MB «Pokal» M-80- HØ. Kjennesignal:LHAF «Pokal» var bygd i 1930 i Ølve Kvinnherad, for Hans O. Sævik. Medeigarar var Anton S. og Oskar O. Sævik, den siste halvbror til Hans O. Desse to siste vart utløyste midt på 1950 talet. Olav H. Sævik kom inn som medeigar i 1957. Han er son til Hans O. og vart medeigar 16 år gamal. Då tok sjølivet til for Olav H. og det førte han til eit mangslunge liv på sjøen. Han tok over som skipper på «Pokal» etter far sin. Seinare sigla han som skipper på mange slags fartøy – frå Sør Afrika til Amerika. Han har mangt å fortelle så kanskje er det råd å få fatt i litt av den historia også.

«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.

I merkeregisteret for 1938 har båten desse måla: 54,5/15,4/7,5 og har 40 hk Wichmann motor. Det er vidare opplyst at båten var ombygd i 1937 til 64,8 engelske fot. Det betyr i reine ord ei forlenging, så langt ein finn ut er det gjort i Hardanger.

Det er opplyst at båten var ombygd i Høydalen i 1949 og at båten fekk rana ,utlagd, baug og kryssarhekk. I merkeregisteret for 1958 er måla oppgitt til, 64,0/16,8/8,4. I «Herøybåtar i Hundre år» er lengste lengd oppgitt til 21,6 m. det er 70,9 engelske fot eller 68,8 norske fot. Ved om bygging i 1949 var båten forhøya med to eller tre plankar. Ved ei slik stor ombygging vart det sjølvsagt bygt nytt overbygg. Keisinga var bygd i stål til bak om keising gangen og var i full høgd. Frå keising gangen og vidare bak var bygt i tre. Over kahytta var det meininga å lage messe men det vart i staden brukt til vegnrom. Kahytta hadde fire køyplassar, nedgangen var frå keising gangen. Vis a vis var eit lite enkelt toalett. Maskinnedgang var også frå keising gangen men på styrbord side. Keisinga hadde full høgd og hadde bysse heilt framme. Babord gang hadde tett sidevegg med dør forover. Det var den vanlege løysinga, her kunne mannskapet henge oljekleda. Var der maskinrist så var det fin tørkeplass til støvlane. På eit dårleg bilde ser det ut for at rorhuset er bygt tradisjonelt i tre med rorhusfront i truleg teak. I lugaren framme var det køyplassar til 8 mann

«Pokal» var utstyrt med peilar og ekkolodd (kanskje Scam?), sendaren var Robertson, amerikansk bygd og kom som Marshallhjelp. Det var galgedekk på begge sider, med livbåt på babord side. Lukekarm og kappe har nok også vore bygt i stål når keisinga var det. Her må ein skyte inn at vekselstraum kom til Høydalen fyrst på 1950 talet. Før den tid vart sveisearbeid utført på Volda mekaniske verkstad, anten av egne arbeidarar eller som leigearbeid.

Når «Pokal» var under ombygging i Høydalen tok Hans O. turen inn fjordane for å sjå kor arbeidet gjekk. Han hadde då ein 18 fots klinker, vist nok bygd på Bjørkedalen, med ein 2 hk Rubb frislagsmotor. Dette var ein tur som tok 5 - 6 timar. Sonen Olav var med, han hugsar det som ein langtekkjeleg tur. Faren laga eit lite «sjygn» i bauen av presenning for verste trekken. Olav var 7 – 8 år.

Høydalsvik, Oddvar E. f 1951, skriv som midlertidig forklaring.

Frislagsmotor (ein semidiesel-motor med «frislagsregulator». Frislagsregulatoren er ein tomgangsregulator. Den arbeider slik at den hoppar over pumpeslag på dieselpumpa når turtalet blir for høgt i høve til innstilt tomgangs-turtal. Den seier Tøff, tøff …opphald … tøff, tøff, tøff …opphald ..osv. Høyrest litt småsjuk ut, …men det er heilt normalt. Ved full-fart-køyring strammar ein tomgangs-regulator-fjøyra slik at alle pumpeslag er med. Så regulerar ein etter belastning (til dømes frå propell) med slaglengda på dieselpumpe-stempelet. Altså ingen automatisk turtalsregulering ved full-fart. Motor-passar eller skipper må ha «handa på gassan». Er beskriven som tidleg type turtalsregulering. For meir:. Sjå: Gammelmotoren av Valdemar Steiro s. 16 og 17)

I slutten av 1950 åra fekk «Pokal» innmontert sildetinar, og ein gong på 1960 talet vart det montert Smedvik styremaskin.

På sildefiske med drivgarn var mannskapet 10 mann. Dei var også 10 mann med seigarna, drifta på Svatangane, og Haltenbanken, var og vest til Aktivneset. På Håbrand fiske var dei 5 mann og drifta frå Sklinnabanken, Haltenbanken, Nordsjøen og syd om Irland. Makrelharping prøvde dei også, og då drifta dei ut frå Egersund og Farsund med 5 mann. Håkjerring i Stretet og ved Færøyane var dei 6 mann. Dette var lange turar og dei bunkra 5000 l på tankane og ein del i fat på dekk. Ferskvasstanken var på 1600 l. Det er så godt som sikkert at mykje fiskeri ikkje er med på denne oversikta men det tyder i allefall at båten har vore i svert aktiv drift.

Motorar

Ny båt i 1930, Wichmann 40 hk. I 1937 Wichmann 50 hk. I 1958 BK Diesel 240 hk. Og i 1962 Normo semidiesel 210 hk, 3 sylidra.

Eigarar

  • Fyrste eigarar; Hans O. Sævik, Anton S. Sævik og Oskar O. Sævik, halvbror til Hans. Dei to siste vart utløyste midt på 50 talet. Då kom Olav H. Sævik inn som medeigar. Han er son til Hans O. Sævik.
  • Solgt sept. 1964 til Bjarne Dale P/R, Blomvåg i Øygarden kommune. Fekk i april 1965 namnet «Vokal». Båten vart 24.5.1985, stroken i Skipsmatrikkelen og vart søkt i Osterfjorden, truleg året etter.

Galleri

Kjelder