Midsund Slekt- og Historielag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(opnar for redigering)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Logo Midsund Slekt- og historielag.jpg|Lagets logo.}}
{{thumb|Logo Midsund Slekt- og historielag.jpg|Logoen.}}
'''[[Midsund Slekt- og Historielag]]''' (MSHL) i [[Midsund kommune|Midsund]] i [[Molde kommune]] vart skipa 16. april 1998. Formålet «er å drive lokalhistorisk samling i Midsund og ta vare på lokalhistoriske gjenstandar, bilete og dokument». Laget gir ut årsskriftet ''[[Gamalt frå Midsund]]''.
'''[[Midsund Slekt- og Historielag]]''' (MSHL) i [[Midsund kommune|Midsund]] i [[Molde kommune]] vart skipa 16. april 1998. Formålet «er å drive lokalhistorisk samling i Midsund og ta vare på lokalhistoriske gjenstandar, bilete og dokument». Laget gir ut årsskriftet ''[[Gamalt frå Midsund]]''.



Sideversjonen fra 30. jun. 2021 kl. 08:11

Logoen.

Midsund Slekt- og Historielag (MSHL) i Midsund i Molde kommune vart skipa 16. april 1998. Formålet «er å drive lokalhistorisk samling i Midsund og ta vare på lokalhistoriske gjenstandar, bilete og dokument». Laget gir ut årsskriftet Gamalt frå Midsund.

Medlemstalet har variert frå 60 til 100, og i 2020 er det om lag 79 medlemmer. Det er vanskeleg å verve nye.

Leiarar

  • 1998-2009: Kjell Bjørnerem
  • 2009-2017: Kjell Magerøy
  • 2017-: Nils Edvin Sanden

Aktivitet

Den lokale gjenstandssamlinga vart starta av det kommunale Midsund Sogelag om lag 1980. Då historielaget kom i gang i 1998, overtok det samlinga. Reidun Rørset og Eli Røberg har registrert gjenstandar. Det kommunale sogelaget vart nedlagd.

I 2004 tok Midsund Slekt- og Historielag i bruk det gamle forsamlingshuset Fredheim på Nordre Midøy. Samlinga og historielaget har sidan hatt fast tilhaldsstad der, og overtok huset frå ei stifting i 2010.

Laget har i periodar hatt lite kapasitet på historieskriving. Frå 2002 til 2016 vart det ikkje utgitt hefte, men frå 2017 har det komme ut igjen.

Historielaget var sterkt involvert i utgjeving av bygdebøkene Midsund Gard og slekt. Første bind kom ut i 2001, andre bind 2003 og tredje bind 2006.

Digitalisering av bilde tok til rundt 2010, og dette er framleis eit satsingsområde. Rettesnor for arbeidet har vore ABM skrift # 55. Pr. 2020 ligg over 2000 fotografi på Digitalt Museum.

Laget har bygd opp eit arkiv for handskrivne lagsprotokollar. Originalnoter etter Peder Drønnesund er sende til Folkemusikkarkivet i Volda. Arbeid med å lage register over lokale forfattararverk er starta opp.

Midsund Slekt- og Historielag har også arrangert bibliotekkveld, hatt stand på Midsundfestivalen og hatt kulturminnedag på Nestebua.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer