Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-48

Anton Kristensen Ødegaard

Anton Kristensen Ødegaard (1856 - 1928) grunnla i 1899 Indre Smaalenenes Avis. Han verka også som pastor i metodistkyrkja ei rekkje stader i landet.

A. K. Ødegaard vart fødd i Trøgstad i indre Østfold. Faren Kristen Andersen, som var fødd 1810 i Trøgstad og død 1887, var gift med Anne Fransdatter frå Askim, fødd 1822, død 1881. Kristen var sjølveigande bonde. På garden var det ni stort kveg, fire får, og det vart dyrka kveite, rug, bygg, mykje havre, erter og poteter. Det var ein «Tjenestekarl» og ei «Tjenestepige» på garden i 1865.I 1870-åra vart Anton omvend til metodismen. Han fortalde seinare at han ønskte å bli lege, men faren meinte det var ikkje råd. «Du får vera heime og arbeida med jorda, du som meg», sa faren. Og slik vart det inntil Anton var omlag 30 år gammal. Då reiste han ut som forkynnar, og på sin veg land og strand rundt grunnla han også fleire mindre verksemder.Les mer...