Musikksenteret

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. apr. 2015 kl. 10:02 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Musikksenteret AS''' var ei spesialforretning for plater og musikkanlegg i Sykkylven. Det var Odd Egil Hoprekstad, Bjørn Lade og Per Kjartan Lade som skipa firmaet som aksjeselskap i...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Musikksenteret AS var ei spesialforretning for plater og musikkanlegg i Sykkylven. Det var Odd Egil Hoprekstad, Bjørn Lade og Per Kjartan Lade som skipa firmaet som aksjeselskap i 1979. Dei kjøpte då varelager og inventar av firmaet Maskinservice, som hadde drive ei liknande forretning nokre år. Butikklokala vart som tidlegare i Klock-huset på Aure.

Musikksenteret A/S selde plater, kassettar, stereoanlegg m.m., og hadde elles eigen serviceverkstad. Det var to tilsette i firmaet i 1983. Odd Egil Hoprekstad var dagleg leiar.

Butikkdrifta vart lagt ned etter nokre år då innehavarane gjekk over i anna verksemd.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.