Musikksenteret: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(Ny side: '''Musikksenteret AS''' var ei spesialforretning for plater og musikkanlegg i Sykkylven. Det var Odd Egil Hoprekstad, Bjørn Lade og Per Kjartan Lade som skipa firmaet som aksjeselskap i...) |
({{nn}}) |
||
Linje 13: | Linje 13: | ||
[[Kategori:Næringsliv]] | [[Kategori:Næringsliv]] | ||
[[Kategori:Sykkylven kommune]] | [[Kategori:Sykkylven kommune]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 5. sep. 2017 kl. 17:36
Musikksenteret AS var ei spesialforretning for plater og musikkanlegg i Sykkylven. Det var Odd Egil Hoprekstad, Bjørn Lade og Per Kjartan Lade som skipa firmaet som aksjeselskap i 1979. Dei kjøpte då varelager og inventar av firmaet Maskinservice, som hadde drive ei liknande forretning nokre år. Butikklokala vart som tidlegare i Klock-huset på Aure.
Musikksenteret A/S selde plater, kassettar, stereoanlegg m.m., og hadde elles eigen serviceverkstad. Det var to tilsette i firmaet i 1983. Odd Egil Hoprekstad var dagleg leiar.
Butikkdrifta vart lagt ned etter nokre år då innehavarane gjekk over i anna verksemd.
Kjelde:
- Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.