Nikolaus Gjelsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. feb. 2013 kl. 13:53 av Randi Melvær (samtale | bidrag) (Ny side: '''Nikolaus Gjelsvik''' fødd den 11. april 1866, død den 14. november 1938, fødestad Gjelsvik i Askvoll var ein norsk jurist og målmenneske. == Familie == Nikolaus Gjelsvik kom fr...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nikolaus Gjelsvik

fødd den 11. april 1866, død den 14. november 1938, fødestad Gjelsvik i Askvoll var ein norsk jurist og målmenneske.

Familie

Nikolaus Gjelsvik kom frå Gjelsvik i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus Gjelsvik var ein uvanleg dyktig jurist og aktiv i målrørsla. I 1900 gifte han seg med Eugenie Karoline Ursula Marie Kallhardt og fekk etterkvart åtte born.

Utdanning og dei første arbeidsåra

Allereie som tenåring var Gjelsvik målmedviten. Som foreldrelaus bondeson frå Gjelsvik, trong han økonomisk hjelp for å ta studenteksamen. Denne hjelpa fekk han av Lars Oftedal i Stavanger. I 1887 tok han eksamen på latinlina. Då hadde foreldra hans vore døde i 7 år. I 1893 var han ferdig cand.jur. og byrja å arbeide som dommarfullmektig og konstituert sorenskrivar. I 1897 konkurrerte han om eit professorat, og skreiv to avhandlingar, ei avhandling med eit fastsett emne og ei avhandling med sjølvvalt emne. I 1898 fekk han doktorgraden godkjent med avhandlinga "Den norske Privatrets Lære om Vildfarelsens Indflydelse paa Retshandlers Gyldighed".

Dosent og professor

I 1897 blei han utnemnt som dosent i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo (Kristiania). Det var Stortinget som løyvde denne dosentløna så Gjelsvik kunne "fortsætte sine Studier og at udnytte sin Begavelse i Universitetets og Videnskabens Tjeneste". Han studerte vidare i Tyskland med stipend frå heimlandet. I 1906 blei han utnemnt til professor i Oslo (Kristiania). Denne stillinga hadde han til 1936, då han gjekk av som pensjonist to år før han døydde. Som professor publiserte han svært mykje. Han gav ut læreboka "Innleiding til rettsstudiet" i 1912. Denne gav nybakte studentar ei innføring i juridisk tenking. Allereie i 1903 hadde han klar ei nynorsk omsetjing av grunnlova. Dette var eit oppdrag frå justisdepartementet. Gjelsvik møtte også i høgsterett i ein lengre periode, frå 1901 til 1920 og frå 1928, som ekstraordinær dommar. Han blei utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Leipzig. Gjelsvik hadde ein uvanleg stor arbeidskapasitet.

Nynorsk rettsmål

Ein av tinga Nikolaus Gjelsvik er mest kjend for er at han grunnla eit nynorsk rettsspråk. Folkerett og nynorsk rettsspråk blei det han brann for. Han skreiv i 1938 boka "Von og veg, norsk målføring. Norsk eller latinsk stilgrunnlag. Nokre ord til ettertanke for målfolk og bokmålsfolk". Boka kom ut i ny utgåve med heile 246 s. I boka diskuterte Nikolaus Gjelsvik kva for førebilete ein skal ha for språkbruken sin, og spesielt for lovspråket. Han kom med tallause eksempel på god og dårleg omsetjing frå bokmål, dansk, tysk og latin til nynorsk. Denne boka skreiv han medan han var svært sjuk, og avslutta ho berre nokre månader før han døydde.

Folkerett

I 1905 var det stor interesse for førelesingar i folkerett. Dette pga. unionstriden med Sverige. Nikolaus Gjelsvik hadde førelese om folkerett frå 1898 og var ekspert på dette emnet. Frå 1901 til 1902 var han medlem i ein komite som arbeidde med Noregs høve til Haag-konvensjonen. Han arbeidde for Nobelinstituttet frå 1904 til 1906. Han hadde skrive mykje om dei juridiske aspekta ved unionen med Sverige. I 1905 var han med som juridisk sakkunnig under Karlstadforhandlingane. Her fekk han inn ein eigen klausul. Denne er seinare blitt brukt i andre traktatar. Sidan skreiv han ei bok om unionsoppløysinga på tysk saman med professor A. Aall. Han skreiv også ei lærebok i folkerett. Her la han vekt på fredsarbeid, men også at alle statar skulle ha eit sterkt forsvar. Det skulle ha kome ut ein del to av boka om folkerett, men på grunn av Den første verdskrigen verka det som Gjelsvik miste noko av trua på folkeretten, og boka kom aldri ut.

Fleire lærebøker

I 1918 kom ei lærebok om mellomfolkeleg privatrett. Her presenterte han heilt nye teoriar. I 1919 skreiv Gjelsvik læreboka "Norsk tingsrett". Denne omfattar læra om eigedomsrett, bruksrettar og andre hefte på eigedomar. Denne boka reknast som noko av det beste han skreiv. I 1929 gav Gjelsvik ut "Juridisk ordliste". I det heile skreiv Gjelsvik mykje. Han skreiv mykje i aviser. Bibliografien hans er på heile 24 sider.

