Nordstog Trydal (Bykle): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 384: Linje 384:
Då dei hadde Store-Arne, sonen, til dåpen i 1857, vart faren oppskriven som bruksmann i [[Berdalen (Bykle gnr 3)|Berdalen]], og sameleis då Lisle-Arne vart døypt to år seinare. Knut har vel då vore medbrukar hjå bror sin. I 1862, då Sigrid vart døypt, var dei busetar her i Nordstog hjå bror hennes, Torleiv Arnesson. Ved [[folketellingen 1865|folketeljinga]] på slutten av 1865 var atter Tore og døtrene busetar her, men då hadde ho vorte enke. Dødsfallet åt Knut står ikkje i Valle kyrkjebok, så berre på det grunnlaget lyt ein tru at han må ha døytt utanfor bygda.  

Denne tanken vert stadfest i eit minnestykke som Sigrid, dotter hans, skreiv i 1931-32. Her går det fram at Knut og Tore flutte til Stavanger i 1862, og at Knut då fekk seg arbeid i ei kornforretning. Dette må ha vore om våren eller sumaren det året, ettersom Sigrid vart døypt i Bykle i februar. Systera Anne vart derimot fødd og døypt i Stavanger. Hausten 1864 herja det ein [[tyfus]]epidemi i byen, og kort etter at Anne vart fødd døydde broren Lisle-Arne. Eit par veker seinare døydde også far deira. Tore skreiv då heim til mora og fortalde kva som hadde hendt, og noko fyre jol 1865 kom broren Torleiv med hest og slede til Stavanger, og henta henne og borna heim til Trydal. Dette er då bakgrunnen for for at me finn dei her i folketeljinga frå 1865, som vart oppteke 31.12. det året.  
Denne tanken vert stadfest i eit minnestykke som Sigrid, dotter hans, skreiv i 1931-32. Her går det fram at Knut og Tore flutte til Stavanger i 1862, og at Knut då fekk seg arbeid i ei kornforretning. Dette må ha vore om våren eller sumaren det året, ettersom Sigrid vart døypt i Bykle i februar. Systera Anne vart derimot fødd og døypt i Stavanger. Hausten 1864 herja det ein [[tyfus]]epidemi i byen, og kort etter at Anne vart fødd døydde broren Lisle-Arne. Eit par veker seinare døydde også far deira. Tore skreiv då heim til mora og fortalde kva som hadde hendt, og noko fyre jol 1865 kom broren Torleiv med hest og slede til Stavanger, og henta henne og borna heim til Trydal. Dette er då bakgrunnen for at me finn dei her i folketeljinga frå 1865, som vart oppteke 31.12. det året.  

Fyrr me går vidare, lyt me her taka med ei kjeldetilvising: Mrs Beverly Erickson er dotterdotter åt ovannemnde Sigrid Knutsdotter, og dotter åt Hilda Nomeland og John Stephen Hudy. Ho bur i Clarendon Hills, [[Illinois]], og har sendt oss minnestykket av Sigrid. Ho har også kartlagt lagnadane til mange av trydølane i Amerika, og mykje av opplysningane våre om dei er henta frå hennes arbeid.  