Ragnhild Knutsdotter Villand (1767–1804)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei blå ringane markerer frå aust til vest gardane Villand, Annfinnset og øvre Larsgard. I fjellbygdene Hovet og Sudndalen i øvre Hallingdal var det på 17-1800-talet 30-35 gardar. På 1700-talet fanst her 45 husmannsplassar. Talet auka til 54 på 1800-talet. Det var derfor mange fleire eigedomsnamn på det gamle kartet enn på dagens kart (sjå nedanfor).[1] Kart handteikna av Schie, 1849. Kjelde: Kartverket.
Kart over Hovet. Dei blå ringane markerer frå aust til vest gardane Villand, Annfinnset og øvre Larsgard. Kjelde: Kartverket.

Ragnhild Knutsdotter Villand vart fødd i fjellbygda Hovet i 1767, døypt 27. juni same år i Ål prestegjeld i øvre Hallingdal. Ho var ugift tenestjente, mor til tre «uægte børn» med to forskjellige fedre. Eit unikt liv som tenestjente, men samstundes med mange fellestrekk for kvinner i hennar stand. Ho døydde i Bergen 21. desember 1804.

Dette er soga om eit forvitneleg kvinneliv på slutten av 1700-talet. Ragnhild var nummer tre i ein syskjenflokk på åtte, tre jenter og fem gutar. Alle jentene var fødde utanfor ekteskap. Dei var synlege bevis for samleie utanfor ekteskap, det som vart kalla leiermål. Eldste systera døydde som liten. Ragnhild gjekk i bygda si omgangsskule.  15 år gamal (14. juli 1782) stod ho konfirmant. I Hovet budde ho dei fyrste 17 år av livet. Seinare finn vi henne i Sande i Vestfold, i Christiania (Oslo) og i Bergen, der ho i 1804 døydde i barselseng. Ho var ugift, tenestjente og mor til tre «uægte» ungar. Ragnhild var dotter av Knut Villand Annfinnset (1741–1782) og Ågot Guttormsdotter øvre Larsgard (1741–1813). Ho var av godt folk, og voks opp i ei sjølvhevdande ætt, i ei fjellbygd i eit prestegjeld (Ål) med landets høgaste drapsfrekvens.

Bønder og plassfolk i fjellbygdene

Husmannsplassen Kalvehagen i Hovet. Plassfolket var sesongarbeidskraft. Utan husmennene vore det ikkje mogleg drive gardsbruk slik dei gjorde på 1700-talet i fjellbygdene i øvre Hallingdal. Dei var ei viktig drivkraft for utviklinga mot dagens velferdssamfunn.
Foto: (Truleg) Sverre S. Reinton, Hol Bygdearkiv. (1917-1920).

I Hol var 1700-talet eit hundreår med økonomisk framgang, bureising og nydyrking, særleg på slutten av hundreåret. Nye gardar og nye grender voks fram. Talet på husmannsplassar auka også. Ei opptelling for bygdene Sudndalen og Hovet viser at med kring 30-35 gardar, var det på 1700-talet kring 40 husmannsplassar, i gjennomsnitt 1–2 plassar under kvar gard. På 1800-talet steig talet til 54. Her henta bøndene sesongarbeidskraft til intensive onnetider, især i sommarhalvåret. Utan arbeidsinnsatsen frå plassfolk vore det ikkje mogleg drive gard i fjellbygdene på 1700-talet, skriv Reinton.[2] Nils Olav Østrem meiner husmennene var ei sentral drivkraft i utviklinga av velferdssamfunnet i norsk historie.[3] Under heimgarden til Ragnhild Knutsdotter Villand, Annfinnset, høyrde tre husmannsplassar. Garden var opprinneleg to stølar som i 1763 vart til gard, gnr. 33 bnr. 6, eldre matrikkelnr. 22 Inr. 416, eldre skyld 2 dlr. 10 skl., nyare: 3,04 mark.[4] Den låg i ei lun, sørvendt li, kring 720 meter over havet.

Fjellet og stølsdrifta var av stor betydning for næringslivet i fjellbygdene.[5] Her jakta dei rein og elg, raudrev, fjellrev og ulv. I fjellvatna tok dei fjellaure. I heimliene dreiv dei snarefangst av ryper og skaut storfugl. Pelsverk og slakt var viktige eksportvarer. På sommarbeita nord for Hallingskarvet feita dei opp driftefe som vart seld på marknadene på hausten.

Stølane var lagt nennsamt i landskapet, som her i ei sørvendt skål med inngjerda natureng som vart onna etter at slåttonna på heimgarden var unnagjort. Gjetleungane måtte passe på at ingen dyr tok seg over utgardane. Hallingskarvet tronar med kvit kappe på mot sørvest.
Foto: Ukjent, Hol Bygdearkiv (1930-1950).

Stølen var viktig i fjellbygdene. Her produserte budeiene ost og smør for eksport. Avdråtten frå stølen avgjorde kor mange dyr garden kunne seta på komande vinter, og kor mykje som måtte slaktast. Det høyrde to stølar til Annfinnset, ein langstøl i høgfjellet og ein heimstøl. Der sat truleg mor til Ragnhild med ungeflokken sommarstid. Naturenger rundt stølshusa vart onna, slik storrgraset vart det på myrene. På stølen var budeia sin eigen herre. Stølslivet var helsebot for både folk og fe, skriv Reinton.[6] Trass lange og ofte slitsame dagar, buførde mangt eit barn heimatt med gråt i halsen, slik Halldis Moren Vesaas skriv så vakkert om i diktet «Siste dagen i fjellet».[7]

Ragnhild i Annfinset (1767-1784)

Tidleg krøkast den som god krok skal bli... Ungane var med i all slags arbeid etterkvart som dei vart store nok til det. Jentene gjekk i læra hjå mor og andre kvinner på garden, gutane lærte av far og andre menn.
Foto: Ukjent, Hol Bygdearkiv.
Døden var aldri langt unda på 1700-talet. Ein etter ein døydde fire av småbrørne til Ragnhild i barnekoppar i 1780. To år seinare døydde den siste veslebroren.
Foto: Olav S. Reinton, Hol Bygdearkiv (1913).

Rammene for dagleglivet var garden. Den var ei produksjonseining med kjønnsbasert arbeidsdeling. Begge kjønn var naudsynte for drifta, men likestilte var dei ikkje. Etter dei patriarkalske lovene i eineveldet Danmark-Norge var bonden den overordna i hushaldet.[8] Dagleglivet var ordna etter årstidene og døgnet sine rytmer. Folk og dyr skulle ha dagleg stell i heim og fjøs til faste tider, året rundt. Kvar årstid hadde sine onner. Alle var med, og alle vart sett i arbeid alt etter alder og kjønn.

Men det var også rom for leik og leven. Leiken er ungar si livsform. Gjennom leiken lærer dei seg naudsynte ferdigheiter, men leiken er også med å modne ungar fysisk, emosjonelt og kognitivt. I den frie leiken tileignar dei seg sosiale og kulturelle kodar.[9] I Annfinnset var berg å klyve i, her var bekkar med små fossefall som kryssa jordene på veg mot Storeåne i dalbotnen, og som vart til is å skli på, og her var bratte bakkar å aka i vinterstid. Mellom, i og under husa fanst tallause gøymestader. Killingar, lam og kalvar var morosame leikekameratar utover sommaren. Kniven fekk dei sikkert lære seg bruke til nyttige ting frå dei var småe. Ho såg vel etter dei, storesyster, men var ho opptatt med anna arbeid, måtte dei bel i myljo klare seg på eigen hand.

På garden var dei med i ein flokk som måtte dra saman for å overleva. Det var alvor. Her var Ragnhild storesyster for fem småbrør. Barnekoppane tok fire av dei i 1780. Den siste døydde to år seinare. Døden var aldri langt unda, enten han råka heime eller i bygda. Døden må ha rissa sine tidleg spor i storesyster-sinnet.

I heim og bygd, i arbeid, leik og festlege samkome, vart ho sosialisert inn i den lokale kvinnerolla, som m.a. var å vera lydig og underordne seg autoritetane, far og ættas øvrige menn. Opplæringa i omgangsskula, konfirmasjons-førebuingane, forsterka innlæringa. Ho fekk døden nær innpå livet. Var det andre erfaringar ho tok med frå barndomsheimen? Kan hende får ein vita noko om det ved å bli nærare kjent med mor og far til Ragnhild.  

Ragnhild si mor: Ågot Guttormsdotter Øvre Larsgard

Mor til Ragnhild, Ågot Guttormsdotter, frå øvre Larsgard i Nord-Hovet, var fødd i 1741 og voks truleg opp på det som i dag heiter Bakken (sjå kart). Ho var den eldste i ein syskjenflokk på fire. I 1768 gifta ho seg med Knut Olson Villand. Dei busette seg på garden Annfinnset i Nord-Hovet, som Knut hadde kjøpt i 1766 (sjå kart). Før det, hadde ho rekt seta tre ungar til verda, utanfor ekteskap. Knut var far til alle tre. Ragnhild var leiermål nummer tre for Ågot, og nummer fire for Knut. Han vart far til eit barn som ei anna bygdejente vart mor til same året som Ågot nedkom med barn nr. to.[10] Leiermål er samleie utanfor ekteskap. Graviditet var sjølve beviset på umoralen, forbunde med skuld og skam, og brutalt straffa. Samleier utan slike bevis hadde dei rimelegvis liten kontroll med.

Det er ikkje mykje meir skrive om Ågot sin bakgrunn i bygdesoga.

Ragnhild sin far: Knut Olson Villand

Far til Ragnhild, Knut Olson Villand, var den yngste av fire sønner som Ragnhild Ellingsdotter Villand fekk med sin mann nr. to, Ola Fossgard. Knut voks opp på garden Villand i Hovet (sjå kart).

Han voks opp i ein heim med mange harde ord og fysisk vald. Så vidt gjekk det at mor hans tok far hans for retten i 1749. Knut var 8 år gamal. I 1751 vart siktinga utvida til å omfatte odelsguten frå fyrste ekteskapet, Tolleiv, som under eit drikkeras også hadde øvd vald mot Ragnhild. Ho nekta han meir å drikke. Han vart meldt for si brutale framferd, ikkje berre av mor Ragnhild, men også av kona si, Kari (ho trekte seg seinare frå søksmålet) og eldste halvbroren, Ola. Då mora døydde under rettssaka i 1752, tok Ola saka vidare. Det var dødsstraff for å leggje hand på foreldra sine, og Tolleiv vart i 1753 dømt til døden. Domen vart stadfesta i 1754, men omgjort til livsvarig fengsel. I 1757 slapp han likevel ut, etter søknad om benådning frå kona.[11]

Knut var 11 år då mor hans døydde. Han tydde til far sin, skriv Reinton (1939). Seks månader seinare vart han også farlaus. Alt dette rissa seg inn i eit gutesinn. Han hadde sju storebrør. Dei var kjende som Villands-kjempene. Alle var handelskarar, dyktige bønder og velståande og mektige folk i Ål prestegjeld. I dårlege tider lånte dei ut pengar mot pant i garden, som dei i neste omgang slo under seg når låntakaren ikkje klarte betala gjelda. Ætta var nemmast for bygdeadel å rekne, slik ho er framstilt av Reinton i soga om bygda og ætta. Han hadde truleg for mykje leva opp til, minsteguten i Villand, og ei for tung mental bør handskast med. Så tedde han seg i staden som villmann.

