MB «Frost»: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
{{DEFAULTSORT:Frost}} | {{DEFAULTSORT:Frost}} | ||
[[Kategori:Volda kommune | [[Kategori:Fartøy fra Volda kommune]] | ||
Sideversjonen fra 8. feb. 2010 kl. 10:26
MB «Frost» var ein klinkerbygd trebåt på 19 fot bygd i 1926. Motoren var American 4 h.k. bygd i 1924. Namnet, Frost, kjem av at det ikkje var hus på båten i fyrste tid, så det kunne vel stundom vera kaldt.
Registrert i fiskeriregisteret for Volda: M-14-VA. I Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster frå 1932 er «Frost» fyrste gong nemnd. Det går fram av merkebrevet at båten skulle brukast til fjordfiske og transport. Eigaren var heimehøyrande i Høydalen.
Bygda var veglaus og der var eit behov for transport. Sjøvegen er det ca. 10 km. til kommunesenteret Volda. Utover i 1930 åra og etter krigen vart det fleire motorbåtar, behovet for anna enn eigen transport minka vekk. Båten vart seld i fyrste halvdel av 1960-åra og er ute av fiskeriregisteret i 1968.