Nikolaus Gjelsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolaus Gjelsvik.
Bauta over professor Nikolaus Gjelsvik i Askvoll, avduka i 1941.
Foto: Arild Nybø.

Nikolaus Mathias Gjelsvik (fødd den 11. april 1866 i Askvoll, Sunnfjord, død i Oslo den 14. november 1938) var jurist og norskdomsforkjempar. Han var fyrst dosent (1897), så frå 1906 til 1936 professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, og var ein framståande ekspert mellom anna i mellomfolkelege rettstilhøve. Han var rådgjevar under Karlstad-forhandlingane under unionsoppløysinga i 1905. Som norskdomsmann var Gjelsvik ein kraftfull organisator innan både målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla, og han blir rekna som grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. I 1930-åra markerte Gjelsvik seg med sterkt nasjonalistisk farga standpunkt i politiske spørsmål som forsvarssaka og Grønlandssaka.

Familie

Nikolaus Gjelsvik var fødd og oppvaksen på Sørgarden i grenda Gjelsvika i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Garden var den største garden i bygda, og etter måten stor i vestlandsk målestokk.[1] Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var gardbrukarparet Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus vart altså med eitt slag foreldrelaus som 14-åring. Han var nummer seks av ein syskenflokk på ni. [2]

I 1900 gifte Gjelsvik seg med Eugenie Karoline Ursula Marie Kallhardt (1874-1950). Ho var frå Bayern, dotter til professor Friederich Kallhardt og Marie W. U. Ruprecht. Nikolaus og Eugenie Gjelsvik fekk etterkvart åtte born. Dei bygde seg heimen Leitet på Slemdal i Oslo. Familien var seinare mykje på feriar i barndomsbygda hans. Dei budde hjå systera til Gjelsvik i Bjørndalen, til dei i 1929 fekk bygd seg ei hytte som lokalt gjekk under namnet Professorstaua. Gjelsvik heldt seg med eigen robåt der som vart heitande Professorbåten.[3]

Han var onkel til skulemannen Agvald Gjelsvik.

Utdanning og dei første arbeidsåra

Allereie som tenåring var Gjelsvik målmedviten. Som foreldrelaus bondeson frå Gjelsvik trong han økonomisk hjelp for å ta studenteksamen. Denne hjelpa fekk han av Lars Oftedal i Stavanger. I Stavanger var han skulekamerat med den seinare biskop og nynorskforkjempar Peter Hognestad, som også var blant dei som Oftedal hjelpte fram. På latinskulen hadde dei den seinare statsminister Johannes Steen som lærar. Som Oftedal og Steen sokna Gjelsvik sidan politisk til Venstre.

Han var venteleg i oppveksten påverka av eit aktivt frilynt ungdoms- og målarbeid som vart drive i Sunnfjord i 1870- og 1880-åra. Det kan nemnast namn som David Bakke frå Holmedal, Elias Melvær og Mons Litlere.[4]

Gjelsvik tok studenteksamen i 1887. I 1893 var han ferdig cand.jur. ved Universitetet i Kristiania. Eit par års tid var han dommarfullmektig og konstituert sorenskrivar i Strinda og Selbu sorenskriveri. Deretter fekk han stipend og studerte i to år i Tyskland (Heidelberg og Berlin 1895-1897) .

Juristen og vitskapsmannen

Dosent og professor

I 1897 konkurrerte Gjelsvik om eit professorat ved Universitetet i Kristiania. Konkurrenten var høgsterettsadvokat Fredrik Stang, son av høgreleiaren Emil Stang og seinare sjølv høgrepolitikar og statsråd. Konkurrentane vart bedne om å skrive to avhandlingar kvar, ei med eit fastsett og ei med sjølvvalt emne. Stang gjekk av med sigeren. Gjelsvik blei i staden utnemnt til eit nyoppretta dosentur i rettsvitskap ved universitetet. Det var Stortinget som løyvde denne dosentløna så Gjelsvik kunne «fortsætte sine Studier og at udnytte sin Begavelse i Universitetets og Videnskabens Tjeneste». Gjelsvik var den første læraren ved fakultetet av bondestandet, og han var målmann. Det var på dette tidspunktet berre ein professor ved universitetet som underviste på landsmål, Marius Hægstad. Gitt den ulike sosiale og politiske bakgrunnen til Gjelsvik og Stang, var det neppe til å unngå at striden om professoratet fekk politiske overtonar.

I 1898 fekk Gjelsvik doktorgraden godkjent med avhandlinga «Den norske Privatrets Lære om Vildfarelsens Indflydelse paa Retshandlers Gyldighed».

I 1906 blei han utnemnt til professor i Oslo (Kristiania). Denne stillinga hadde han til 1936, då han gjekk av som pensjonist to år før han døydde. Som professor publiserte han svært mykje. Han gav ut læreboka Innleiding til rettsstudiet i 1912. Denne gav nybakte studentar ei innføring i juridisk tenking. Allereie i 1903 hadde han klar ei nynorsk omsetjing av grunnlova. Dette var eit oppdrag frå justisdepartementet. Gjelsvik møtte også i høgsterett i ein lengre periode, frå 1901 til 1920 og frå 1928, som ekstraordinær dommar. Han blei utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Leipzig 1929. Gjelsvik hadde ein uvanleg stor arbeidskapasitet.

Nynorsk rettsmål

Ein av tinga Nikolaus Gjelsvik er mest kjend for er at han grunnla eit nynorsk rettsspråk. Folkerett og nynorsk rettsspråk blei det han brann for. Han skreiv i 1938 boka Von og veg, norsk målføring. Norsk eller latinsk stilgrunnlag. Nokre ord til ettertanke for målfolk og bokmålsfolk. Boka kom ut i ny utgåve med heile 246 s. I boka diskuterte Nikolaus Gjelsvik kva for førebilete ein skal ha for språkbruken sin, og spesielt for lovspråket. Han kom med tallause eksempel på god og dårleg omsetjing frå bokmål, dansk, tysk og latin til nynorsk. Denne boka skreiv han medan han var svært sjuk, og avslutta ho berre nokre månader før han døydde.

Folkerett

I 1905 var det stor interesse for førelesingar i folkerett. Dette pga. unionstriden med Sverige. Nikolaus Gjelsvik hadde førelese om folkerett frå 1898 og var ekspert på dette emnet. Frå 1901 til 1902 var han medlem i ein komite som arbeidde med Noregs høve til Haag-konvensjonen. Han arbeidde for Nobelinstituttet frå 1904 til 1906. Han hadde skrive mykje om dei juridiske aspekta ved unionen med Sverige. I 1905 var han med som juridisk sakkunnig under Karlstadforhandlingane. Her fekk han inn ein eigen klausul. Denne er seinare blitt brukt i andre traktatar. Sidan skreiv han ei bok om unionsoppløysinga på tysk saman med professor A. Aall. Han skreiv også ei lærebok i folkerett. Her la han vekt på fredsarbeid, men også at alle statar skulle ha eit sterkt forsvar. Det skulle ha kome ut ein del to av boka om folkerett, men på grunn av Den første verdskrigen verka det som Gjelsvik miste noko av trua på folkeretten, og boka kom aldri ut. Hans sympati under verdskrigen hadde lege klårt på tysk side.[5]

Fleire lærebøker

I 1918 kom ei lærebok om mellomfolkeleg privatrett. Her presenterte han heilt nye teoriar. I 1919 skreiv Gjelsvik læreboka Norsk tingsrett. Denne omfattar læra om eigedomsrett, bruksrettar og andre hefte på eigedomar. Denne boka reknast som noko av det beste han skreiv. I 1929 gav Gjelsvik ut Juridisk ordliste. I det heile skreiv Gjelsvik mykje. Han skreiv mykje i aviser. Bibliografien hans er på heile 24 sider.

