Steinsleden» i sving. Det er ein lav slede med tverrplankar med opning mellom så mold, jord, gjekk gjennom. Lessing av større stein var med steinbukk, handterlige steinar vart sjølvsagt lest for hand. Oftast skulle steinen køyrast til ein steintipp, røys, eller til ei veite, grøft.

Hjulsleden: Må også ta med ein namnemessig bastard. (Sidan den har slede i namnet får den stå saman med sledar). «Hjulsleden», er ikkje slede i den vanlege tydinga men ei vogn eller kjærre. Som namnet seier går den på hjul. Den hadde ei tippbar kasse med breidde høveleg mellom hjula og lengde på ca 1,5 m og laus gavl bak. Den kassa vart kalla «Hjulslekista». Hjulsleden vart brukt til det meste av transport. Nemner Gjødsel, Mold, Stein og alt som kunne lessast. Må heller ikkje gløyme mjølkespannene som skulle med rutebåten til meieriet.

Høyvogna: Den hadde største lesseplanet, lengde ca 2,3m breidde 1,4m. I kvart hjørne var eit beslag for å sette høygrindane i. Det viser på bildet som ligg under artikkelen, enkelt men fungerte. Den var brukt til all køyring av gras og høy og mangt anna. Hesveden var og greidast å lesse på denne når ein skulle setje opp hesjar. Til høykøyring vart montert høge grinder som høyet vart trakka saman i. Det var ungane sitt arbeid.

Rade: Marketadet, husdyrgjødselen, skulle breidast, spreidast, på åker og eng om våren. Det kunne breidast rett frå hjulsleden eller at det var «rada» på førehand. Det er å køyre ut og legge i små dungar lagleg til å breide. Det vart køyrt med hjulsleden og greve av med greip eller klogrev i passelege dungar. Når ein nerma seg konfirmasjonsalderen så var dette høveleg arbeid.

Sloje: Ei eller to store greiner lagt på marka og lest på gras eller høy. Brukt der det var bratt for å draga det heile med til nedunder bakken. Kan og vere nemnt som ei droge. Aasen har og same tydinga av sloje , utgreiinga er lang så eg tar den ikkje med.

Snórved: Det er dei tynne greinene på eit tred. Før det vart betre økonomiske kår så vart heile tredet nytta. Den beste delen vart brukt til salg og snórveden vart hoggen på stabben med øks. Den var grei til opptending, varmen var vel så som så.

Akte: Den som akta stod for foringa og helt orden på forlageret slik at det heldt til våren. Det var nok same personen som Viska og laga vondela til kvart dyr. Høyet vart drege utor høystålet med høykrok. For å ikkje misse kontrollen skulle høystålet vere på faste punkt til sume merkedagar, mellom anna kyndelsmess då skulle halve formengda vere att. Høykniven vart brukt til å skjere rett ned i høystålet men berre høveleg bak på, nermare golvet nådde ein med høykroken. Når ein grov med nevane innunder høystålet så fekk ein fram mykje høyfrød og ved å slå på kokande vatn og kanskje litt mjøl så vart det ei god «Lodabytte».

Viske: Det er å lage ein høyvondel til kvart dyr. Vondel er ein rund ball med høy og knytt eit band av høy rundt. Dette var måta til å vera høveleg foring for eit måltid. Høvde det slik så vart det viska opp for heile dagen. Dei fleste skjønar vel at dette var før grovforet vart servert som surfor.

Bilder til gardsdrift

Karakteristikkar

Ljøte: Kan vel forklarast med mindre pen men det er no altid augene som ser. Ivar Aasen`s ordbok: ljot (oo), adj. styg, hæslig; grim af Udseende; ogsaa utækkelig, om Skik eller Opførsel. ljøt’e, Sogn, Sdm.


Åløkje: slik ordet var brukt lokalt her så var det sers positivt. Det kunne vera om ein ny færing, kyr, ei kjerre eller kanskje ei ny tenestetaus som kom til bygda. Eg oppfatta det som reaksjon på førsteintrykk. I Ivar Aasen`s ordbok: Aaløkje, n. noget usædvanligt, et Uhyre, en Uting. Nfj. Paa Sdm. i god Betydning om et meget stort og triveligt Dyr. (Dunkelt Ord).

