Moskenes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moskenes kommune
1874 Moskenes komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1874
Fylke Nordland
Kommunesenter Reine
Areal 118.61  km²
Areal land 110.29  km²
Areal vann 8.32  km²
Folketall 979 (2023)
Grunnlagt 1916: Utskilt frå Flakstad
Sammenslåing(er) 1964: Flakstad innlemma.
Fradeling(er) 1976: Flakstad utskilt som eigen kommune igjen.
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Tindshamna mellom Sørvågen og Å i Moskenes kommune.
Foto: Olve Utne (1994).

Moskenes kommune er ein kommune på den sørlige delen av Moskenesøya i Lofoten i Nordland fylke. Kommunesenteret er fiskeværet og tettstaden Reine. Andre fiskevær inkluderer Hamnøy, Sakrisøy, Moskenes, Sørvågen, Tind og Å. Fråflytta fiskevær ved Lofotodden og på yttersida inkluderer Ånstad, Hell(e) og Refsvika. Moskenes kommune grensar til lofotkommunane Flakstad kommune i nord-nordaust og Værøy kommune over Moskstraumen i sør-sørvest. Over Vestfjorden ligg Steigen kommune i aust og Bodø kommune i søraust, begge i Salten.

Administrasjonshistorie

Moskenes herad blei oppretta gjennom utskilling frå Flakstad herad i 1916. I 1964 blei Flakstad og Moskenes slått i hop igjen, no under namnet Moskenes kommune. I 1976 blei kommunane delt igjen, og noverande Moskenes kommune svarar til Moskenes herad sånn det var i 1916–1963.

Folk og språk

Ein del stadnamn i kommunen vitnar om samisk nærvere. Det tydeligaste av dei er nok sjølve kommunenamnet Moskenes, som etter alt å dømme heng i hop med lulesamisk Måsske — jf. òg øya Mosken rett over Moskenesstraumen. Fjorden Kjerkfjorden med sine bratte fjellsider og smale strandsone har nok fått namnet sitt frå storsteinar — lulesamisk giergge.

Den germanske dialekten i området er i hovudtrekk eit typisk lofotmål: Det er apokope av infinitiv (å vett, å køyr, å komm) og preteritum (Han vesst ikkje ka ho tænkt på.); men svake hokjønnsord held stort sett på -a i ubestemt form (ei granbuska, ei læksa). Det finst ikkje endingsvariasjon etter jamvektsregelen i dialekten. Dei personlige pronomena mister ofte -g (e, me, de, se, var. eg, meg, deg, seg). R-lyden går ofte mot postalveolar approksimant, på liknande vis som på Værøy og Røst og i deler av Vesterålen. Spesielt for dialekten utover mot Sørvågen og Å er ein halvtjukk l i ord som enn stoɭ og ei soɭ der saltværing og helgelending har tjukk l (enn stoł, ei soł) og det meste av Lofoten har tynn l (enn stol, ei sol).

Media

Kjente moskenesværingar

Lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!