Lokalhistoriewiki:Diskusjonsforum: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Sameland: Lita presisering (grunnlovsparagrafen)
(→‎Fotografier: ny seksjon)
(→‎Sameland: Lita presisering (grunnlovsparagrafen))
Linje 663: Linje 663:
::::Sameland (Sápmi eller Sámi eanan) er ei mogleg og - så langt eg kan sjå – føremålstenleg  nemning for ei forside som kan føre oss ordentleg inn i ein viktig del av lokal- og regionalhistoria i store delar av landet. Men vi har nok ikkje funne den optimale løysinga ved å setje Sameland som sidestilt med Nord-Troms og Midt-Troms og andre av dei lettare geografisk avgrensbare (men sjeldan udiskutable!) distriktsnemningane. Kanskje ville det svare seg betre å ha ''ein'' hovudinngang  til Sameland. Om det da i tilfelle skal stå på linje med geografiske inndelingar i navigasjonsmalane eller gjerast på anna vis, kan vi vel drøfte nærmare, slik Olve er inne på.  

::::I kva grad eller på kva måte er sjølve namnet Sameland kontroversielt? Det blir i alle høve brukt av [[Lars Ivar Hansen]] – ein fagleg autoritet som Gunnar K. ber oss spørje til råds - jf. til dømes Hansens [[Leksikon:Samer|artikkel om samar i NHL]]. Sameland er ikkje noko administrativt distrikt, og sjølvsagt langt mindre nokor statsliknande eining på tvers av nordiske riksgrenser. Det er eit namn på det samla, historiske busetjings- og kulturområdet for det samiske folket, og det spenner geografisk veldig vidt. (Og, Gunnar R., eg held det for å vere eit særnamn med stor førebokstav, som ikkje kjem på linje med (nedsetjande?) samnamn som «bondelandet».)  

::::Den norske staten har særlege plikter overfor den samiske folkegruppa i medhald av internasjonale konvensjonar om urfolk og etniske minoritetar. Dette har mellom anna gjort seg utslag i at samisk språk, kultur og samfunnsliv har fått eit særskilt vern i [http://www.lovdata.no/all/hl-18140517-000.html#110a. Grunnlova], og at samane har eit eige flagg og politiske institusjonar ([[Sametinget]]).
::::Den norske staten har særlege plikter overfor den samiske folkegruppa i medhald av internasjonale konvensjonar om urfolk og etniske minoritetar. Dette har mellom anna gjort seg utslag i at samisk språk, kultur og samfunnsliv har fått eit særskilt vern i [http://www.lovdata.no/all/hl-18140517-000.html#110a. Grunnlova (§110a)], og at samane har eit eige flagg og politiske institusjonar ([[Sametinget]]).
::::Lokalhistoriewikien bør vere seg medviten sitt ansvar for å formidle og vonaleg auke og utdjupe kunnskapen også om denne delen av (lokal)historia. Når det er sagt, må vi slå fast at historieskriving etter etniske skiljelinjer så langt frå er uproblematisk. Det kan lett slå over i etno- og identitetspolitisk aktivisme, og det bør [[NLI]] og lokalhistoriewiki.no halde klår distanse til. Men denne problematikken er sanneleg også relevant i andre typar regions- og distriktsinndelingar som vi opererer med. Er sunnmøringane vestlendingar eller midtnorske? Er nordmøringane trøndske eller vestlandske, eller er dei «berre» nordmøringar? Kva regions- og distriktsinndeling tener den eine og den andre sida i pågåande og framtidige drakampar om nydanning av regionar, kommunesamanslåingar osv? Dette må vi få mykje meir debatt om her! Dei geografiske navigasjonsmalane er eit veleigna utgangspunkt for slik debatt.  

::::Som reint framfinningsverktøy kunne vi ha klart oss godt med dei stortingsvedtekne og offisielt definerte fylkes- og kommuneeiningane. Landsdelsnemningane er derimot varierande også slik dei blir brukt av offentlege etatar. I enda sterkare grad vil eg tru at varierande oppfatningar av kva som er høvelege distriktsnemningar (mellom kommune- og fylkesnivå) gjer seg gjeldande. Men om vi droppa landsdelar og distrikt, ville mykje vesentleg lokal- og regionalhistorisk innsikt lett gå tapt. Det gjeld etter mi meining også om vi gjev opp tanken på ein inngang for Sameland. Men la oss få meir debatt!--[[Bruker:Hans P. Hosar|Hans P. Hosar]] 23. jun 2009 kl. 13:37 (CEST)

Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer