Moa (Ålesund): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Robot: Erstatter mal: Reflist)
m (Robot: Erstatter mal: WP-artikkel)
 
Linje 19: Linje 19:
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==


*{{WP-artikkel|https://no.wikipedia.org/wiki/Amfi_Moa|Amfi Moa}}
*[https://no.wikipedia.org/wiki/Amfi_Moa «Amfi Moa»], Wikipedia
*[https://www.nrk.no/mr/xl/slik-ble-moa-norges-storste-kjopesenter-1.12896664 NRK Møre og Romsdal: «Slik ble Moa Norges største kjøpesenter» (publisert 13. april 2016).]
*[https://www.nrk.no/mr/xl/slik-ble-moa-norges-storste-kjopesenter-1.12896664 NRK Møre og Romsdal: «Slik ble Moa Norges største kjøpesenter» (publisert 13. april 2016).]



Nåværende revisjon fra 26. apr. 2024 kl. 11:08

Moa er eit næringsområde i Ålesund kommune. Området ligg i Spjelkavik, om lag ei mil aust for Ålesund sentrum. Den dominerande verksemda her er Amfi Moa, det fjerde største kjøpesenteret i Noreg.

Historikk

Namnet kjem frå garden Moa, som Ålesund kommune kjøpte tidleg på 1900-tallet. På den 200 mål store garden dreiv byborgarane med matauk, og ei stund vart arbeidslause sett til nødsarbeid her. Jordene på Moa vart gjødsla med innhaldet i tønnene frå utedoane i byen.

På 1930-talet vart det diskutert om det skulle byggast flyplass for Sunnmøre her. Valet sto mellom Vigra (som seinare vart vald) og Moa. Den 14. desember 1933 sto det i avisa Møre at «Kaptein Riiser-Larsen er i Ålesund i desse dagar, og ser på dei påtenkte fjukeplassar, både på Vigra og Moa i Spjelkaviki. Båe stader er det godt høve til utbygging, men Moa hev den store fyremun at det er landfast. Det vil no verta kartlegging og utrekningar, for å få på det reine ogso den økonomiske sida ved saki.»[1]

Etter andre verdenskrig var det to industriverksemder i Moa-området, nemlig Stokke fabrikker og Spjelkavik skofabrikk. I 1970 vart også resten av Moa omregulert til næringsføremål. Det fyrste varehuset i området opna i 1972, og seinare kom Moa Butikksenter (1983), Moa Syd (1991) og Moagård (1995). Desse sentra vart i 2000-åra samanbygde til eitt stort varehus, Amfi Moa.

Verksemder

Referansar

  1. Møre, 14. desember 1933. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur