Nils Ingvar Aanes: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
(Frei)
Linje 22: Linje 22:
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Avholdsfolk]]
[[Kategori:Avholdsfolk]]
[[Kategori:Frei]]
[[Kategori:Kristiansund kommune]]
[[Kategori:Kristiansund kommune]]
[[Kategori:Vestnes kommune]]
[[Kategori:Vestnes kommune]]

Sideversjonen fra 11. mai 2016 kl. 12:48

Nils Ingvar Aanes (fødd 6. juli 1891 i FreiNordmøre, død 17. januar 1981) var lærar, gardbrukar, organist og aktiv fråhaldsmann (D.N.T.). Mellomnamnet er også skreve Ingvard.

Han var son av snikkar Halstein Aanes og Elen f. Aasen. Nils Ingvard Aanes tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1912 og gjekk seinare fleire kurs.

Som nyutdanna var han 1912-12 vikar i Grimstad krins, Straumsnes på Møre. Aanes arbeidde som lærar i Årsund, Rakstang i Straumsnes, 1913-16. I 1917 vart han tilsett ved skulen i Rypdal i dåverande Sylte (Tresfjord) kommune. Seinare vart han skulestyrar i Tresfjord.

Frå 1921 var Nils Aanes òg organist i Tresfjord kyrkje, medan han i 1927 vart formann i soknerådet. I bolken 1918-33 var han formann i Tresfjord lærarlag og hadde elles mange kommunale ombod. Under andre verdskrigen var han formann i forsyningsnemnda og styreformann for trygdekassa i Tresford. Han sat fleire år i styret for Møre Felleskjøp, Ålesund.

Aanes var gift med Agnes Aarsund (1891-1977), dotter av Anders Aarsund og Margit f. Ødegaard. I 1934 hadde ekteparet Aanes tre søner og ei dotter. Nils og Agnes Aanes er gravlagde på Tøndergård gravlund i Molde.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket