Myrhyrna

Myrhyrna (òg kalla Myrhorn) er eit karakteristisk fjell i Jostedalen i Luster kommune. Myrhyrna ligg opp for stølen Myri og Geisdalsfossen vest for Krekagrendi, og det trigonometriske punktet litt nedanfor toppen er 1448 m.o.h.

Johannes Flintoe: Myrhorn i Jostedalen (1834), gouache

Myrhyrna er særleg kjent som motiv for Johannes Flintoe, som var i Jostedalen i august 1822. Dette resulterte i fyrste omgang i gouachen Myrhorn i Jostedalen (1834). Då Flintoe i 1841 deokrerte veggane i Fugleværelset på Slottet i Oslo, valde han Myrhyrna som eitt av motiva. Kunstverket er såleis ofte å sjå i bakgrunnen på offisielle fotografi frå statsbesøk. Fjellet har òg vore motiv for ei rekkje andre kunstnarar, til dømes Joachim Frich.

Etter at det kom ein anleggsveg opp i Vanndalen på sørsida av Myrhyrna i 1980-åra, har det vorte ein lett og overkomeleg tur å kome seg til den framifrå utsiktstoppen.

Litteratur

  • Messel, Nils (red.). (2008). Oppdagelsen av fjellet. Oslo: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.