Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-2

Fra lokalhistoriewiki.no
< Lokalhistoriewiki:Hovedside
Sideversjon per 5. jan. 2024 kl. 11:59 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Ny side: {{:Ragnhild Knutsdotter Villand (1767–1804)}}''Les meir...'')
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei blå ringane markerer frå aust til vest gardane Villand, Annfinnset og øvre Larsgard. I fjellbygdene Hovet og Sudndalen i øvre Hallingdal var det på 17-1800-talet 30-35 gardar. På 1700-talet fanst her 45 husmannsplassar. Talet auka til 54 på 1800-talet. Det var derfor mange fleire eigedomsnamn på det gamle kartet enn på dagens kart (sjå nedanfor). Kart handteikna av Schie, 1849. Kjelde: Kartverket.

Ragnhild Knutsdotter Villand vart fødd i fjellbygda Hovet i 1767, døypt 27. juni same år i Ål prestegjeld i øvre Hallingdal. Ho var ugift tenestjente, mor til tre «uægte børn» med to forskjellige fedre. Eit unikt liv som tenestjente, men samstundes med mange fellestrekk for kvinner i hennar stand. Ho døydde i Bergen 21. desember 1804.

Dette er soga om eit forvitneleg kvinneliv på slutten av 1700-talet. Ragnhild var nummer tre i ein syskjenflokk på åtte, tre jenter og fem gutar. Alle jentene var fødde utanfor ekteskap. Dei var synlege bevis for samleie utanfor ekteskap, det som vart kalla leiermål. Eldste systera døydde som liten. Ragnhild gjekk i bygda si omgangsskule.  15 år gamal (14. juli 1782) stod ho konfirmant. I Hovet budde ho dei fyrste 17 år av livet. Seinare finn vi henne i Sande i Vestfold, i Christiania (Oslo) og i Bergen, der ho i 1804 døydde i barselseng. Ho var ugift, tenestjente og mor til tre «uægte» ungar. Ragnhild var dotter av Knut Villand Annfinnset (1741–1782) og Ågot Guttormsdotter øvre Larsgard (1741–1813). Ho var av godt folk, og voks opp i ei sjølvhevdande ætt, i ei fjellbygd i eit prestegjeld (Ål) med landets høgaste drapsfrekvens. Les meir...