Lunnøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei fråflytta øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg gravhaugar og fleire mindre klebersteinsbrot frå yngre jernalder her. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og det høgaste folketalet var 40 personar i 1940. Talet på husstandar var åtte i 1940-åra. Gardbrukarane på den 0,6 kvadratkilometer store øya var fiskarbønder. I 2019 flytta den siste fastbuande frå Lunnøy. Fleire fritidsbustader er bygde dei siste tiåra, og den lokale snøggbåtruta har stjernestopp her.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk, ein såkalla rullestokk, som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Ser ein øya frå nord, skrår ho austover, og dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag.[1].

Forsøk på å ta ut eit gryteemne. Foto: Anders M. Rabben, 2015.

Gravhaugar og klebersteinsbrot

På ein av dei høgaste haugane, Grefta, ligg ein gravhaug frå yngre jernalder, og ved foten av haugen ligg ei barnegrav. Gravhaugane er ikkje utgravde, men vart tidfesta av ein arkeolog i 1950-åra.[2]

Det er fleire merke etter klebersteinsuttak på øya. I Naustvika og på Grøneviksnakkane er det gryteemne som ein ikkje har greidd å løysa frå berget. Det er funne ei klebersteinsgryte her.[3]. I Gjermundsvika tok ein ut fiskesøkke til snøre og garn- og notstein fram til omkring 1900. Det er funne ei spesiell borvinne som truleg vart brukt til å bora hol i klebersteinen. [4]

Busetjing

Lars Eriksen (1584-1669) rydda Lunnøy i 1630-åra. Sidan han er nemnd som øydegardsmann, var øya busett lenge før, men låg øyde fordi menneska døydde ut under Svartedauden. Lars Eriksen har difor gjenrydda Lunnøy. Fram til 1667 var øya krongods, dvs. at det var kongen som eigde jorda og fekk bygsel- og skatteinntektene. Frå 1667 eigde Peder Andersen bruket, og frå 1684 til 1834 var Enkjefattighuset i Bergen eigar av dei to bruka. [5].

I 1669 hadde Lars Eriksen 10 kyr, hest, geiter, sauer og grisar, og han avla 15 åttingar korn [6]. Storleiken på skatt, skyld, avling og buskap viser at Lønnøy-bruket var større enn gjennomsnittsbruka i Austevoll. Under bruket var det ein husmannsplass der Størch Lundøen var husmann i 1673. Lars Eriksen hadde fiskebruk og jakt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg etter sild og brisling. Salta i tønner frakta han fangsten til oppkjøparar i Bergen og Stavanger. Elles brukte han jakta til føring av ulike varer for andre.

Lars Eriksen var gift med Christi Gundersdotter, og dei hadde seks barn, tre søner og tre døtre.[7] Den tredje eldste sonen, Niels (1629-1708), overtok garden og sjøbruket i 1669, og i manntalet frå 1701 er han oppført som fattig bonde. Grunnen til fattigdommen er mest sannsynleg dei dårlege sildefiskeria dei siste tiåra på 1600-talet.[8]. Samtidig kan dei klimatisk kalde tidene hatt negative verknader på jordbruket. Husmannen er og borte.

Matrikkelførebuinga frå 1723 fortel at det var to brukarar på øya, og dei er oppførte som fattige [9]. Det er framleis to brukarar ifølgje folketeljinga i 1801 [10]. Folketeljinga i 1865 viser at at det var tre bruk her, og alle var leiglendingar og fiskarar. I 1900 hadde øya tre bruk og fire brukarar, og i 1930 var det fire matrikulerte bruk her.

Folketalet

Manntalet frå 1664-1666 fortel at det budde fire vaksne menn på Lunnøy, og dei hadde til saman fem søner som var i byrjinga av 20-åra [11]. Kvinnene vart ikkje talde før i folketeljinga i 1801. Tala i tabellen byggjer på folketeljingane, bortsett frå 1940, 2014 og 2019.

År Folketal
1801 12
1865 21
1891 25
1900 27
1910 27
1920 31
1940 40*
1960 32
1980 4
1990 2
2014 2
2019 0
  • Det vart ikkje halde folketeljing i landet i 1940 pga. krigen. Talet byggjer på Tufteland 1979.

Den nødvendige båten

Det var naturleg at øya hadde gode båtar til ulike gjeremål. Med båten skaffa Lunnøy-folket seg mellom anna nødvendige pengeinntekter. Båtane var færing, seksæring, storbåt (ein stor ro- og seglbåt brukt til fiske, vanlegvis med meir enn tre par årer), jakt, spelbåt (hadde rull, "vinsj", bak til å sveiva inn landnota med), slupp, motorbåtar (sjekter), gavlbåt, skøyte for å nemna dei viktigaste.

Nokre av båtane

Som nemnt ovanfor hadde Lars Eriksen på 1600-talet fiskebruk og jakt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg silde- og brislingfisket.

Spelbåten «Sam» som var bygd før 1900, og denne båttypen som hadde notrull tvers over akterenden, vart brukt til ulike føremål, særleg landnotfiske og fiske på havet med liner og snøre. Båten vart dessutan brukt til å frakta tunge varer til øya, til dømes bygningsmaterialar.

Ole Ottesen Lunnøy (1880-1961) kjøpte ein 60 fots slupp (seglkutter) frå England omkring 1910. Båten fekk namnet «Hardangeren», og blei brukt til makrelldorging i Nordsjøen og drivgarnsfiske ved Island. På Nordsjø-fisket hadde sluppen eit mannskap på 7-8, og i gode sesongar kunne kvar mann oppnå ein lut på omkring heile 400 kroner. På drivgarnsfisket ved Island hadde «Hardangeren» med vel 200 tønner der silda blei salta. Ole slutta brått med fiskeria. På ein norsk fiskarheim på Island kom han i kontakt med tilreisande norske emissærar, og vart omvend. Vel heime i Norge selde han båt og bruk og vart omreisande emissær.

Fiskeskøyta "Lundø" med brislingkast omkring 1950
Foto: Ukjent fotograf.

Den 55 fots store skøyta «Lundø» med einsylindra 25 hk Rubb-motor vart kjøpt til øya som nybygg i 1917 av Hallvard Lunnøy (f. 1892) m. fl. Skøyta vart brukt til notfiske etter brisling om somrane og drivgarnsfiske etter sild om vintrane. På stor- og vårsildfisket vart skøyta og brukt til hjelping, eller boms som denne funksjonen var kalla. Mellom sesongfiskeria låg skøyta sjeldan roleg, og då vart ho brukt til fraktfart. For øyfolket var skøyta nødvendig når det skulle fraktast større og tunge varer til for eksempel husbygging på øya. Når eit brudepar skulle fraktast til kyrkja eller nokon skulle gravleggjast, var skøyta framkomstmiddelet. Ei anna viktig frakt var å føra sauene på øya til fjellbeite i Tysse i Samnanger. «Lundø» vart kondemnert og søkkt i 1965. Etter at skøyta var kondemnert, kjøpte dåverande eigar, Anders Grasdal, gavlbåt. Med den trålte han etter reke i Møksterfjorden og Selbjørnsfjorden, i Bekkjarviksundet og Stolmasundet.

Olav Lunnøy (1901-1967) kjøpte i 1936 ein 31 fots motorbåt med styrhus bak og ein liten lugar framme. Folket på øya kalla båten Korkjen, men er oppført i Merkeregisteret med namnet «Øybuen». [12]. Motorbåten hadde ein 8 hestekrefters Rapp-motor. «Øybuen» vart brukt til følgjebåt for «Lundø» på brislingfisket og på landnotfiske etter sild og makrell og havfiske vest for øyane med line og snøre.

Opne motorbåtar mellom 20 og 25 fot, sjekter som dei blir kalla, kom til øya særleg etter krigen, og no tok seglinga slutt. Hallvard Lunnøy kjøpte den første motorsjekta i 1938, og det var ein ombygd seksæring som fekk innsett ein 4 ½ hestekrefters Sleipner-motor. [13]. Den vanlege motoren i dei første sjektene var Sabb semidisel, ein såkalla oppfyrings-sabb, og frå 1960-åra kom Sabb-diselen.

Skulen

Den første fastskulen kom i 1860-åra, og undervisninga føregjekk i ei lita bu på bnr 1. Bua var trekkfull og vart snart for lita, og frå omkring 1910 (?) fekk elevane undervisning i den eine stova i bustadhusaet på bnr 4. Ordninga var slik: To veker skulegong, to veker fri. Dei to vekene med undervisningsfri var ikkje leksefri. Læraren gav elevane vanlegvis lekser som skulle gjerast til han/ho kom tilbake. Men leksene kom i andre rekkje, for ungane måtte hjelpa til på småbruket og ved sjøen. Difor vart skulearbeidet ofte gjort like før skulen begynte igjen. Det var rekne- og skriveoppgåver, og pugging av salmevers og bibelsogetekstar. Dessutan måtte dei læra utanåt namna på dei høgaste fjella, dei lengste elvane, dei største innsjøane og byane og mykje anna i verdsdelane. Skulen var ei kjærkommen fristund frå det fysiske arbeidet. Elevane konkurrerte om å seia fram det dei pugga frå lærebøkene. [14]. Skulestilar frå 1920-åra viser at dei drøymde seg bort frå den daglege verksemda. [15].

Lærarinne Ingeborg Strømme (f. 1886) var tilsett ved skulen i 25 år. Ho budde på bnr. 3 dei to vekene ho arbeidde på Lunnøy.

Skulehuset på Lunnøy stod ferdig i 1936. Bildet viser huset i 1997 då det var selt og innreia til fritidsbustad.
Foto: Nils Steinar Våge.

Lunnøyfolket jobba i mange år med å få eige skulehus. Kommunen løyvde pengar i 1934, men ikkje nok, og difor måtte folket på øya gjera dugnad. Ein grunnmur etter ei løe vart ordna og tilrettelagt for den nye bygningen. Trematerialar, støypesand og sement henta dei med fiskeskøyta «Lundø» utan vederlag. I mangel på veg måtte materialane berast av både barn og vaksne fram til tomta. Dei løyvde midlane gjekk i tillegg til materialane til faglærte tømrarar. Huset som stod ferdig i 1936, hadde ei skulestove, ein gang og eit kammers. Dei mannlege lærarane budde i kammerset. [16]

Elevtalet for å driva skulen vart snart for lavt, og kommunen truga med nedlegging. Folket løyste løyste problemet ved å få barn av utflytta lunnøyfolk å la eitt av barna sine bu hos slekt på øya og gå på skule der. Etter kvart vart det for få leigebarn, og skulen vart lagt ned i 1959. Dei få skulepliktige barna vart deretter skyssa i open motorbåt til Rabben skule på Selbjørn.

Etter skuletid og i helgane brukte folket bygningen til ulik møteverksemd, kurs og lagsarbeid. Det var som eit grendehus for den vesle befolkninga.[17]

Kommunen selde huset, og det vart ombygd til fritidsbustad.

Lunnøy var ein av dei første 15 skulekrinsane i kommunen som i 1920 innførte nynorsk som opplæringsmål. Lærebøker som kunne skaffast på nynorsk, vart straks kjøpte inn i motsetning til i dei fleste andre skulekrinsane. Ved ein bispevisitas i 1928 i kyrkja på Stolmen var ei 13 år gamal jente frå Lunnøy den einaste som sa fram salmevers på nynorsk frå Landstads salmebok og tekstar frå bibelsoga og Martin Luthers katekisme. Det var den ihuga nynorskmannen biskop Peter Hognestad som stod for visitasen av den tettpakka rekkja av skulungar som stod mellom kyrkjebenkane. Bruken av nynorsk vart grundig kommentert av biskopen, og lunnøyfolket sat og smilte i kyrkjebenkane. [18].

