Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2023-38

Fra lokalhistoriewiki.no
< Lokalhistoriewiki:Hovedside
Sideversjon per 18. sep. 2023 kl. 10:39 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Ny side: {{:Project:Hovedside/Ukas artikkel 2023-37}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei fråflytta øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg gravhaugar og fleire mindre klebersteinsbrot frå yngre jernalder her. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og det høgaste folketalet var 40 personar i 1940. Talet på husstandar var åtte i 1940-åra. Gardbrukarane på den 0,6 kvadratkilometer store øya var fiskarbønder. I 2019 flytta den siste fastbuande frå Lunnøy. Fleire fritidsbustader er bygde dei siste tiåra, og den lokale snøggbåtruta har stjernestopp her.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk, ein såkalla rullestokk, som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Ser ein øya frå nord, skrår ho austover, og dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdragLes mer...