Midtbygda Handelslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 13:41 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Bø kommune (Telemark)» til «Kategori:Bø i Telemark Kategori:Midt-Telemark kommune»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Midtbygda Handelslag blei starta 19. juli 1917. Laget var eit lutlag og låg i i Telemark.

Kring 1950 var det T. Torstveit som var leiar for handelslaget, medan O. Ajer var bestyrar i forretninga. Forretninga var ein assortert landhandel som blei driven frå eigen eigendom og som i tillegg til vanlege varer dreiv sal av oljer og bensin. Kring 1950 sysselsatte forretninga fire personar.[1]

Arkiv

Arkivet etter Midtbygda Handelslag er ordna ved Bø Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 730.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve frå bokhylla.no.