Marit Trulsdotter (d. 1621)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. apr. 2018 kl. 07:16 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: Marit Trulsdotter (død 1621 eller 1622) var ei kvinne i Skjåk som vart brend på bålet for trolldom. Rettsprosessen gjekk føre seg våren og sommaren 1621. Avrettinga, utført av ska...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Marit Trulsdotter (død 1621 eller 1622) var ei kvinne i Skjåk som vart brend på bålet for trolldom. Rettsprosessen gjekk føre seg våren og sommaren 1621. Avrettinga, utført av skarprettaren i Oslo, er ikkje datert, men er med i utgiftsrekneskapen til futen i Gudbrandsdalen for året 1. mai 1621 til 1. mai 1622. Vedlagt rekneskapen er ei utskrift av rettssaka mot Marit, fyrst på eit alminneleg bygdeting i Lom tinglag på våren, så på eit eige rettsmøte på ettersommaren der dom vart avsagd.