Som storebrørne sine, var Knut handelskar. Han handla hest og fe. Handelen kasta ikkje av seg som forventa. I 1779 måtte Knut selja Annfinnset, men fekk halde fram med å bu og drive. Han var ikkje på høgde med dei andre Villand-karane. På veg heim frå ei handelsferd til Kongsberg i 1782, vart han liggjande sjuk på garden Grasvik i Sigdal. Det gjekk over styr for han. «Den ljøte» (djevelen) tok han, og kasta han i peiselden fleire gonger, heiter det. Det følgde vanære med sjølvmord. Knut var fødd inn i ein velståande familie, men den mentale børa han hadde med heimanfrå var kan hende for tung bera for han? Han er gravlagt i Sigdal.[12]

Valdsbruken mot tenestfolk, kvinner og barn var og blei legitim og utbreidd i perioden, men kor utbreidd valden var, veit ein lite om, heiter det i Norsk historie II 1537–1814.[13]

Frode Brenden Reime gir i si interessante hovudoppgave i historie om valden i Ål prestegjeld på 1700-talet[14] sitt bidrag til å tette dette kunnskapsholet.

Folketalet i Ål prestegjeld auka frå kring 2750 på tidleg 1700-tal til kring 3750 mot slutten av hundreåret. Mangt var her som i landet ellers, men i eitt skilde øvre Hallingdal (Ål prestegjeld, i dag Ål og Hol kommuner) seg ut: Ingen stader var drapsfrekvensen høgare enn her. I Ål prestegjeld var det 47 drap på 100 år, eitt drap kvart anna år i gjennomsnitt, med ei opphoping dei siste tiåra med 27 drap. I dei fyrste ti åra Ragnhild budde i Hovet (1767–1777), var det ti drap, eitt drap kvart år. Ein merkar seg ellers at ingen drap fann stad i dei verste uårsperiodane, som til dømes 1740–1743 og åra kring 1780. Drapsfrekvensen i Ål prestegjeld toppa valdsstatistikken, i Norge og i Norden.[15] Dette set Brenden Reime i samanheng med topografi, geografi og lokal kultur, der kniven var sentral og festkulturen prega av fyll.

Kniven sat forvisst laust i hallingens slir. Menn drap menn med kniv. Kulturen i øvre Hallingdal synest tufta på eit maskulinitetsideal med høg aksept for vald som «konfliktløysar». Parra med pietismens dydsideal vart det ei blanding som kunne gå hardt utover kvinnene.      

I den solide og eineståande bygdesoga for Hol, hevdar Lars Reinton at forsøka på kontroll og styring av villskapen frå kongane i København hadde heller liten gjennomslagskraft lokalt.[16] Folk gjorde som dei alltid hadde gjort, men dei murra mot dei materielle tyngslene den København-styrte øvrigheita påla dei. Om dei murra mot straffene som ramma kvinnene på urimeleg vis, så går ikkje det fram av bygdesoga.

Vald i heimen – eit nedtagd tema

Såvel Reinton som Brenden Reime har bidratt til å kaste lys over valden menn utøvde i det «offentlege rom» i fjellbygdene i øvre Hallingdal på 1700-talet. Det vart, som vist, også utøvd vald i heimen. Denne valden var det gamle Ragnhild Villand kom til å eksponere og seta ord på då ho tok mannen sin til retten i 1749, utvida til å omfatte eldste sonen i 1751. Ho braut med togna som rådde i bygdene om dette temaet. Det var ufatteleg modig gjort, og ho hausta, kan det sjå ut til, liten fagnad for motet sitt. Lars Reinton sine lokale kjelder gjer det klart at dette er eit tema dei ikkje vil snakke om, og bygdebokforfattaren sjølv meiner mishandlinga kan forklarast med at den dels hadde skjedd over lang tid og for lenge sidan, og dels med at den for det meste vart utøvd etter at rettssaka var i gang. Då var det ikkje rart det vart som det vart, meiner han.[17] Ein forvitneleg ståstad for ein faghistorikar? Og slik forblir vald i heimen, eller vald i nære relasjonar i dagens språkbruk, eit nedtagd tema i bygdesoga.

Pietismen og lovene – strukturell vald

Lovene er viktig for å forstå kvinnene sine levde liv. Norge var lenge eit foregangsland kva gjeld lovgivning og kvinners stilling i samfunnet. Middelalderens kvinner var ganske synlege i lokalsamfunnet. Men, seier rettshistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde, slik held det ikkje fram. På 16- og 1700-talet slutta Norge å vera eit foregangsland på dette området.[18]

Under eineveldet skulle moral byggjast med loven i hand, med Bibelen som forelegg. Norsk Lov av 1687 var gitt av den eineveldige kongen (Christian V) i København, men den var strengare enn det var grunnlag for å lesa eller tolke ut av Bibelen som Guds vilje, meiner Øyrehagen Sunde. Det var eit medvite val for at ein skulle vera heilt sikker på at samfunnet straffa så strengt at Gud ikkje vart harm og straffa heile samfunnet, og at ein så langt som råd var hadde kontroll over kvinners seksualitet. I jordbrukssamfunnet var det viktig halde orden på arveeigenskapar og eigedomstilhøve. Banda som historisk er lagt på kvinners seksualitet har gjerne fått metafysiske forklaringar, men har nok hatt langt meir praktisk-pragmatiske årsakar, understrekar Øyrehagen Sunde.[19]