Norskdomsforkjemparen

Nasjonalt sjølvstende og sjølvrealisering stod i ideologisk sentrum for Gjelsvik, både når det galdt målstrev og politikk. Han var uttrykkeleg skeptisk til å dyrke regional og lokal eigenart:

«Kva bryr eg meg om sunnfjordsk reising, endå eg er frå Sunnfjord. Likså lite er gagn i austlandsk, trøndsk, nordlandsk, sørlandsk eller vestlandsk reising. Norsk reising er det einaste ein kan bry seg om, for det er berre ho som kan føre til noko. All onnor reising er å setja seg på baktofta og strika med årane istadenfor å hjelpa til med å ro båten fram.»[6]

Gjelsviks nasjonale framfor lokale perspektiv på målreisinga blir stadfesta av eit sitat frå Sven Moren. Moren hadde treft Gjelsvik for første gong i redaksjonen til Den 17de Mai i 1898, og fortel kor positivt forundra han vart over denne akademikaren av bondestand. Det var ikkje minst det at Gjelsvik «tala klingande nynorsk, dialektfri høgnorsk, så lytefritt og trygt som hadde han aldri lært anna mål.» (Kursivering gjort her på wikien.)[7]

Gjelsvik gjorde ein stor innsats for å styrke norskdomsrørsla, ikkje minst organisatorisk på sentralt plan. Eit viktig ledd i dette arbeidet kom på plass da det i 1913 lykkast han å få oppretta eit felles sekretariat og medlemsblad for Noregs ungdomslag og Noregs mållag. Gjelsvik var i fleire år samtid leiar i båe desse landssamskipnadene og endatil Det norske samlaget.

Noregs ungdomslag, leiar 1903-1919

Noregs ungdomslag blei stifta i 1896. Nikolaus Gjelsvik var med i styret frå 1902. I perioden frå 1906 til 1915 var han leiar. Han utvikla organisasjonen på ein fast og god måte, planla godt og la strategiar for gjennomføring av planane. Han skaffa Noregs ungdomslag ei skrivarstove med Edvard Os som leiar. Gjelsvik ville ha folkeopplysning på norsk grunn. Han reiste på mange talarferder rundt i landet.

Det norske samlaget, leiar 1903-1919

Nikolaus Gjelsvik var leiar av Det norske samlaget frå 1903 til 1919, og var ei verkeleg drivande kraft. Han planla arbeidet for forlaget på ein god måte. Olav Midttun meinte at det var i samlaget Gjelsvik gjorde mest for målsaka. Talet på utgjevingar gjekk opp. Ikkje minst arbeidde han for å forbetre tidsskriftet Syn og Segn. Eit stort tal nynorske barnebøker blei utgitt, av Rasmus Løland og andre norske, og dessutan nynorske omsetjingar av utanlandske barnebokklassikarar. Desse blei distribuerte til barne- og ungdomsbiblioteka. Samlaget gav også ut Gjelsviks juridiske lærebøker på nynorsk.

Noregs mållag, leiar 1912-1915

Allereie i 1900 hadde Gjelsvik støtta studentmållaget. Nikolaus Gjelsvik var med i styret i Noregs mållag frå laget vart stifta den 4. februar 1906. Han møtte truleg på skipingsmøtet både som representant for Det norsk samlaget og for Firda Mållag. I tre år, frå 1912 til 1915 var han leiar av organisasjonen. I denne perioden var han også leiar av Noregs ungdomslag og Det norske samlaget. Dette seier noko om den store arbeidskapasiteten hans. Han var flink til å nytte tida. I langdryge møte eller mens han venta på trikken las han rett som det var korrektur.

Landsgymnas og eit nynorsk universitet?

Ideen til landsgymnas var det Gjelsvik som hadde. Her skulle bondeungdomen få opplæringa si på landsmål. Slike gymnas blei oppretta fleire stader. Han hadde også ein ide om at Universitetet i Bergen skulle bli eit nynorsk universitet. Dette gjekk ikkje i gjennom.

Forsvarssak og anna politisk engasjement

Nikolaus Gjelsvik var ein mann med stor innsikt i folkerettslege spørsmål, og med sterk interesse for utanrikspolitikk. Før den første verdskrigen såg han teikn på at ufred var i vente. Dette meinte han også å sjå på 1930-talet.

