Midt-Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Midt-Telemark er eit distrikt i Telemark fylke. I dag reknast kommunane Bø kommune, Sauherad og Nome med til Midt-Telemark. I 2020 skal Bø og Sauherad slå seg saman under namnet Midt-Telemark kommune. Nome vert ståande utafor, og om dei ikkje seinare vert med på samanslåinga vert det truleg lite aktuelt å halde fram med Midt-Telemark som namn på eit distrikt.

Tidlegare vart dette området kalla Grenland, men det namnet har flytta seg sørover til dagens Grenland.

Midt-Telemarkrådet er regionråd for området, som òg utgjer næringsregion Midt-Telemark. Det ligg i Øvre Telemark prosti i Den norske kyrkja. Som rettsområde er distriktet delt; Bø og Sauherad høyrar til Aust-Telemark tingrett, medan Nome ligg under Nedre Telemark tingrett; både rettskrinsar er under Agder lagdøme.

Litteratur og kjelder