Leiermål – kontroll med kvinners seksualitet

Den seksuelle synda, som vart strafferettsleg regulert frå byrjinga av 1600-talet, var særleg 1) leiermål, som var seksuell omgang mellom ugifte, 2) hor, som var når ein av seksualpartnarane var gift, og 3) blodskam, som var seksuell omgang med tremenning eller nokon i nærare slekt, nokon ein var i svogerskap med, eller seksuell omgang mellom stesøsken, eller stebarn og steforeldre. Sodomi, omgang med dyr, vart likeså hardt straffa.

Lausungar, eller uægte børn, som dei heitte i statistikken, dvs. barn fødde utanfor ekteskap, var det mange av på 1700-talet. Ragnhild Knutsdotter Villand var sjølv ein av dei. Det vanlege var at mødrene oftast sat att med skuld, skam og ansvar aleine, mens mennene slapp billigare unda. Men mor og far til Ragnhild synest å ha tatt ansvaret for ungane dei fekk saman.  

Kring midten av 1700-talet vart straffa for tredje leiermål for kvinner omgjort frå offentleg pisking til tukthus, om dei ikkje gjorde opp for seg økonomisk. Men det var ikkje før i 1812 at straffa for leiermål vart heilt avskaffa. Ågot skulle derfor etter lova ha kome i tukthus då Ragnhild kom til verda i 1767.  Ho og Knut gifta seg i 1768. Det fekk ein berre lov til etter å ha konfirmert seg. Det går fram at ingen av dei var konfirmert då Ragnhild kom til verda. Reinton gir ingen informasjon om denne delen av livsløpet hennar. Men vi veit at Ågot og Knut gifta seg før fyrste sonen, Ola, vart fødd i 1769.

Drap på kvinner og kvinner som drap

Fire kvinner vart regelrett myrda av menn dette hundreåret. Brenden Reime syner at drap på kvinner i Ål prestegjeld ofte hang saman med graviditet. Tre av kvinnene vart myrda utan at andre såg det. For desse tre morda vart gjerningsmennene frikjende, endå det ligg i korta at dei var skuldige.[20]

Eit viktig både retts- og kulturhistorisk poeng her er at mens menn ikkje kunne bli dømde utan vitne til gjerninga, så vart kvinner dømde for fosterdrap på tross av at desse handlingene ikkje hadde vorte observert av vitne.[21]

Kvinner vart også mordarar. Mange spedbarn vart liggje i hel i foreldresenga. Kvinnene fekk skulda, og dette gjaldt også drap i dølgsmål, det vil si å ta livet av den nyfødde i løynd. Kvinner som vart skulda for drap i dølgsmål og dømde for dette, var den største enkeltgruppa blant mordarar på 1700-1800-talet.[22]

Folk snakka sikkert seg imellom om valden og alle drapa, om opprør og opprørarar, og Ragnhild fekk nok høyre både om gommo si, gamle Ragnhild Villand, onklane og slåsskjempene i ætta ellers under oppveksten. Far hennar må ha gått gjennom livet som ein traumatisert mann, til skade for seg sjølv og andre. I slike heimar vart ungar involvert i valdsdrama ingen ungar skulle oppleva, truleg også Ragnhild og barneflokken i Annfinnset.

Samfunnet og fjellbygdene endra seg utover i hundreåret. Det var økonomiske oppgangstider. Folk fekk meir rutte med. Kunst og kultur fekk ei blømingstid. Mykje endra seg også i Ragnhild Knutsdotter Villand sitt unge liv.  Også om henne må ein kunne si at ho alt i alt følgde den samfunnsmessige trenden.

Dei stig i tenest utanfor bygda

Ragnhild vart konfirmert 14. juli 1782. Eit par veker seinare, 4. august, tok far hennar livet sitt i Sigdal. Ho, mor hennar, storesyster Margit og minstebroren Ola budde enno to år til i Annfinnset.  I 1784 mista Ragnhild den siste av småbrørne sine. Ola vart to år gamal. Dei fire fyrste  strauk, som nemnt, med av barnekoppar i 1780.  Ein etter ein av småbrørne hennar berre døydde.  Ragnhild var 17 år. Av ein ungeflokk på åtte, var to att. Same året kom garden atter for sal, og uår herja igjen fjellbygdene i øvre Hallingdal. Alle desse faktorane: salet av garden, Knut sin ærelause død med påfølgjande statusfall for familien, uår og ein lokal arbeidsmarknad med lite rom for desse tre, og dertil andre ting vi ikkje kjenner til. Det var ikkje mykje opplyftande, og i 1784 forlet Ragnhild, Margit, og mor deira, Ågot, heimbygda for godt. Kvar vart det av dei?

I folketellinga 1801 er Ågot Guttormsdotter Villand registrert som tenestjente på Selvig gard i Sandebukta nord i Vestfold. Ho gifta seg ikkje oppatt, og vart buande i Sande til ho døydde i 1813.

