Nordheim (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. mar. 2011 kl. 02:30 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: '''Nordheim (Stabblandet)''', eldre namn '''Nautan''', er ein matrikkelgard på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommuneNordmøre. Namnet Nordheim...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordheim, eldre namn Nautan, er ein matrikkelgard på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommuneNordmøre. Namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 18791880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang, låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av Nordheimsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der.

Namnet Nautan