Motorslåmaskina: Forskjell mellom sideversjoner

m
Behov for maskiner og reparasjonar
(justerer utplukk)
m (Behov for maskiner og reparasjonar)
Linje 19: Linje 19:

Det var ikkje uvanleg at motorane på desse små maskinene var knytt til eit propellanlegg i færingen utanom slåtten.
Det var ikkje uvanleg at motorane på desse små maskinene var knytt til eit propellanlegg i færingen utanom slåtten.
Eit godt spørsmål er: Kvifor vart det selt så mange tohjulingar frå 1945 til litt ut på 1970-talet ? Svara kan vere fleire, men tenkjer ein kysten og fjordane så ser ein at her budde mange familiar på små plassar/bruk med eit stovehus og eit lite uthus med plass til nokre sauer og ei eller to kyr. På bøane til desse hadde det aldri vore ei hesteslåmaskin ein gong. Ei heller i dei bratte bakkane kunne hesteslåmaskina brukast. Då dei fyrste verkeleg vellukka konstruksjonane av motorslåmaskin kom inn i bygdene vart det ofte slik at dei gjekk på leigeslått døgnet rundt til fleire fekk tenkje seg om og investerte sjølve. Med ein tilhengar på denne tohjulingen fekk ein og eit tenleg hjelpemiddel til å få i hus turrhøy og køyre ut møk.
Reparasjonar var og naudsynt. I moderne tid er det lett å tenkje verkstadbil, men i fjordane og ute på øyane var der lite vegar. Ein veit ar til dømes Aebiforhandlaren Knut Skurtveit i Bergen hadde ei tid eigen reparatør med båt, busett nord om Statt. Denne skal ha hatt øyane og fjordane frå Sunnmøre til Bergen som sitt område. (Vonar ein kvan som veit meir les dette og hjelper til med informasjon). Det var og mange mekanikarar i bygdene som var reine trollmenn til å få desse lunefulle maskinene til å virke.

Ein skulle ynskje at nokon tok på seg oppgåva å skrive historia om traktor- og maskinseljarane i Noreg frå 1945 til ca. 1975 då dette meir vart ein vanleg kontorjobb. Ikkje alle av desse hadde den store kunnskapen om teknikk så det vil vere ei kraftig overdriving å påstå at alt som vart sagt var heilt sant. Kundane var på si side vande med dei tidlegare hestehandlarane som heller ikkje var kjende for å vere "skorne for tungebandet" som det heitte. Ei god historie som fekk kundane i "stemning til å handle" var ofte viktigare enn kva for maskin av desse vanlegaste, samanlignbare som kom til gards.  

Skribenter
1 565

redigeringer