Eldstedottera, Margit Knutsdotter Villand, f. 1765, tente fyrst på Tingelstad i Sande, seinare var ho på Gunnestad gard, ein av fleire store gardar på flatene sør for dagens Holmestrand by. Gardane var vel kjent i fjellbygdene i Hallingdal. Mange hadde hatt og skulle koma til å stige i tenest der. T.d. var Anne Jensdotter Sletto, mor til forfattaren Olav Sletto, fjøsbudeie på Gunnestad på slutten av 1800-talet. I 1816, 51 år gamal, gifta Margit seg med enkemannen Ola Hanson Selvikeie. Ho døydde barnlaus i 1835. Då var ho kring 70 år.[23]

1789 - Ragnhild i Christiania – Pibervigen og Dronningens gate 7

Frå Bakkegata i Piperviksstrøket i Christiania før rådhusreguleringa. Småhusa med plankegjerder låg omtrent der Haakon VIIs gate ligg no. Folkelivsgranskaren Eilert Sundt skildra i 1858 området som slum. Tiltak for å betre tilhøva feila. Fattigdomen hadde bite seg fast.[24] Ein måtte langt utpå 1900-talet før det vart betre. Blyantteikning av Eivind Amandus Espelid, 1913.

Også Ragnhild Knutsdotter var eit par tre år i Sande, kan det sjå ut til. Derfra gjekk hennar ferd vidare til Christiania, som byen Oslo vart kalla frå 1624-1877.

Ved folketellinga 1801 hadde byen kring 9000 innbyggjarar. Christiania var garnisonsby, men rekna som småby. Næringsgrunnlaget var knytt til handel og trelasteksport. Mot slutten av 1700-talet fekk byen ein kraftig økonomisk oppsving.

I 1789-90 var Ragnhild, 22 år gamal, tenestjente i Pibervigen hjå ein gardeigar, Ola Nilson Tømmerås, som historikaren Asgaut Steinnes meiner kom frå garden Tømmerås i Sande. Han var fiskar, og gift. Pibervigen var rein slum, og bustad for dei fattigaste. Her held dei prostituerte til. Hit søkte byens unge soldatar og dei betrestilte menn for moro mot betaling. Her fekk Ragnhild den 2. februar 1790 det fyrste barnet sitt utanfor ekteskap. Ho var 23 år. Guten kalla ho Ole. Faren var Sanberg Petersen, ein engelskmann. Meir veit ein ikkje om han. Før ho flytta frå Pibervigen hjelpte ho ei anna gravid tenestjente, så ho fekk bu hjå Tømmerås til barnet hennar vart fødd.[23]

Korleis var det mon vera Ragnhild Villand, fødd i ei liten fjellbygd, uekte barn ved mors tredje leiermål, med ein sers brutal far, der uår, vald og død herja med hennar næraste, via tenest på storgardar på flatbygdene i Sande, til dette førmoderne bylivet i verste slumområdet i Christiania? Det får vi aldri vita, men kanskje kan ein tenkje at Ragnhild hadde opplevd så mykje skakande i sitt unge liv, at det skulle meir til enn gjørmete og larmande gater, fyll og byfattigdom før ho tok skrekken. Dertil var ho, som nemnt, av ei sjølvbevisst og sjølvhevdande ætt. Ein kan kanskje sjå henne for seg som ei sterk, seig og dyktig ung kvinne, ei som også var sta og stridbar, slik folket i øvre Hallingdal hadde ord på seg for å vera? Kanskje var ho også ei vakker ung kvinne, med oppdrift? Eller kanskje var ho ei slu og bereknande bondejente?

Ragnhild treffer Holger Stoltenberg

Frå 1790 finn vi i alle fall Ragnhild i tenest hjå ein skipper Johannes Schou i Dronningens gate 7 (no Rådhusgaten 8).  Det var ei fornem adresse på denne tida. Ho har truleg lagt Pibervigen bak seg. I same garden budde Holger Stoltenberg (1761-1804). Han var prosteson frå Drøbak, utdanna jurist i København, og på veg oppover i det eineveldige byråkratiet. Med han fekk Ragnhild i 1796 sitt andre barn utanfor ekteskap. Han fekk namnet Christian. Ho var 29 år.

Borgarskapet i Christiania, som trelasthandelen sikra solid materiell standard, var europeisk orientert og godt kjent med opplysningstidas tankar. Mon tru om Ragnhild fekk med seg lågmælte samtaler om temaer som friheit, likheit, brorskap? Ein måtte vera forsiktig. I det autoritære dansk-norske eineveldet vart nye tankar møtt med mistru, særleg etter at den tyske opplysningsmannen og dronningelskaren Struensee frå 1770 prøvde gjera lovene meir humane. Han vart halshogd, partert og delene utstilt på hjul og steiler i København i 1772.[25] Men han vann fram med enkelte lovendringar. Til dømes vart straff for leiermål oppheva i 1771. Eliassen og Sogner gir i boka «Bot eller bryllup» ein fullstendig oversikt over mylderet av lovbestemmelsar i Norsk Lov av 1687 som regulerte samliv utanfor ekteskap, og endringar i lovverket fram til 1812.[26]  

Etter tre år ved Overhofretten i Christiania, vart Holger Stoltenberg i 1790 assessor (dommar). I 1797 vart han assessor i Stiftsoverretten i Bergen, som den gongen var Norges største by. Men før han braut opp frå Christiania, hadde han greidd skaffe seg to «uægte» døtre med ei anna tenestjente på Austlandet. Det opplyser Asgaut Steinnes,[23] som har undersøkt familieforholda til Holger Stoltenberg nøye. Relasjonen til denne mannen kom til å avgjera mykje av livet for Ragnhild dei siste åra ho levde.

