Nordberg (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nordberg er eit kyrkjesokn i Skjåk. Det utgjer den delen av kommunen som ligg vest for bygdesenteret Bismo. Nordberg har tidlegare også vore eige valsokn, poststad med rikstelefonsentral, og etter andre verdskrigen har soknet utgjort ein eigen skulekrins med Nordberg skule som sentralskule for 1.– 7. trinn i folkeskulen/barneskulen.

Nyinndeling av prestegjeld, sokn og herad i 1860-åra

Delinga av Skjåk prestegjeld i høvesvis Skjåk hovudsokn og Nordberg annekssokn skjedde ved kongeleg resolusjon av 23. september 1865, med verknad frå nyttår 1866. Det stod da allereie ei ny kyrkje klar i Nordberg, påbegynt i 1861 og innvigd 7. juli 1864. Soknedelinga skjedde i kjølvatnet av at Skjåk var blitt eige prestegjeld, frådelt Lom, i 1863. Frå same tidspunkt som bygda vart delt i Skjåk og Nordberg sokn, 1. januar 1866, vart Skjåk også skilt ut frå Lom som formannskapsdistrikt (kommune).

Namn og grenser

Namnet Nordberg har bakgrunn i den tradisjonelle omtalen av vestdelen av bygda som stroka «Norda berget». (I lokal daglegtale blir det aust-vest-gåande Otta-dalføret omtala som sør-nord-gåande.) «Berget» som set skiljet mellom dei to delane av bygda, er Bispberget, som ruver over kommunesenteret Bismo. Grensa mellom Nordberg og Skjåk sokn går tvers gjennom Bismo. Nærare bestemt vart skiljet mellom kyrkjesokna sett mellom gardsnummer 28 Lund og 83 Teigum på sørsida av Ottaelva («baksida» i dialekten), og mellom 29 Berger og 127 Skei på nordsida («solsida»).