Midsund Slekt- og Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Lagets logo.

Midsund Slekt- og Historielag (MSHL) i Midsund i Molde kommune vart skipa 16. april 1998. Formålet «er å drive lokalhistorisk samling i Midsund og ta vare på lokalhistoriske gjenstandar, bilete og dokument.»

Variert frå 60-100 og er nå 79. Utviklingen av medlemstall: Det er nå vanskeleg å verve nye medlemmer.

Leiarar

1998-2009 Kjell Bjørnerem 2009-2017 Kjell Magerøy 2017-dd Nils Edvin Sanden

Reidun Rørset og Eli Røberg har registrert gjenstander.

Aktivitet

Laget har i periodar hatt lite kapasitet på historieskriving. Mellom 2002 og 2017 var det ikkje utgitt hefte. I 2017 og 2018 er det utgitt hefte.

Den lokale gjenstandssamlinga vart starta av det kommunale Midsund Sogelag om lag 1980. Då Historielaget kom i gang i 1998 overtok vi samlinga. Det kommunale sogelaget vart nedlagd. I 2004 tok Midsund Slekt og Historielag i bruk det gamle forsamlingshuset Fredheim på Nordre Midøy. Samlinga og historielaget har sidan hatt fast tilhaldsstad der, og overtok huset frå ein stiftelse i 2010. Midsund Slekt og Historielag vart starta for å ta vare på lokalhistoria. Laget var sterkt involvert i utgjeving av bygdebøkene Midsund Gard og Slekt. Første bind kom ut i 2001, andre bind 2003 og tredje bind 2006. Vi starta med digitalisering av bilde om lag 2010 og dette er fortsett satsingsområde. Rettesnor for dette arbeidet har vore ABM skrift # 55. Vi har nå 2041 bilde tilgjengeleg på Digitalt Museum

Øvrig historikk (viktige arrangement, prosjekt, merkeår)

2006, Dugnadsarbeid på Naustloftet etter Anton Beinset 2008, Datakurs for eldre på Fredheim v. Per Olav Hansen og Kjell Magerøy 2009, Oppstart av digitalisering av bilde som er lånt frå folk i Midsund kommune. 2009, Starta med å sette opp arkiv for handskrivne lagsprotokollar. Dette blir å finne på heimesidene. Palmar Raknes 2010 Originalnoter etter Peder Drønnesund er sendt til Folkemusikkarkivet i Volda saman med en digital versjon. 2012 Tatt i bruk Primus for å registrere gjenstander. Det som tidligere er registrert i Win-Regimus er også overført til Primus. 2012 Startet arbeidet med å lage register over lokale forfattararverk. Dette blir presentert på heimesidene. Palmar Raknes. 2018 Bibliotekkveld med Bjørn Owe Hjelle som har gitt ut bok om historieke fiskebåtar i Midsund. Hadde stand på Midsundfestivalen. Kulturminnedag på Nestebua. Om sjøbuene og produksjon av klippfisk. Harald Grytten var foredragsholder Utgitt hefte, Gamalt frå Midsund

Publikasjonar

2000 Lokalhistorie frå Midsund IV ISBN 82-7955-027-5 2002 Lokalhistorie frå Midsund V 2017 Gamalt frå Midsund 2017 ISBN 978-82-691067-0-1 2018 Gamalt frå Midsund 2018 ISSN 2535-4752 2019 Gamalt frå Midsund 2019

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer