Namdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Namdalen (norsk) eller Nååmesjevuemie (sørsamisk) er eit landskap eller ein region i Nord-Trøndelag fylke med til saman 38 085 innbyggjarar (1. juli 2007) og 13 780 kvadratkilometer, fordelt på dei 14 kommunane Flatanger, Namdalseid, Namsos, Fosnes, Nærøy, Vikna, Leka, Overhalla, Høylandet, Grong, Namsskogan, Røyrvik, Lierne og Snåsa.

Landskapet har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Stundom skil ein mellom Indre Namdal og Ytre Namdal. Landskapet grensar til Innherad, Fosen og Helgeland i Noreg og Jämtland i Sverige. Det er to byar i området — Namsos og Kolvereid. Kolvereid er den minste byen i Noreg.

Mal:Nord-Trøndelag

Mal:Bokmålswikipedia