Veg og kai

I 1932 begynte mennene og gutungane å byggja veg frå heimehusa til Gjermundsvika. Vegrbeidet vart gjort som pliktarbeid, det vil seia at kvar husstand måtte arbeida eit visst tal dagar i året. Arbeidet vart gjort med handemakt mellom onnene og sesongfiskeria, og difor gjekk det sakte. Kommunen løyvde pengar til sprengstoff og skytebas, men i 1950-åra fekk arbeidsfolket løn av kommunen for vegarbeidet. Samtidig fekk dei handboremaskin, og det letta minearbeidet som dei til denne hadde utført med bor og feisel. Den omlag 300 meter lange vegen stod ferdig midt i femtiåra.

I 1954 vart det bygd ein 10 meter lang kai. Innbyggjarane søkte om rutebåtstopp, men fekk avslag. Dei måtte halda fram med å borda rutebåten som likevel la til kaien når tunge eller større varer skulle lossast. Seinare fekk øya stjernestopp, og den lokale snøggbåten har i 2024 stopp for dei som skal til og frå fritidsbustadene på øya.

Telefon, straum og post

Det vart fart på utbygginga av telefonen i Austevoll kommunen i 1950-åra, og det vart løyvd pengar til telefonlinje. Lunnøy-folket meinte det var viktigare å få vegen ferdig, og difor gjekk pengane til vegarbeidet. I 1954 vart det lagt telefonkabel frå Selbjørn til Lunnøy. Karane var med og sette opp telefonstolpane saman med folk frå Telegrafverket, og for det fekk dei to kroner timen som vart trekt frå tilknytingsavgifta.

Elektrisiteten kom i 1956 gjennom sjøkabel frå Stolmen. På dekket til fiskesløyta «Lundø» vart det montert kabeltrommel, og straumkabelen vart lagt på sjøbotnen til Lunnøykalven, og derifrå vart det sett opp lysstolpar til busetnaden nord på øya.

I eitt av husa kosta det 515, 45 kroner å leggja inn straum. Mannen i huset reiste straks til Bergen med rutebåten og kjøpte seg tre lysekruner for 238,60 kroner og ny komfyr for 715 kroner [19]. Innandørs lyskjelder som oljelampar og talglysstakar vart rydda bort. Primuslyktene derimot vart framleis brukte når ein i mørke kveldar skulle i uthusa og i naustet.

Lunnøy-folket sin post hadde adresse til posthuset på Rabben på Selbjørn, og den som hadde ærend dit eller andre stader med færingen eller sjekta, henta posten til husstandane på øya.

Utbetring av hamna i Vågen

I 1965 begynte eit lenge etterlengta hamnearbeid med mudring og anna utbetring av Vågen. Det tok 30 år frå den første søknaden vart sendt til kommunen og arbeidet var i gong. Grunnen var at styresmaktene var uvillige til å bruka store summar på ei hamn der det budde så lite folk. Hamnearbeidet var ferdig i 1967, og det vart bygd naust og bryggjer der. I seinare tid har fastbuande og hytteigarar bygd rorbuer, naust og lendingsplassar i Vågen.

Bryllup i Lunnøy i 1946. Brudeparet er Anna Lundøy og Anders Waage.
Foto: Ukjent.

Fiskarbonden og årssyklusen på øya

Frå vi møter den første oppsitjaren på Lunnøy på 1600-talet og fram til den siste i 1970-åra, var gardbrukarane fiskarbønder som kombinerte landbruk og fiske. Det er ikkje utan grunn at ein defininerer fiskarbonde slik: Fiskarbonden var ein mann som dreiv fiske og ei kvinne som dreiv garden. Fiskarbonden var altså eit par: ein fiskar i bukse og ein bonde i stakk. Desse to var hovudpersonane i ein type hushald som utgjorde over 90 % av kystfolket til langt inn på 1900-talet. For at hushaldet skulle fungera, var innsatsen og nærværet til begge partar like viktige, i alle fall som ein økonomisk einskap. Men ulikskapen var stor: Kvinnene levde og fungerte i ein sjølvbergingsøkonomi, mens mennene tilhøyrde ein penge- og marknadsøkonomi.

Nøyaktig tidfesting for omtalen av gardsarbeidet er ikkje fastsett her, men gjeld første halvdel av 1900-talet, og særleg mellomkrigstida. Verken det første eller andre hamskiftet i jordbruket viser seg i liten grad på øya, men hesten som kom til øya like etter krigen, letta jordbruksarbeidet på dei fire bruka. Jordbruket vart drive på ein tungvinn måte, og særleg krevde slåtten mange arbeidshender. Lars Lunnøy uttrykkjer det slik: «Kvar einaste neve, frå ungane sine små nevar til dei gamle og utslitne kvinnene og mennene sine nevar, var like viktige i alt arbeid på land og sjø heile året, og særleg når det gjaldt jordbruket». [20]. Folketalet gjekk ned i heile etterkrigstida, og gardsbruka vart nedlagde eitt etter eitt frå 1960-åra.

Arbeidsåret

Det var kvinnene saman med dei ukonfirmerte barna og dei eldre menneska som tok seg av det meste av gards- og husarbeidet fordi fiskeria krevde at mennene og dei konfirmerte sønene var borte i lange periodar.

Vintersildfisket

I januar reiste gardbrukarane og sønene på stor- og vårsildfisket på større snurpenotfartøy eller på landnot- og drivgarnsfiske. Utrusta med klede av ull og vadmel som kvinnene i huset hadde laga hausten før, drog dei på dette fisket som gjekk føre seg fram til påsketider. Vintersildfisket gav vanlegvis den største delen av pengeinntekta i ein fiskarfamilie, og difor var det nødvendig at så mange som muleg av dei mannlege i familien kunne delta.

Arbeidet på bruket om vinteren

Mens mennene var på fiske, måtte smågutane ofte skaffa fersk fiskemiddag. Dei sette trollgarn og dorga med robåten langs Lunnøy-landet både på milde og sure vinterdagar. Elles måtte dei hjelpa til med nødvendig arbeid i hushaldet. Jentene følgde tett på husmora og bestemora i deira varierte og mangslunge arbeid i bustadhuset og i flor og løe. Både gutane og jentene henta brensel som torv og rekved til den daglege matlaginga og husoppvarminga. Brenselen vart boren i kiper [21] som vanlegvis dei gamle mennene laga, og som kunne tilpassast ungane sin storleik. Fottøyet deira var tresko som og var heimelaga. Den tørre torva var lagra i buer, naust eller andre uthus.

Når det minka på foret i løa, rodde kvinnene og ungane til holmane omkring øya og drog lyng. Var det for lite lyng i holmane, rodde dei til utmarka ved Kolbeinsvik på Huftarøy der Lunnøy-folket hadde rett til lyngsanking. Lyngen vart boren i kiper i det ulende terrenget fram til robåten. Sauene vart sleppte ut så å seia kvar dag slik at dei kunne finna noko å gnaga på, og dermed kunne ein spara lyngen og anna for til kyr og kalvar.

Vassbering både til hushaldet og til dyra frå vasskjeldene var eit anna nødvendig arbeid som ungane vanlegvis stod for. Var det frostnetter, måtte dei knusa isen før dei kunne fylla byttene. Med tresko på beina på glatt underlag var det ikkje alltid byttene var fulle når dei vart sette på kjøkkengolvet.

Vidare inneheldt husmorarbeidet i vinterhalvåret ymse handverksarbeid, stell av barn og gamle som var sjuke , all matlaging og reinhald og mange andre små og store gjeremål.

Vårarbeidet

Ved påsketider tok vårarbeidet til. Ku- og smalemøka vart boren på bakkane i kipe eller kjørt i heimelaga trillebåre. Så følgde spreiinga av møka med greip. Etter eit par veker var møka, som var kalla rygg, tørr, og ho vart raka saman og spreidd utover dei mange potetåkrane. Før potetene skulle setjast, vart ho spadd ned i åkeren saman med tang og tare, for dette gav jorda god næring. No kunne potetsetjinga begynna. Mennene gjorde det meste av dette arbeidet, og vanlegvis sette kvinnene potetene ved hjelp av klure.