Målmannen

Noregs ungdomslag blei stifta i 1896. Nikolaus Gjelsvik var med i styret frå 1902. I perioden frå 1906 til 1915 var han leiar. Han utvikla organisasjonen på ein fast og god måte, planla godt og la strategiar for gjennomføring av planane. Han skaffa Noregs ungdomslag ei skrivarstove med Edvard Os som leiar. Gjelsvik ville ha folkeopplysning på norsk grunn. Han reiste på mange talarferder rundt i landet.

Det norsk samlaget

Nikolaus Gjelsvik var leiar av Det norske samlaget frå 1903 til 1919 og var ei verkeleg drivande kraft. Han planla arbeidet for forlaget på ein god måte. Olav Midttun meinte at det var i samlaget Gjelsvik gjorde mest for målsaka. Talet på utgjevingar gjekk opp. Eit stort tal nynorske barnebøker blei m.a. utgitt i gode, nynorske omsetjingar. Desse blei distribuerte til barne- og ungdomsbiblioteka. Samlaget gav også ut Gjelsviks juridiske lærebøker på nynorsk.

Noregs mållag, leiar 1912-1915

Allereie i 1900 hadde Gjelsvik støtta studentmållaget. Nikolaus Gjelsvik var med i styret i Noregs mållag frå laget vart stifta den 4. februar 1906. Han møtte truleg på skipingsmøtet både som representant for Det norsk samlaget og for Firda Mållag. I tre år, frå 1912 til 1915 var han leiar av organisasjonen. I denne perioden var han også leiar av Noregs ungdomslag og Det norske samlaget. Dette seier noko om den store arbeidskapasiteten hans. Han var flink til å nytte tida. I langdryge møte eller mens han venta på trikken las han rett som det var korrektur.

Landsgymnas

Ideen til landsgymnas var det Gjelsvik som hadde. Her skulle bondeungdomen få opplæringa si på landsmål. Slike gymnas blei oppretta fleire stader. Han hadde også ein ide om at Universitetet i Bergen skulle bli eit nynorsk universitet. Dette gjekk ikkje i gjennom.

Utanrikspolitisk innsikt

Nikolaus Gjelsvik var ein mann med stor innsikt i utanrikspolitikken. Før den første verdskrigen såg han teikn på at ufred var i vente. Dette såg han også på slutten av 1930-talet. Han var tilhengar av sterke nasjonale forsvar som eit hinder for krig.

Fråhaldsmannen

Heile livet var Nikolaus Gjelsvik fråhaldsmann. Det var IOGT som var hans organisasjon.

Verk i utval

  • Den norske Privatrets Lære om Vildfarelsens Indflydelse paa Retshandlers Gyldighed. Doktoravhandling, 1897.
  • Nynorsk omsetjing av grunnlova, 1903.
  • Innleiding i rettsstudiet 1912. (5. utg. V.Langvand og Thune i 1968)
  • Die norwegisch-schwedische Union, ihr Bestehen und ihre Lösung, saman med A. Aall. Breslau 1912.
  • Lærebok i folkerett, 1915.
  • Lærebok i millomfolkeleg privatrett, 1918 (2.utg. 1936)
  • Norsk tingsrett, 1919 (førelesingsreferat, 3. utg. v. Solem 1936)
  • Norsk personrett, 1923 (førelesingsreferat, 2. utg. v. Augdahl, 1934)
  • Utanrikspolitiske tankar, 1927.
  • Juridisk ordliste, 1929.
  • Lover i utval på nynorsk, 1936.
  • Von og veg, 1938 og 1950. Norsk bokreidingslag.

Kjelder og bakgrunnstoff

  1. Kleppa, Hermund: Gjelsviksteinen. Artikkel i Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2001.
  2. Kleppa, Hermund: Tre frå fylket til stades då Noregs Mållag vart skipa. Artikkel på heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune, publisert den 3. februar 2006.
  3. Store norske leksikon: Nikolaus Gjelsvik
  4. Norsk allkunnebok
  5. Allkunne: Nikolaus Gjelsvik
  6. Wikipedia, bokmål: Nikolaus Gjelsvik
  7. Kvaale, Anne Johanne: "Eg vil heller tenkja rett åleine, enn rangt i lag med andre" Nikolaus Gjelsvik 1866-1938. Artikkel i "Jul i Sunnfjord" 1997.
  8. "Professor Nikolaus Gjelsvik 1866-1938." Minneskrift frå Norsk Måldyrkingslag. Universitetsforlaget 1968. Bibliografi s.40-63.
  9. "Sunnfjord ungdomslag gjennom 75 år". Laget 1973. 1950.
  10. Lothe, Anders A.: "Målreisingssoga i Sogn og Fjordane"
  11. Midttun, Olav: "Mål og menn, utgridingar og livsskildringar". Det norske samlaget, 1953.
  12. Norsk biografisk leksikon, 1929.
  13. Losnegård, Gaute: Noregs Ungdomslag. I Norsk allkunne, oppslag 24.05.2012.
  14. "Året 1905 i Sogn og Fjordane", Fylkesarkivet, Skald forlag, 2005.