Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-2
Ragnhild Knutsdotter Villand vart fødd i fjellbygda Hovet i 1767, døypt 27. juni same år i Ål prestegjeld i øvre Hallingdal. Ho var ugift tenestjente, mor til tre «uægte børn» med to forskjellige fedre. Eit unikt liv som tenestjente, men samstundes med mange fellestrekk for kvinner i hennar stand. Ho døydde i Bergen 21. desember 1804.
Dette er soga om eit forvitneleg kvinneliv på slutten av 1700-talet. Ragnhild var nummer tre i ein syskjenflokk på åtte, tre jenter og fem gutar. Alle jentene var fødde utanfor ekteskap. Dei var synlege bevis for samleie utanfor ekteskap, det som vart kalla leiermål. Eldste systera døydde som liten. Ragnhild gjekk i bygda si omgangsskule. 15 år gamal (14. juli 1782) stod ho konfirmant. I Hovet budde ho dei fyrste 17 år av livet. Seinare finn vi henne i Sande i Vestfold, i Christiania (Oslo) og i Bergen, der ho i 1804 døydde i barselseng. Ho var ugift, tenestjente og mor til tre «uægte» ungar. Ragnhild var dotter av Knut Villand Annfinnset (1741–1782) og Ågot Guttormsdotter øvre Larsgard (1741–1813). Ho var av godt folk, og voks opp i ei sjølvhevdande ætt, i ei fjellbygd i eit prestegjeld (Ål) med landets høgaste drapsfrekvens. Les meir...