I lys av dei historiske røynslene frå forfatningskampane i 1880-åra, og ikkje minst frå hendingane rundt 1905, som Gjelsvik sjølv stod midt oppe i, var Gjelsvik ein ihuga tilhengar av eit sterkt, folkeleg basert forsvar. Han engasjerte seg elles i fredssaka, men skilde klårt mellom «fredsvenerne» og «fredssauerne», og rekna seg naturleg nok sjølv til den fyrste kategorien. «Dei kloke fredsmennerne vil nettupp ha folket i vaapen.»[8]

Forsvarsengasjementet fekk ein ny oppkveik i opposisjon mot den nedtrappinga av det militære forsvaret som fann stad rundt 1930. Ispedd ein sterk antimarxisme, fekk dette Gjelsvik til å gå i spann ikkje berre med venstrenasjonalistiske, men også ytterleggåande høgreradikale krefter.

I 1931 blei han beden om å stille i sentralkomiteen for den nye raseideologisk funderte og antiparlamentariske Nordisk Folkereisning i Norge, som Vidkun Quisling og Frederik Prytz stod i spissen for. Gjelsvik takka nei på grunn av sviktande helse, men tilbaud seg å vere til hjelp på annan måte.[9] Hans Fredrik Dahl reknar opp Gjelsvik som ein av fleire som tilhøyrde ein litt eldre generasjon, «og som var kjent fra Frisinnede Venstres fargerike skare».

Ei par år seinare stilte Gjelsvik opp for Quisling da sistnemnde var i hardt ver som ein særs omstridd forvarsminister. Ei lang rekkje namngjetne menn skreiv seg under på eit opprop til støtte for Quisling i 1932. Gjelsvik var blant desse, og han hadde sjølv hjelpt til med omsetjing av oppropet til nynorsk, og ved å ha formulert følgjande avsnitt:

«Me er so takksame mot riksråd Quisling, som hev synt i gjerning at han er rette mannen på rette staden. Me krev no, at riksmaktene tek alle turvande åtgjerder [...] Det er betre å vera fyre var enn etter snar.»[10]

Gjelsvik blei året etter utpeika til landsstyret for Norges Leidangs Lag. Det var den nye frivillige militæropplæringa som forsvarsminister Quisling hadde fått i stand, og som kritikarane meinte var eit framhald av dei «kvite gardane» frå 1920-åra, paramilitære grupper som retta seg mot arbeidarrørsla.[11]

Fråhaldsmannen

Heile livet var Nikolaus Gjelsvik fråhaldsmann. Det var IOGT som var hans organisasjon.

Verk i utval

  • Den norske Privatrets Lære om Vildfarelsens Indflydelse paa Retshandlers Gyldighed. Doktoravhandling, 1897.
  • Nynorsk omsetjing av grunnlova, 1903.
  • Innleiding i rettsstudiet 1912. (5. utg. V.Langvand og Thune i 1968)
  • Die norwegisch-schwedische Union, ihr Bestehen und ihre Lösung, saman med A. Aall. Breslau 1912.
  • Lærebok i folkerett, 1915.
  • Lærebok i millomfolkeleg privatrett, 1918 (2.utg. 1936)
  • Norsk tingsrett, 1919 (førelesingsreferat, 3. utg. v. Solem 1936)
  • Norsk personrett, 1923 (førelesingsreferat, 2. utg. v. Augdahl, 1934)
  • Utanrikspolitiske tankar, 1927.
  • Juridisk ordliste, 1929.
  • Lover i utval på nynorsk, 1936.
  • Von og veg, 1938 og 1950. Norsk bokreidingslag.

Referansar

  1. Gjelsvik, O. 1999 side 89.
  2. Knudsen, S.Å. 1987 side 124.
  3. Gjelsvik, O. 1999 side 96.
  4. Gjelsvik, O. 1999 side 95.
  5. Knoph, R. 1929 side 472.
  6. Sitert i Jul i Sunnfjord 1997 side 28, utan kjeldetilvising.
  7. Moren sitert hjå Gjelsvik, O. 1999 side 94.
  8. Hoel, O.L. 2011 side 309.
  9. Dahl, H.F. 1991 side 162.
  10. Borgersrud, L. 2010 side 136.
  11. Borgersrud, L. 2010 side 193.

Kjelder og bakgrunnstoff