1802 - Ragnhild flyt til Bergen

Den gamle hansabyen, Bergen, var ein mangkulturell by med kring 18 000 innbyggjarar i 1801. Busetnaden var ordna som tre hestesko inni kvarandre. Dei kondisjonerte, truleg også assessor Stoltenberg, budde i den innerste hesteskoen, nærast hamna. I den midtre hesteskoen budde handverkarar og småkårsfolk, mens resten held til i den ytterste hesteskoen. Sone 20, der Ragnhild var då ho fødde og døydde, var del av den midtre hesteskoen. Illustrasjonen er fra kring 1740. Bergen bys museum. Kartet viser byen kring midten av 1700-talet. Blå ring markerer rode 20 Vågsbunnen, bustadomådet der Ragnhild budde da ho fødde og døydde i 1804. Kjelde: Byantikvaren i Bergen.

I 1802 flyt Ragnhild til Holger Stoltenberg i Bergen. Sonen Christian, som då var 6–7 år, fekk ikkje vera med. Rett nok hadde Stoltenberg vedgått farskapen, men det var ingen offentleg kjent sak. Tvert om. Men kanskje sørga han likevel for at Ragnhild kunne ta seg av sonen deira i Christiania? Kanskje fekk ho vera mor og ha omsorgen for Christian desse fyrste åra han levde? Men å ta guten med til far i Bergen vore øydeleggjande for hans sosiale liv og karriere der. Christian vart sett burt til Holger Stoltenbergs bror i Drøbak. Som elleveåring, kanskje alt som åtteåring, vart guten sendt til sjøs. Etter turbulente år i utlandet, inngjekk han ekteskap og busette seg i København. Der vart han fyrst dekorasjonsmålar, og sidan velståande forretningsmann, skipsreiar og stor mesen. Ekteskapet var visstnok lukkeleg, men barnlaust. Han døydde i 1877. Formuen sin ga han bort til gode formål og skipa fleire legat, m.a. til Kunstmuseet Glyptoteket i København.[27]

Bergen – fleirkulturell og kriminell

Ragnhild kom til ein storby. Bergen var, med sine 18 000 innbyggjarar, den tredje største byen i det oldenburgske riket, med eit yrande handelsliv. Trygve Riiser Gundersen kallar byen for «de fremmedes by», ein by for migrantar og reisande, ein fleirkulturell by.[28] Og ein stad med høg kriminalitet. I denne byen var det Holger Stoltenberg i 1797 vart assessor ved Stiftsoverretten. Prosteson som han var, utdanna jurist med fleire år som assessor i Christiania, og i kraft av si stilling ved Stiftsoverretten, høyrde han truleg til den absolutte overklasse i Bergen. Men bergenslufta var ikkje det rette for Stoltenberg. Han var alvorleg sjuk av astma, og døydde under brutal behandling (slåing).

Som hushalderske sørga Ragnhild truleg for alt, frå enkelt og godt stell og pleie av den sjuke astmatikaren i kvardagen, til standsmessige arrangement for assessorens fagfeller og anna høveleg folk. Ho synest å ha vore den einaste faste tenestjenta i huset. Mang ei natt sørga ho nok også for å verme assessoren.  Kanskje kunne ho med sine røynsler frå bygder med landets høgaste drapsfrekvens på 1700-talet også vera ein samtalepart for dommaren i byen med Norges nest høgaste drapsfrekvens? Dette er sider av livet ein neppe nokon gong får kunnskap om, mens andre sider er godt belyst. 

Under skiftet etter Holger Stoltenberg i 1805 viste det seg t.d. at han for det fyrste var fallitt og for det andre far til heile tre levande ungar utanfor ekteskap, og ein fjerde dødfødd unge. Men mest forvitneleg var det nok at assessorens hushalderske og mor til to av hans «uægte børn» var den formuande i hushaldet.

I skiftet etter Ragnhild Villand går det fram at det var ho som held hushaldet med dekketøy, og ho hadde godt med klede. Tenestjenta hadde tilmed lagt seg opp formue. Soleis kunne ho 23. april 1803 låne arbeidsgjevaren, elskaren og faren til Christian, 200 riksdalar. Det var ein stor sum for ei tenestjente på den tida. I kvitteringa for desse pengane kallar Holger Stoltenberg henne for «min Huus-Holderske Ragnild Willac» (med påholden penn).[29]

Sett i dette lyset har kjærleiken semre kår, men er det ein umogleg tanke at også kjærleik kunne vera noko som batt Ragnhild Knutsdotter Villand og Holger Stoltenberg saman? Det er lite rom for kjærleik i bygdesoga. Vekta blir lagt på ekteskapet som ei praktisk innretning, men kanskje har Sigrid Undset eit poeng når ho skriv: «Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager...», sjølv om alt anna endrar seg (1915). Om det var kjærleik som knytte Ragnhild og Holger saman, kan ein ikkje vita. Ei formalisering av forholdet mellom assessoren og hans hushalderske vore i alle høve utenkjeleg i det strenge dansk-norske standssamfunnet.

Formuande tenestjente

Holger Stoltenberg var gravlagt 13. september 1804. Assessor Stoltenbergs dødfødde son, fødd og gravlagt 20. desember 1804, og moderen Rangele Willand (Ragnhild Villand) død 21. desember, gravlagt 28. desember. Alle tre ved St. Jacobs kirkegård i Bergen, den eldste fattigkyrkjegarden i Bergen. Utsnitt frå kyrkjeboka for Bergen domkirke.

Ragnhild hadde, som nemnt, ein son frå tida i Pibervigen i Christiania. For han fekk ho truleg økonomisk støtte frå barnefaren. Berre slik kan ein forklare Ragnhilds formue som tenestjente, meiner Steinnes. Lønna som tenestjente var liten, og ho hadde tilmed uteståande to års lønn hjå Holger Stoltenberg då han døydde. I skiftet fekk ho berre godkjent eitt år.

