MB «Mot»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. feb. 2015 kl. 13:01 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (Ny artikkel)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Mot. Hudinga er i gang.jpg
Her er hudinga på «Mot» godt i gang.Det er Håkon Høydalsvik og Håkon Berg som er i gang med fjerde planken på babord side

.

MB «Mot» M-38-A, Kjennesignal: LM 4458. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1972 for Osvald Karlsen, Langevåg. Dette var første båten bygd på laminerte spant ved båtbyggeriet. Kantraspanta framme og bak var i heil ved og utan skøyt. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt til 13,5 m lang, 4,1 m breidde og 1,7 m djup. Det gir lengde 43’.

Båten var bygd med heil bakk. Huda var av 1 ½’ furu, og det same på dekk. Huda på denne båten var driven på tradisjonelt vis. Men truleg var dekk nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe av sveist og galvanisert stål, sameleis lukekarmen. Rorhuset var bygd med glasfiberarmert polyester på kryssfiner. Det manglar fullstendige lister over utføring og også over kva båtar som var bygde ved båtbyggeriet, det ein finn er etter søk her og der.

Seinare eigarar

Seld 1976 til Arne Kristian Arntsen, Berlevåg, og registrert F-29-B. Seinare påsett styrehus framme, og i 1980 vart det innsett ein ny 185 hk GM Detroit. Overførd april 2007 til, Mot Berlevåg AS, Berlevåg. Sletta januar 2010 i merkeregisteret og seld til Stiftelsen Motivasjon og Mestring, Bergen.

Bilder

Kjelder