Lokalhistorisk arkiv i Tysnes: Forskjell mellom sideversjoner
(kategorijustering etc.) |
|||
Linje 5: | Linje 5: | ||
==Kjelder og litteratur== | ==Kjelder og litteratur== | ||
*Opplysningar frå [[Ernst Berge Drange]] i e-post datert 7. november 2011. | *Opplysningar frå [[Ernst Berge Drange]] i e-post datert 7. november 2011. | ||
*Opplysningar frå [[Knut Rage]] | *Opplysningar frå [[Knut Rage]], dåverande biblioteksjef i Tysnes kommune. | ||
[[Kategori: Arkivsamlinger]] | [[Kategori: Arkivsamlinger]] |
Sideversjonen fra 23. apr. 2020 kl. 09:08
Lokalhistorisk arkiv i Tysnes kom i stand i samband med innsamling av materiale til arbeidet med gards- og ættesogene for Tysnes, skrivne av Ernst Berge Drange i perioden 1986-1991, på oppdrag frå Tysnes Sogelag og med økonomisk bistand frå Tysnes kommune, samt tilskot frå Norsk Kulturråd, og vert administrert av Tysnes kommune.
Lokalhistorisk arkiv i Tysnes tok ved opprettinga sikte på å vera ei avdeling innafor kulturetaten, eit arkiv som tok vare på ulike materialgrupper som arkiv, foto, lydband og anna, men er i dag ikkje aktivt vedlikehalde. Lokalhistorisk arkiv i Tysnes har ei biletsamling i form av ei større reprosamling i Tysnes folkebibliotek sine lokale, glasplatesamlingar i kommunearkivet og ei samling positive bilete i tilknyting til biblioteket. Grunnstamma i biletsamlinga stammar frå arbeidet med gards- og ættesogene. I tillegg kjem bilete som vart nytta i samband med Johannes Heggland si kultursoge 1964-1975, samt tilvekst frå ymse lag og privatpersonar. Dette gjeld også ordinært arkivmateriale, i form av diverse arkiv og lydopptak.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå Ernst Berge Drange i e-post datert 7. november 2011.
- Opplysningar frå Knut Rage, dåverande biblioteksjef i Tysnes kommune.