Midsund Slekt- og Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen.

Midsund Slekt- og Historielag (MSHL) i Midsund i Molde kommune vart skipa 16. april 1998. Formålet «er å drive lokalhistorisk samling i Midsund og ta vare på lokalhistoriske gjenstandar, bilete og dokument». Laget, som er medlem av Landslaget for lokalhistorie, gir ut årsskriftet Gamalt frå Midsund.

Medlemstalet har variert frå 60 til 100, og i 2020 er det om lag 79 medlemmer. Det er vanskeleg å verve nye.

Leiarar

  • 1998-2009: Kjell Bjørnerem
  • 2009-2017: Kjell Magerøy
  • 2017-: Nils Edvin Sanden

Aktivitet

Den lokale gjenstandssamlinga vart starta av det kommunale Midsund Sogelag om lag 1980. Då historielaget kom i gang i 1998, overtok det samlinga. Reidun Rørset og Eli Røberg har registrert gjenstandar. Det kommunale sogelaget vart nedlagd.

I 2004 tok Midsund Slekt- og Historielag i bruk det gamle forsamlingshuset Fredheim på Nordre Midøy. Samlinga og historielaget har sidan hatt fast tilhaldsstad der, og overtok huset frå ei stifting i 2010.

Laget har i periodar hatt lite kapasitet på historieskriving. Frå 2002 til 2016 vart det ikkje utgitt hefte, men frå 2017 har det komme ut igjen.

Historielaget var sterkt involvert i utgjeving av bygdebøkene Midsund Gard og slekt. Første bind kom ut i 2001, andre bind 2003 og tredje bind 2006.

Digitalisering av bilde tok til rundt 2010, og dette er framleis eit satsingsområde. Rettesnor for arbeidet har vore ABM skrift # 55. Pr. 2020 ligg over 2000 fotografi på Digitalt Museum.

Laget har bygd opp eit arkiv for handskrivne lagsprotokollar. Originalnoter etter Peder Drønnesund er sende til Folkemusikkarkivet i Volda. Arbeid med å lage register over lokale forfattararverk er starta opp.

Midsund Slekt- og Historielag har også arrangert bibliotekkveld, hatt stand på Midsundfestivalen og hatt kulturminnedag på Nestebua.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer