Lorkverna

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jun. 2012 kl. 08:20 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} thumb|<small>Skisse over Lotkverna, utførst av Tor Einbu.</small> '''Lorkverna''' er eit kulturminne og kulturvernanlegg restaurert og r...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Skisse over Lotkverna, utførst av Tor Einbu.

Lorkverna er eit kulturminne og kulturvernanlegg restaurert og rekonstruert av Lesja historielag i åra 2000-2010. Kulturminnet og anlegget ligg i Lordalen, ved elva Lora om lag 5 km oppover langs sørsida av elva frå bommen på Lordalsvegen.

Driftstida

Den nåverande Lorkverna er bygd på same staden som det låg ei større kvern eller bygdemølle. Ho er dokumentert attende til midten av 1700-talet, og var i drift til kring 19__. Men det er nemnt ei kvern i Lora alt i 1326, og mykje tyder på at det har vore kontinuerleg utnytting av vasskrafta på staden i mange hundre år.

Fordi mølla låg såpass langt frå den faste busetnaden hadde møllaren ei stugu der han kunne overnatte, og i periodar hadde han òg familien med hit.

I tillegg stod det stall med plass til fire hestar på Lorkverna. Her kunne køyrarane overnatte på hemsen. Det har òg stått ei vadmelsstampe på staden.

Mølla og stampa vart drive med vatn frå ein kanal frå hovudelva, regulert ved ein nåledam.

Restaureringsarbeidet

Da restaureringsarbeidet starta i 2000 stod huset til møllaren utan tak, og det var berre tufter etter kverna, stallen og stampa.

Jernblestring

På anlegget har historielaget sidan 200_ drive utforsking av den gamle jernblestringsteknikken.

Drift i dag

Anlegget i dag inneheld desse elementa:

  • Kvern
  • Stampe
  • Møllarstugu
  • Stall
  • Jernblestre
  • Kolmile
  • Mølledam (nåledam)

Husa på Lorkverna står opne for fritt bruk.