Asgaut Steinnes utdjupar soga om livet i Bergen. Då er det Holger Stoltenberg som er hovudperson. Han hadde aldri vore gift, men var altså far til fleire ungar fødde utanfor ekteskap. Han skulda leiermålsbøter for alle, synte det seg i skiftet. Då assessoren døydde 9. september 1804, var Ragnhild Villand gravid med Holger Stoltenbergs fjerde barn. Måtte ho flytta frå heimen, no Holger var avliden, eller fekk ho halde fram med å bu der dei hadde budd saman? Ho hadde truleg økonomi til å klare det fram til barnet vart fødd 20. desember 1804, og ho vart mor for tredje gong. Men vart det slik?

Guten ho sette til verda var dødfødd. Han vart døypt og gravlagt 20. desember 1804. Dagen etter døydde Ragnhild i barselseng. Korleis bar dette til? Ungar fødde i by skulle døypast innan fire dagar. Var noko gale, tydde dei til heimedåp. Slik var det kanskje då med den vesle sonen til Ragnhild og Holger. Så var ho truleg heller ikkje aleine. Ingen veit. Fødselen er ikkje dokumentert, men av kyrkjeboka frå «Domkirken sokneprestembete, døde og begravede (1804) ved St. Jacobs kirkegård» (sjå utsnitt) finn vi desse opplysningane om dei tre: "September 1804, dato 13: Holger Stoltenberg, assessor...42 [år] [resten av informasjonen er vanskeleg tyde og delvis borte bak anna informasjon] December 1804: dato 20 Assessor Holger Stoltenbergs dødfødte Søn. Moders navn Rangele Willand. December 1804: dato 28 Rangele Willand død [utydeleg] 21de 18de Rode 20 35 [år]".

Det går fram at Ragnhild budde i rode 20. Kring midten av 1700-talet var denne roden, etter det byantikvaren i Bergen opplyser (sjå kartet frå Vågen) del av bolig- og handverkarkvarteret Vågsbunnen, innerst i hamna Vågen, nær Torget. Her budde det mange småkårsfolk på 1700-talet. Kan det vera at Ragnhild ikkje budde på same stad som då assessoren levde? Ein må vel tru at ein assessor ved Stiftsoverretten i Bergen budde standsmessig, aller nærast Vågen? I alle fall kan ein lure på det ut ifrå at Bergen på denne tida var ordna som tre hestesko inni kvarandre, der dei kondisjonerte budde i den innerste hesteskoen, nærast Vågen, handverkarar og småkårsfolk i den midtre, og resten i den tredje hesteskoen.[30] Eller kanskje var det heilt annleis, for alle tre er gravlagde på St. Jacobs kyrkjegard. Den vart oppretta i 1629 og er Bergens eldste fattigkyrkjegard. Her vart fattige frå heile Bergen gravlagt, 60-70% av dei i umerka graver (histos.no).

Eldstesonen, Ole, var 14 år gamal i 1804. Yngstesonen Christian var 11 år. Begge held til i Drøbak. Etter mange viderverdigheiter fekk begge gutane sin rettmessige del av morsarven.

Asgaut Steinnes fortel indirekte noko om Ragnhild sitt liv i måten han avsluttar fortellinga om Holger Stoltenberg:

Dette er soga om korleis det gjekk med borni til ein ugift far som i tidi ikring 1800 sat i eit høgt domarembete, og som høyrde til ei kjend og velvyrd ætt. Samstundes er det ei soge om korleis det vart gjort freistnader på å hindra, så langt det var råd, at namnet på den ugifte faren kom inn i offisielle dokument. Det skulle ikkje stå i aktene at den høge domaren med det gode namnet hadde uekte born. Men i lengdi kunne det ikkje hindrast at sanningi kom fram. Dei tri borni tok alle i si tid opp ættenamnet Stoltenberg, og ingen av dei gjorde skam på namnet.[31]

(I eit søk i det digitale slektsprogrammet Ancestry i samband med denne artikkelen, var Holger Stoltenberg og Ragnhild Villand og deira son Christian med, men ikkje dei to døtrene Holger også var far til. Dei er etter dette innskrivne på slektstreet).

Jenta frå fjellbygda Hovet i øvre Hallingdal kom til dei fine, men vart ikkje fint behandla. Ho var så godt som usynleggjort i arveoppgjeret etter Holger Stoltenberg, og knapt nemnt i «biografien» eller minneboka etter sonen Christian. Assessoren var fallitt ved sin død. Hushalderska var den som ved arv kom til å støtte begge sønene sine, men ho var ingen ære levna for at det trass alt gjekk yngsteguten vel. Eldsteguten, Ole, veit ein ikkje meir om.

Ragnhild Knutsdotter Villand gjorde ei forvitneleg reise, såvel geografisk som sosialt og økonomisk. I bygda fekk mor hennar enkestatus, ein nedtur i seg sjølv, og forsterka ved faren, Knut, sin lite ærefulle død. Utanfor bygda steig Ragnhild frå tenestjente i verste slummen i Christiania, via tenest i eit penare strok i byen, til ho enda som hushalderske hjå overklassen i Bergen. Ugift, mor til tre ungar. Nokon vil kanskje sjå henne som eit offer for det umoralske bylivet, utnytta og utbytta av borgarskapet, ein tragisk lagnad. Men kan ein på hi sida tenkje at den tunge børa ho bar med seg frå barneåra ga henne innsikt, styrke og seigheit som ho visste nytte til, trass alt, eige og sønnene sitt beste i det førmoderne norske bylivet? At ho tok livet i eigne hender, så langt det let seg gjera?

Kvinnelivet – var det so laga?

Mange er faktorane som tilsaman dannar livsveven til Ragnhild Knutsdotter Villand, mange fleire enn det kjeldene kan vise så langt attende i tid. «Det var so laga», heiter det i eit ordtak i øvre Hallingdal frå gamal tid. Det er som om livet var ein slags gudegitt innretning det ikkje var mogleg endre på, noko ein saktmodig måtte finne seg i. Mangt eit kvinneliv kan forvisst skildrast som ein tragisk lagnad, og var det utan tvil, også, men det var verre enn det: Det var, som vist, langt på veg ein konsekvens av politisk vilja «forkristningspolitikk» under eineveldet. Lover, forordningar, reskripter mv.  gitt av eineveldige, pietistiske, og ein og annan mentalt sjuk konge i København, gjekk hardt utover kvinnene, især dei fattigaste og deira ungar.

Til slutt: Dei som har gardane Villand, Annfinnset og Øvre Larsgard i dag er av anna folk enn Ragnhild Knutsdotter Villand sitt.

Fotnotar

  1. Reinton og Reinton, 1954
  2. Reinton 1938
  3. Østrem 2022
  4. Reinton og Reinton 1975, s. 173
  5. Reinton 1938, Randen 2023
  6. LR, I, 1938
  7. Dikt i samling, Aschehoug
  8. Hilde Sandvik i Hagemann (red): Med kjønnsperspektiv på norsk historie, 2020
  9. Lunde og Brodal, 2023
  10. Reinton, IV, 1973
  11. LR, IV, s. 266-67
  12. Kjelde: Lars Mehlum «Søgnir frå Hallingdal», vist til i Lars Reintons Folk og fortid i Hol, bind V, s. 173-175.
  13. Moseng (red.), 2003, s. 142.
  14. Brenden Reime 2002.
  15. Brenden Reime, tabell 1 og 2.
  16. Reinton, I, 1938 og 1954.
  17. Reinton, 1938,1939.
  18. Øyrehagen Sunde 2023, kilden.forskningsradet.no 7.2.23.
  19. Øyrehagen Sunde i Almhjell/Øyrehagen Sunde, 2015.
  20. Brenden Reime, s. 99.
  21. Brenden Reime, s. 100
  22. Øyrehagen Sunde, 2015.
  23. 23,0 23,1 23,2 Steinnes 1962.
  24. Eilert Sundt, 1858
  25. Telste (red.) 2022.
  26. Eliassen og Sogner, 1981.
  27. Reinton, Hol IV, 1975, s. 291, Steinnes 1962.
  28. Riiser Gundersen 2022.
  29. Steinnes 1962, Reinton, V, 1975.
  30. Riiser Gundersen 2022
  31. Steinnes, s. 292.

Litteratur og kjelder

  • Eliassen, Jørgen og Sogner, Sølvi (red.): Bot eller brullyp. Ugifte mødre og gravide bruder i det gamle samfunnet, Universitetsforlaget 1981
  • Hagemann mfl. (red.): Med kjønnsperspektiv på norsk historie, Cappelen Damm Akademisk, 2020
  • Lunde, Charlotte og Brodal, Per: Lek og læring i et nevroperspektiv, Universitetsforlaget 2022
  • Moseng,Ole Georg, m.fl.: Norsk historie 1537-1814, Universitetsforlaget 2003
  • Randen, Olav: Fjell- og stølsliv i Hol gjennom 9000 år, Hol historielag/Boksmia 2023
  • Reime, Frode Brenden: Hallingdølens knivblad satt løst i hans slir. En undersøkelse av drapssaker i Ål prestegjeld på 1700-tallet i et kriminalitets- og kulturperspektiv.  Hovedoppgave i historie, UiO, 2000. Upublisert.
  • Reime, Frode Brenden: 1700-tallet – et voldssamfunn. Under Hallingskarvet, årbok for Hol historielag 2022 (s. 54-61)
  • Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol, bind I, Oslo 1938
  • Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol, bind IV, Oslo 1973
  • Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol, bind V, Oslo 1975
  • Reinton, Lars: Villandane. Ein etterrøknad i norsk ættesoge, Oslo 1939
  • Riiser Gundersen, Trygve: Haugianerne. Enevelde og undergrunn, Cappelen Damm 2022
  • Telste, Kari (red.): Tidsrom 1600-1914, Forlaget Press, 2023
  • Steinnes, Asgaut: Eit og anna om legatgjevaren Christian Holger Stoltenberg, om foreldri hans og syskjine hans. Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, band XVIII, hefte 4, 1962.
  • Sundt, Eilert: Piperviken og Ruseløkbakken. Undersøgelser om Arbeiderklassens Kaar og Sæder i Christiania (1858)
  • Undset, Sigrid: Fortellinger om kong Arthur og ridderne av det runde bord, 1915
  • Vesaas, Halldis Moren: «Siste dagen i fjellet» (Dikt i samling, Aschehoug).
  • Østrem, Nils Olav: Husmannsvesenet, Cappelen Damm Akademisk, 2022
  • Øyrehagen Sunde, Jørn: Utanfor ekteskap. I Almhjell, Eva og Øyrehagen Sunde, Jørn: Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015 (s. 72-93).
  • Øyrehagen Sunde, Jørn: 1000 år med norsk rettshistorie, Dreyer 2023