Lokale ord og utrykk (Volda kommune): Forskjell mellom sideversjoner

→‎Gardsredskap og drift: prøvde å vere forklarande
(→‎Gardsredskap og drift: prøvde å vere forklarande)
Linje 21: Linje 21:
'''Vedasleden:''' Den var omlag 1,8 til 2m lang. For å køyra ved til gards var det antan «Vedaslede» eller «Vage». Den hadde hynningar både på fremste del og heilt bak og høvde til transport av virke som ikkje var tyngre enn at køyraren lyfta det på sleden, og ikkje så mykje lenger enn sleden. Fremste tverrtreet på sleden var bjørk som hadde vakse i vinkel slik at ein arm stakk rett opp. Med to slike og skøytt saman på midten fekk ein oppståande styringar som heldt lasset på plass, det var desse som vart kalla hynningar. Bak på same måten. Sleden var montert med dreia tappar mellom meiden og tverrtreet. Sleden laga av bjørk som er sterk material. Skjekene var som regel kobla til sleden med veiende.  

'''Vage:''' Det er ein kort slede brukt på skogen til å slepe stokkar. I andre område kalla stutting. Med denne vart dei tyngre stokkane slept ved at rotenden låg opp på vaga. Då kunne ein og slepe lange og grovare stokkar som gjerne skulle på saga og verta plank. Lessing vart gjort ved at vaga var køyrt inntil rotenden og eit tau eller kjetting smett under stokken slik at ein rulla stokken opp på vaga.
'''Vage:''' Det er ein kort slede brukt på skogen til å slepe stokkar, sjekene er kobla til vaga med veiende. I andre område kalla stutting. Med denne vart dei tyngre stokkane slept ved at rotenden låg opp på vaga. Då kunne ein og slepe lange og grovare stokkar som gjerne skulle på saga og verta plank. Lessing vart gjort ved at vaga var køyrt inntil rotenden og eit tau eller kjetting smett under stokken slik at ein rulla stokken opp på vaga. I vanskeleg tereng eller dårlege køyrevegar var det vage ein nytta men veiendetjuv kunne då vere ei utfordring. «Veiendetjuv» er ein stein eller ei anna hindring som veiende hukar på og brotnar av. 

'''Mókasleden:''' Også kalla Lorteslede. Namnet mokaslede er naturleg, det var i den sleden ein skulle køyre mokadungen ut på åker og eng. Mokasleden var utforma med tett gavl framme og bak og avrunda sider. Forma gjorde at den kunne tømast ved å velte den på sida, nokre hadde slede med laus kasse for enklare tøming.

Skribenter
1 622

redigeringer