Dei få treslaga som fanst på øya, kunne ikkje brukast til brensel. Torv [22] var det viktigaste brenselet. Torvarbeidet begynte vanlegvis i mai, det gjekk føre seg i utmarka og no var heile familien med. Mennene og dei eldste gutane spadde høvelege torvstykke, og kvinnene og ungane sette dei opp på ein høveleg måte for at dei skulle tørka. Omkring jonsok var torva tørr, og vart då anten boren heim i kiper eller frakta med robåtar frå utmarka til nausta. Der eller i små buer vart torva lagra, og henta med kiper til komfyren og stoveomnen så å seia kvar dag.

Over 80 år gamle Nils Olai Lundøy (1870-1964) på veg til løa med høybøre i 1950-åra. Ukjent fotograf.

Slåtten

I den første delen av slåtten var mennene heime, og dei stod då for slåinga med ljå, oppsetjing av hesjer og dei bar inn tørrhøyet i høybører i løa. Kvinnene og barna hengde i hesjene, snudde høyet, raka høyet saman til høysåter og var med og bar inn tørrhøyet i kiper og utslitne kvitlar.

Kyrne var i utmarka frå mai til september. Bruka hadde uteflorar like ved steingarden som skilde inn- og utmark. Tidleg på morgonen og om kveldane gjekk husmora til uteflorane med stølsbytta på ryggen og mjølka kyrne. Når håslåtten var over i september, vart kyrne sleppte inn på heimebøane. Samtidig kom sauene velfødde heim frå sommarbeite i Samnanger-fjella.

Brislingfisket og drivgarnsfisket ved Island

«Lundø» dreiv brislingfiske med snurpenot eit par veker i juni. Dei fleste av mannskapet på 7-8 mann var frå øya. For å kunne vera heime og ta seg av slåtten, gjorde skøyta eit avbrot i fisket.

Nokre få fiskarar hyrde seg på større fiskebåtar som dreiv drivgarnsfiske ved Island. Vanlegvis drog dei midt i juli, og kom tilbake i september. Dette fisket kunne og gje god inntekt. Dei forlet slåtten som kona, ungane og gamlingane stod igjen med.

Synnøve Lundøy (1870-1959) (til venstre) saman med døtrene Gyda, Anna og Marta ved kornstakkane omkring 1930.
Foto: Ukjent fotograf.

Haustarbeidet med korn, poteter og heimefiske

Kvart bruk hadde mange åkrar, og potetopptakinga begynte i september/oktober. Fiskarane var komne heim, og heile familien var saman om opptaket. Først skulle lauvet skjerast, så begynte både menn og kvinner å ta opp potetene anten med greip eller potethakke. Ungane plukka potetene i bytter og kiper, og då arbeidet var slutt i mørkninga, vart dei borne til potetbingane i kjellaren der dei var sorterte etter storleiken. Eitt av bruka hadde eigen jordkjellar der potetene fekk plass.

Kornet vart skore i september, og det var kvinnene som skar det med sigd. Jentene og andre kvinner laga kornband som dei tredde ned på staurar som var festa i bakken. Dette kalla dei kornstakkar. Det tørre kornet vart treskt og drøfta ved hjelp av treske- og drøftemaskinen på øya, og dette tungarbeidet gjorde mennene og gutane. Kornsekkane vart borne til sjøen og frakta med robåt til rutebåten som tok det med seg til ei av kvernene. Tilbake fekk gardsbruka havremjøl og havregryn, og det skulle vara til neste kornhaust.

Heimefisket om hausten vart drive med garn, snøre, liner og teiner. Etter det daglege gardsarbeidet sette gutane og mennene reiskapane i sjø, og grytidleg neste morgon drog dei reiskapane og behandla fisken. Garn- og lineplassar var det mange av i Møkstrafjorden, mens snørefisket gjekk føre seg på fluer rundt øya, i fjorden omkring eller eit stykke vest på havet utanfor dei ytste øyane. Lange, brosme, torsk og lyr vart flekte og salta og hengde under husupsene til tørking, og dette var mat til seinhausten og vinteren. Vart fangstane store, selde dei fisken til oppkjøparen i Kvalvågen på Stolmen der den ferdigsløya fisken vart isa og send til Bergen med rutebåten. Særleg var fiske etter den feite haustmakrellen viktig. Den vart salta i tønner og send med rutebåten til ein oppkjøpar i Bergen som betalte godt. Dessutan røykte dei makrell som gjekk både til hushaldet og til oppkjøparar. Hummar- og krabbefisket kunne gje god inntekt. Ein gong i veka kom oppkjøpar med brunnbåt og henta krabben og hummaren på øyane i kommunen. I tillegg til å syta for at hushaldet hadde fisk, blei det om hausten og like før jul slakta sauer og grisar.

Innearbeidet fram mot jul

Arbeidet til mennene var mellom anna å vøla gardsreiskapar, bøta gamle og bitta nye garn og rua sauene. Kvinnene sat med kardane og rokkane til langt på kveld. I tillegg til alt hus- og omsorgsarbeidet laga dei klede til mennenes neste vinterfiske. Dessutan sytte mennene for at hushaldet ikkje berre hadde fisk til vintermat, men og ei tønne med flesk og ei med kjøt frå sauene og grisane dei slakta. Dei siste par vekene før jul gjekk til juleførebuing.

Fleire landhandlarar vart oppretta på naboøyane frå omkring 1900, og mykje av det som var heimelaga, kunne ein no erstatta med kjøpevarer, og det nytta lunnøyfoket seg av.

Noter

  1. Rygh 1910 s. 248 og Tufteland 1976 s. 134
  2. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  3. Indrelid, Svein: Strilesoga. Nord- og Midhordland gjennom tidene. Bind 1. Bergen 1997. s. 113.
  4. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  5. Skattelister frå 1600-talet (1647, 1657, 1664, 1668)
  6. Tufteland 1978 s. 139
  7. Tufteland 1978 s. 139
  8. Norges kyst- og fiskerihistorie 2014, bind 1 s.
  9. Matrikkelforarbeidet 1723
  10. Folketeljinga 1801
  11. Manntalet 1664-1666
  12. Merkeregisteret 1934-1940, s. 85
  13. Merkeregisteret 1934-1940, s.76
  14. Opplyst av Lars Lunnøy og Marta Våge i juli 1978
  15. Stilbøker frå 1920-åra
  16. Opplyst av Anders Grasdal juli 1999
  17. Opplyst av Anders Grasdal juli 1999
  18. Opplyst av Lars Lunnøy i 10. juli 1978 og Marta Våge i mars 1997
  19. Olav Lunnøys 7de sans 1956
  20. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  21. Store norske leksikon: https://snl.no/kipe
  22. Srore norske leksikon: https://snl.no/torv

Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder

  • Anders Grasdal (1917-2001).
  • Lars Lunnøy (1899-1984).
  • Marta Våge (1915-1999).

Skriftlege kjelder

  • Folketeljingane 1801, 1865, 1900, 1910 og 1920.
  • Manntala 1664-1666 og 1701.
  • Matrikkelforarbeidet 1723.
  • Merkeregisteret for friskeriflåten – Hordaland , nr. 7 – 12, 1920-1969.
  • Olav Lunnøys 7. sans frå 1948 til 1967.
  • Skattematrikkelen 1647.
  • Skattelister 1657, 1664, 1668.

Litteratur

  • Berggreen, Brit: «Kystens kvinner – kystens bønder». I Norges kulturhistorie. Bind 5. Oslo 1980.
  • Gjertsen, Karl Ragnar: «Årssyklusen i ei Nordhordlandsbygd». I Dugnad. Tidsskrift for etnolog. Nr.i 2/1977.
  • Høibo, Roy Annar: Jordbruk og fiske i Austevoll 1890-1920. Magisteravhandling i etnologi. Bergen 1977.
  • Høibo, Roy: «Kvinna sin plass var på bruket». Kronikk i Bergens Tidende 16. januar 1978.
  • Johansen, Karl Egil: «…men der leikade fisk nedi kavet». Fiskarsoga for Hordaland 1920-1990. Bergen 1989.
  • Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne. XI. Kristiania 1910.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
  • Våge, Nils Steinar (red.): Historier og minne frå Lunnøy. Stolmen 1997.

Koordinater: 60.0236652° N 5.1377635° Ø