Lars Eriksen Lunnøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lars Eriksen Lunnøy (fødd 1584, død i 1669) gjenrydda øya Lunnøy i Austevoll, og busette seg der omkring 1630. I tillegg til jordbruket bygde han opp eit sjøbruk. Lars Eriksen var gift med Christi Gundersdotter, og dei hadde seks barn, tre søner og tre døtre. Sonen Niels (1629-1708) overtok garden og sjøbruket i 1669.

Gardsbruket på øya låg øyde fordi menneska døydde ut under Svartedauden i 1349-1350 og i epidemiane som følgde i hundreåret etter. Difor er Lars Eriksen oppført i kjeldene som øydegardsmann som gjenrydda bruket på den 0,6 kvadratkilometer store øya.

Det nasjonale manntalet 1663-1666 viser at det budde fire vaksne menn på Lunnøy, og dei hadde til saman fem søner som var i 20-åra. Dette fortel at Lars skaffa seg arbeidskraft til jordryddinga og til oppbygginga og drifta av sjøbruket. Kvinnene vart ikkje talde her i landet før i folketeljinga i 1769, men dei hadde hovudansvaret for hus- og fjøsarbeidet, for mindre barn, sjuke i alle aldrar, dei tok del i utearbeidet i onnene, laga klede til familien m.m. Til saman budde det truleg omkring 20 menneske på øya på dette tidspunktet.

Gardsbruket

Fram til 1667 var øya krongods, dvs. at det var kongen som eigde jorda og fekk bygsel- og skatteinntektene. Frå 1667 eigde matros Peder Andersen frå Bergen bruket til omkring 1680 då Enkefattighuset i Bergen overtok eigarskapen og fekk bygselavgifter frå brukaren og seinare brukarar fram til 1834. Sonen Niels (1629-1708) overtok gards- og sjøbruket i 1669. Husmannen Størch Lundøen vart knytta til bruket i 1673. I førearbeidet til matrikkelen i 1723 er det oppført to bruk på øya.

Jorda på Lunnøy var god, og det viser storleiken på buskapen og kornmengda. I 1657 er det oppgitt at Lars hadde ein hest, fem kyr, to ungdyr (stutar og/eller kviger), seks geiter, fem sauer og ein gris. Såpass stor buskap og kornmengde måtte han ha til denne store huslyden. I 1668 var talet på kyr auka til 10, og det er oppgitt at han avla 15 åttingar korn. (Ein åtting er eit kornmål, og blei brukt om ei åttendels korntønne som var på 162 liter.) I 1723 vart det avla sju tønner havre på dei to bruka.

Det kunne vera vanskeleg å skaffa nok vinterfor til buskapen. Tilleggsfor som lyng henta dei på dei holmane som låg ved øya, og tang og tare som vart blanda i anna for, skar dei med sigd eller annan kvass reiskap i strandkanten langs øya. Både utmarka og holmane var beitestader for husdyra i sommarhalvåret.

Det var kvinnene som stod for det daglege gardsarbeidet saman med ungane og dei gamle når mennene var på sesongfiskeria.

Teikning av ei jakt oppmålt i 1762 i Fredriksværn (Stavern). Nokolunde slik såg jakta til Lars Eriksen Lunnøy ut.

Sjøbruket

Lars Eriksen kjøpte seg ei jakt som særleg vart brukt til å frakta fisk til oppkjøparar, men og til frakt av ulike varer for andre. Sonen Nils dreiv jakta for faren frå midten av 1640-åra, men saman med dei andre mennene på øya dreiv dei begge brislingfiske om sommaren og andre sildefiskeri ulike tider på året. Til landnotfiske trongst det fleire båttypar. Nota vart kasta frå ein såkalla storbåt som hadde fire par årar, og i tillegg trongst to-tre mindre robåtar til slikt fiske. Til sildefisket vart det og nytta garn. Båtar og børnskap var store utgifter. Salta i tønner vart fangstane frakta med jakta til oppkjøparar i Bergen og Stavanger som tok seg av fiskeeksporten.

I tillegg brukte lunnøymennene mange ulike slag fiskereiskapar til heimefisket og til havfisket på fiskeplassane, dei såkalla méda, vest for dei ytste øyane i Austevoll. Både desse og andre fiskereiskapar laga mennene sjølv. På havet vart det særleg fiska med havsnøre og liner. Eitt av fiskeméda fekk namnet Lunnøymannen, og det var oppkalla etter mennene frå Lunnøy som dreiv godt fiske der.

Sidan Lars og sonen Niels dreiv fraktfart, hadde dei høve til å få tak i varer av ulike slag som kunne vera til hjelp og nytte for hushaldet og elles. Sjølv om det var ulovleg for andre enn handelsmennene i byane til å driva handel, var det likevel mange som greidde å skaffa seg varer ved å gå utanom dei.

Sjå elles

Lunnøy

Kjelder og litteratur


Koordinater: 60.0236652° N 5.1377635° Ø