"Lakoniske" kommentarar og "småbeiske" uttrykk

(om no dei uttrykka er mogeleg å forklare)

De vi no ilt vere (det vil no ilt vere/vere ille): Karane brukte dette uttrykket både om seg sjølv og andre i høve åremålsdagar, bryllaup og gravferder. "De vi no ilt vere om inkje enj kvanj finnje noke gott å seie slike dage". (Det vil no ilt vere om ikkje ein kvan finn noko godt å seie slike dagar) . Var det noko som skulle lagast eller gjerast, sådde dei tvil om vedkomande kunne gjenomføre, men kanskje: "De vi no ilt vere om ej/anj ikkje fe ti et kvart". Det vil no ilt vere om ikkje eg/han får til eit kvart.

I lykt å sjy (i luft og sky): Å snakke eller handle "i lykt å sjy" var brukt om lite tenksam framferd, ofte kombinert med ordet luftslottentrepenør.

Korå/kverjå (kvar/hver): Vart brukt i dagleg tale og med "normal stemme" til ungane, til dømes om fleire fekk nokre eple til deling: "Enj ti kor" (Ein til kvar). Men om brukt: "Å, ej tenkje du styre me noke ta korå/kverjå" og eit mindre mildt tonefall, hadde kommentatoren oppfatta at her var ting som knapt tolde dagslys.

Luftslottentrepenør: Ein person som i "luftige og målande ordelag" beskriv "den endelege løysinga" etter sitt syn (ikkje ulikt "normalpolitikaren" av 2016).

Saudestiri (sauestiren, om det er noko betre: Å "stire" er å sjå sterkt rett fram utan å blunke. Blir og brukt som eit maktmiddel mellom to menneske til skræming): Å sjå tomt ut i lufta med vidopne auger utan at omgjevnadane kjem i kontakt sånn i fyrste omgang. Det blir vel og kalla "å drøyme seg vekk". Om seg sjølv når ein "råde me sej": "Å, ej fekk visst saudestiri". Andre: "Ha, ha, ha. No va tånkanje dine i lykt å sjy. Du fekk aldeles saudestiri".

Von dess: Kommentar til ein "sjølvoppfyllande profeti". - no skjedde noko som var venta. Ein hadde gjerne sagt frå på førehand. Det uttrykker vel samtidig at; "skadefryden er likaste fryden".

Mat og drikke

Dravle: Det er syrna mjølk som vert kokt opp så osten skil seg frå mysa. Ein talerken varm dravle var godt til kvelds.

Glohoppe: Var det ein liten rest brøddeig til overs når brøda vart oppslegne så vart det forma som ei lita flat kake og steikt på vedaomnen. Namnet er vel frå når det var opa grue og steikinga var rett på glørne. I Dalsfjorden sa sume Flatflese om same bakverket.

Skjør: Det er syrna skumamjelk.

Skjørblende: Er skjør blanda med vatn og brukt til «tostedrikk». I slåtten var det vanleg å ha med et spann skjørblende på slåtteteigen. Var det sol vart spanna set i skugge innunder hesa. Skjørblende er syrleg og er vel difor godt å sløkje tørsten med.

Uttrykk

Ansløkte: Tydinga her er sjå etter ting eller folk ein har attelet for, omsorg o.l.

Hakka og sleikt: Då er der ingen ting att.

Ottra: Det er å få hesten til å gå bakover, ein komando i samspel med taumane.

Stallsteden: Det var vel når hesten hadde stede lenge på stall og var litt hard i taumane utrykket kjem frå. Har og haurt sagt at no var eg så stallsteda at eg måtte ha meg ein tur ta «gar», garden.

Smide mênke: Er usikker på skrivemåten, men skal tyde det same som minke. Det er meiningslaust tidtrøyte. Det vert forklart med å sitje å smide på ein pinne til han minka vekk. (Ivar Skare f. 1939)

Skofte: Om det var dårleg arbeidsveir så utearbeid var lite meining i så kunne ein skofte. Då nytta ein høvet til å lage skaft, i dialektutale vart det «å skofte». Seinare har ordet skofte fått ei romslegare tyding. (Ivar Skare f. 1939)

Svekkjelse: Dette vart ofte sagt som forklaring, ein slags diagnose, på ein kvann som var sjuk. Høyrde det helst av folk som var fødde rundt 1900.

Kjelder

  • Aasen, Ivar 1973: Norsk Ordbog : med dansk Forklaring
  • Magnar Høydal, f. 1937 etter opplevingar og hugs frå oppveksten.