Midsund Slekt- og Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Lagets logo.

Midsund Slekt- og Historielag (MSHL) i Midsund i Molde kommune vart skipa 16. april 1998. Formålet «er å drive lokalhistorisk samling i Midsund og ta vare på lokalhistoriske gjenstandar, bilete og dokument.»

Variert frå 60-100 og er nå 79. Utviklingen av medlemstall: Det er nå vanskeleg å verve nye medlemmer.

Leiarar

1998-2009 Kjell Bjørnerem 2009-2017 Kjell Magerøy 2017-dd Nils Edvin Sanden

Reidun Rørset og Eli Røberg har registrert gjenstander.

Aktivitet

Laget har i periodar hatt lite kapasitet på historieskriving. Mellom 2002 og 2017 var det ikkje utgitt hefte. I 2017 og 2018 er det utgitt hefte.

Den lokale gjenstandssamlinga vart starta av det kommunale Midsund Sogelag om lag 1980. Då Historielaget kom i gang i 1998 overtok vi samlinga. Det kommunale sogelaget vart nedlagd. I 2004 tok Midsund Slekt og Historielag i bruk det gamle forsamlingshuset Fredheim på Nordre Midøy. Samlinga og historielaget har sidan hatt fast tilhaldsstad der, og overtok huset frå ein stiftelse i 2010. Midsund Slekt og Historielag vart starta for å ta vare på lokalhistoria. Laget var sterkt involvert i utgjeving av bygdebøkene Midsund Gard og Slekt. Første bind kom ut i 2001, andre bind 2003 og tredje bind 2006. Vi starta med digitalisering av bilde om lag 2010 og dette er fortsett satsingsområde. Rettesnor for dette arbeidet har vore ABM skrift # 55. Vi har nå 2041 bilde tilgjengeleg på Digitalt Museum

Publikasjonar

2000 Lokalhistorie frå Midsund IV ISBN 82-7955-027-5 2002 Lokalhistorie frå Midsund V 2017 Gamalt frå Midsund 2017 ISBN 978-82-691067-0-1 2018 Gamalt frå Midsund 2018 ISSN 2535-4752 2019 Gamalt frå Midsund 2019

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer