MB «Notøybuen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. feb. 2015 kl. 15:19 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (la inn litt avsnit)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette bilde viser fremste spanta, me ser at dei to fremste er tydeleg kantra.

MB «Notøybuen» M-114- HØ, vart bygd ved L/L Vik Båtbyggeri i 1981 for Sæmund Helde, Nerlandsøy. Står i fiskeriregisteret med bygge år 1982. Båtens lengde 10,55 m, br 3,43 m. og djupne 1,68 m. Båten er bygd på laminerte spant og er tverrhekka, med heil bakk. På denne båten er også stemnet laminert. Hud av 1 ½” Bjørkedalsfure.

Båten var levert utan dekk og overbygg men med lagd bjelkevegarar. For å halde skroget stabilt for sleping til heimehamna vart det lagt nokre midlertidige bjelkar. Ved overtaking var båten lavare enn det kjøpar hadde avtala, det vart likevel kjøp og eigar la inn spantestubbar og forhøya båten med ein planke. På grunn av at båten hadde heil bakk kunne han forlenge hudplanken derfrå vidare bakover. Han la inn garnering av pløgd material. Eigar bygde sjølv dekk og dekkshus i aluminium, og han utførte også all innreing sjølv. Båten har ein stålkjøl på ca 600 kg.

Fiskeri

Både fyrste og noverande eigar har brukt båten til torske og seide garn, juksa og makreldorg på Mørekysten. Begge eigarane komenterte dei gode sjøegenskapane til båten. Helde fortalde om ein tur 15 mil av Runde, full storm og med 90 garn og 4 tonn fisk på dekk. Som han sa, «det gjekk så det susa». Dette er ein sterk båt seier Madsen, han låg å drog garn i tett snøkave då han vart påkøyrd av ein aluminiusbåt. Han kom inn litt fram om rorhuset, skaden vart berre på aluminiusrekka og noke småtteri. Ikkje eit einaste spant var brote. Skaden var størst på aluminiumsbåten. Det er kjekt med gode tilbake meldingar. Det er denne båten eg skal ha så lenge eg har båt, seier Madsen.

Eigarar

  • Ved levering, Sæmund Helde, Nerlandsøy, som tinga båten.
  • Eigar frå 2005 er Robert Madsen, Nerlandsøy. Då fekk båten namnet «Marielle».

Motorar

Sæmund Helde, fyrst ein 114 hk Volvo år 65, etter ei tid Volvo TNB 100, 200hk. Den motoren sette eigar saman av to motorar som var skada. I 2011sette Robert Madsen inn Sabb Iveco, 220 hk. Den motoren står i båten no.

Bilder

Kjelder