MB «Dyrhaug»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jul. 2010 kl. 19:23 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (justerte opplysningar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Her har Dyrhaug fått fiskerinummeret måla på , og går her ei runde utanfor båtbyggeriet

.

MB «Dyrhaug» var bygd som kryssar, og er det største nybygget ved L/L Vik Båtbyggeri. Det vart rekna med at båten var 70 fot, men i fiskeriregisteret står båten med 68,3 fot. Båten var bygd på den vanlege «lesten», doblingspant i fure, og dermed krevst det ei rot på kvart spant. I tillegg nokre mindre røter eller greinvinklar til bjelkekne. Huda var skora på rundt 55 mm, 2 1/4 tomme. På denne båten var der truleg i tillegg til bjelkevegar og ein undervegar. I garneringa var der tre livholtgangar i kimingane. På desse var planketjukkleik om lag 70 mm. På alle bjelkar der det var innfelt kravell var det også kne eller reiders av jern. Reidersane som var montert på nokre båtar gjekk nedom livholtgangane. Dei fylgde spanta, og hadde gjennomgåande boltar, men spissbolt i endane. Knea var kortare, rakk som regel ned til øvste livholtgangen. Jernknea hadde to gjenomgåande boltar i bjelken og ein spissbolt. Hjerteboltane er grovare enn dei andre. Boltane som skulle ut gjennom huda måtte bereknast så dei kom rett i hudplanken. Alle kne var bora etter mal slik at dette stemde. Bjelkane var bolta med spissbolt gjennom bjelke og bjelkevegarar. Ellers vinklar av 2 x 1/2 toms flatjarn mellom kravell og stikkbjelkar.

Skandekk var lagt med bjelkelås, og klinka skandeksboltar som vanleg. Dekk og hud var dreve med to tåttar. Svart bek på dekk og på huda under vatn, over vatn var det grått bek. Kaising, lukekarm og lugarkappe stod på soling. Den var rundt 2 cm tjukkare enn dekk. Dyrhayg hadde to ankerklyss for patentjarn, og kjettingsaksa rett bak klysset. Kjettingkasse under dekk. Kjettingen gjekk rett frå kabelaren på vinsja gjennom kjettinglyre til kassa. Den er bygd bak lugarskottet, der er også ferskvasstanken.

Når ein ny båt skulle påbyrjast var fyste del å legga opp klossar med den kjølstigning båten skulle ha. Tilpassa situasjonen kunne då vater og lodd nyttast. På desse klossane eller lada vart kjølen lagd og avstiva. Rotenden bakover. Denne byggeplassen var rett ved sidan av slippen. Ved sjøsetting vart ei midlertidig renne lagt under båten. Til å legge båten nedpå var ei enkel slabeit lagt på bukkar. Båten vart sjøsett når han var tett utvendig. Då det ikkje var kran på Vik, så tok ein ombord motor og dekkshus når båten låg ved kai. Ein annan båt med høveleg utstyr lyfte desse tunge kollia om bord. Etterpå vart båten teken opp på slippen for montering, innreiding, og anna sluttarbeid. Når båten står på slipp må ein nytta ein høveleg kile på vateren. Det for at båten ikkje er i flytestilling på slippen. Kaisinga på «Dyrhaug» var i jern, og bygd i full høgde. Der var bysse og messe. Bak rorhuset var bestikklugar, kartrom. Det var galgedekk rundt heile overbygget som var bygd i tre. For å feste overbygget til kaisinga var det slissa inn i dørstolpane på rorhuset for eit 5/8 toms galvanisert rundtjarn. Dette hadde mutterar under kaisingsdork. Overbygget vidare bakover var det vanleg å feste med 2 toms listjarn lagt på veggen, og sveist i kaisingsdorken. Påsveist gjenga tapp gjennom taket. Ei skinne tvert over låg på desse tappane, tetting var med tjerasi, og då kan ein skru til. Egnarhus på babord side.

Bak maskinromet var kahytt med fire køyer. Forut lugar med truleg 7-8 køyer. Under benkane var det skuffer. Der var eit fast bord, og der var skap til kle og div.

Båten vart levert på vårparten 1957. I fiskeriregisteret har båten, M-470-HØ. På baugen var påmåla M-77-HØ . Eigaren hadde rekna med å få bruke oppatt fiskerinummeret frå gamlebåten, men det vart ikkje slik det var tenkt. Sjå også spesifikasjonar i båtlista for Vik. Då båten vart sjøsett som ferdig båt, fekk skuleborna i Høydalen fri. Dei var om bord under sjøsettinga.

Fiskje

Båten vart brukt til linefiske, og sildegarn på vinteren. Så vart båten vekkleigd til Måløyveringar som dreiv pigghåfiske. Eigaren var med som mannskap. På vårparten 1959 gjekk dei i fjøra sør om Shetland. Der havarerte båten, men mannskapet berga seg i det dei gjekk og stod i. Den største og kraftigaste båten fekk altså eit kort liv på sjøen. Registreringsnummeret vart ikkje endra, så det stod fortsatt M-77-HØ i baugen då han havarerte.

Motor

Motoren frå gamlebåten, «Barlifjell», ein 120 hk Wichmann vart sett inn i «Dyrhaug». Styremaskin av type Tennfjord.

Bilder


Kjelder