Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-50

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto 1988, i framgrunnen Hellisøy fyrstasjon. Busetnaden på Stormark i bakgrunnen med Fjellheim (bnr 21 og 3) nærast.
Foto: Aeronor

Hellisøy fyrstasjon (gnr 173 bnr 1) ligg på ei lita øy i Fedje kommune. Anlegget har eit 32,2 m høgt fyrtårn i støpejern, som står på ein låg granittsokkel. Tårnet er på same måte som Eigerøy fyr i Rogaland fora med teglstein og gråstein som sikring mot bølgeslag. Fyret har 3. ordens linseapparat frå 1903 og maskinhus, bustad, naust og landing, samt tuft etter assistentbustad. Ein støypt veg fører frå landinga opp til bustaden og vidare over ei bru bort til fyret. Hellisøy har forholdsvis gode landingsforhold. Fyrstasjonen ligg mellom to område verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Fyrstasjonen har stor aldersverdi med landets nest eldste støpejernsfyr. Fyrstasjonen har høg grad av opprinneligheit, med linseapparatet framleis i drift. Anlegget har stor miljøskapande verdi sett i samanheng med bygningsmiljø og kulturlandskap på Fedje, og den gamle handelsstaden på Kræmmerholmen. Fedje kommune gjer omvisningar og leiger ut fyret.Les mer...