322 982
redigeringer
(Omdirigerer til Forside:Molde kommune) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|3720 Molde.jpg|Molde sett frå Vestnesferja.|Olve Utne (2008)}} | |||
'''[[Molde]]''' er ein by og administrasjonssenter i [[Molde kommune]] i [[Møre og Romsdal]]. Staden fekk privileger som [[kjøpstad]] i 1742. Det var drygt 20 000 innbyggjarar i Molde i 2013. | |||
Mot slutten av 1800-talet fekk Molde kallenamnet «Rosenes by» på grunn av frodige hagar og parkar. Byen vart tidleg ein turiststad, og fekk besøk mellom anna av keisar [[Wilhelm II av Tyskland]] i åra før [[fyrste verdskrigen]]. | |||
I 1916 vart Molde ramma av ein [[bybrannen i Molde 1916|bybrann]], som øydela den austlege delen av byen. Husa i området vart gjenreist i mur. I 1940 vart skadane større då [[Bombinga av Molde 1940|byen vart bomba]] av tyskarane. Store deler av byen vart øydelagt i bombeåtaket og i storbrannen som braut ut. Sentrum har difor mest bygningar frå etterkrigstida, men ein kan finne eldre hus langs strendene og i lia ovafor byen. | |||
[[Molde domkyrkje]] er sete for [[Møre bispedøme]]. Andre kjende bygninger er [[Molde Rådhus]], [[Seilet hotell]] og kulturhuset [[Bjørnsonhuset]]. | |||
[[Romsdalsmuseet]] ligg i Molde, med underavdelinga [[Fiskerimuseet]] på [[Hjertøya]]. Ein finn også [[Moldegård]], eit område med fleire patrisierhus. | |||
==Galleri== | |||
<gallery> | |||
Fil:6691 Molde domkrk.jpg|Molde domkyrkje. {{byline|Olve Utne (2008)}} | |||
Fil:6710 Molde Politistasjon.jpg|Molde politikammer. {{byline|Olve Utne (2008)}} | |||
Fil:7042 Molde bibliotek.jpg|Molde bibliotek. {{byline|Olve Utne (2008)}} | |||
Fil:7091 Molde kulturhus.jpg|Molde kulturhus. {{byline|Olve Utne (2008)}} | |||
Fil:7095 St. Carolus i Molde.jpg|St. Carolus, tidlegare sjukehus. {{byline|Olve Utne (2008)}} | |||
Fil:7071 Chateauet i Molde.jpg|Chateauet. {{byline|Olve Utne (2008)}} | |||
Fil:7362 St. Sunniva kirkje i Molde.jpg|St. Sunniva katolske kyrkje. {{byline|Olve Utne (2008)}} | |||
</gallery> | |||
==Kjelder== | |||
* {{SSB Tettsteder 1 2012}} | |||
* [http://snl.no/Molde Molde] i ''Store norske leksikon'' | |||
[[Kategori:Byer]] | |||
[[Kategori:Tettsteder]] | |||
[[Kategori:Molde kommune]] |
redigeringer