Møre Skofabrikk: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(kat) |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
*Andenes, Gunnar (2005): Indre Dalsfjord. I [[Voldasoga|''Busetnadssoga for Volda'']] bd 1 s. 404-407. | *Andenes, Gunnar (2005): Indre Dalsfjord. I [[Voldasoga|''Busetnadssoga for Volda'']] bd 1 s. 404-407. | ||
[[Kategori: Skofabrikker | [[Kategori:Skofabrikker]] | ||
[[Kategori:Volda kommune]] | |||
[[Kategori: Volda kommune]] | [[Kategori:Dalsfjorden (Volda)]] | ||
[[Kategori: Dalsfjorden (Volda)]] | [[Kategori:Etableringer i 1918]] | ||
[[Kategori: Etableringer i 1918]] | [[Kategori:Opphør i 2002]] | ||
[[Kategori: Opphør i 2002]] | |||
{{F1}} | {{F1}} | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 1. jun. 2023 kl. 11:40
Møre Skofabrikk A/S vart etablert i Steinsvika i Dalsfjorden 8. mars 1918 av Johannes Kvangarsnes (1898-1980) og Benjamin Tverberg (1898-1944). Dei arbeidde før på tønnefabrikken i Åmelfoten, men vart arbeidslause då den vart nedlagd. Dei fann da på å satse på sko, for det var det stor etterspurnad etter.
I 1930 hadde tjue personar arbeid på skofabrikken, og dei produserte 70-100 par sko kvar dag.
I 1956 vart det bygd ny og meir effektiv fabrikk. Her kunne kvar tilsett produsere 10-12 par sko kvar dag. I 1960-åra vart vernesko ei viktig produktgruppe.
Sist i 1960-åra fekk fabrikken gjennom medeigaren, grossist Stadum og Aamodt i Oslo, leveranse på 150 000 par marsjstøvlar til Forsvaret til 51 kr pr par. Dette førte til at fabrikken måtte utvidast i 1978. Marsjstøvlane vart moteplagg i regionen, under nemninga «dalsfjordingar».
I 1990-åra var det om lag 40 årsverk ved fabrikken, men etter kvart gjekk det som med så mange andre slike fabrikker: kostnadene vart for høge og produksjonen vart flytt ut av landet. Møre Skofabrikk A/S vart endeleg nedlagd i 2002.
Litteratur
- Andenes, Gunnar (2005): Indre Dalsfjord. I Busetnadssoga for Volda bd 1 s. 404-407.