Norges Kvinne- og familieforbund: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Norges Kvinne- og familieforbund''' blei stifta 15. september 1915 under namnet '''Hjemmenes Vels Landsforbund''' etter at fleire lokale lag av Hjemmenes Vel slo seg saman. I...)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 12. apr. 2018 kl. 08:33

Norges Kvinne- og familieforbund blei stifta 15. september 1915 under namnet Hjemmenes Vels Landsforbund etter at fleire lokale lag av Hjemmenes Vel slo seg saman. I 1933 endra organisasjonen namn til Norges Husmorforbund, og i 1997 til Norges Kvinne- og familieforbund (K&F).

Historikk

Ideen om at husmødrene skulle samle seg i ein organisasjon blei fyrste gong lansert i bladet [[Kvinner & familie (magasin)|Husmoderen) i 1897 som seinare skifte namn til Husmorbladet. Året etter vart Oslo Hjemmenes Vel stifta, som var det fyrste i Europa. Deretter vart det stifta ei rekkje Hjemmenes Vel foreiningar, og i 1915 forente desse seg i Hjemmenes Vels Landsforbund under leiing av Marie Michelet. Formålet med foreininga var helse i heimane, kosthald, husmorrolla og husmorsaken.

Michelet danna Nordens Husmorforbund i 1920, frå 1999 kalla Nordens Kvinneforbund, som i dag (2017) har meir enn 75 000 medlemar. Michelet var også ei av fleire stiftarar av den internasjonale kvinneorganisasjonen Associated Country Women of the World (ACWW) i 1933. Norges Kvinne- og familieforbund har sidan stiftingane vore aktive medlemar i begge desse organisasjonane.

Norges Kvinne- og familieforbund var med på å danne Forbrukerrådet i 1953, Norske Kvinners Nasjonalråd, Kvinners Frivillige beredskap, FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål), Miljøheimevernet (Grønn Hverdag) og Populus (Studieforbundet næring og samfunn) i 1995. I tillegg gir organisasjonen ut medlemsbladet Kvinner & familie (tidl. Husmorbladet)

Organisasjonen har meir enn 225 lokallag og 4 000 medlemar (2017). Ås kvinne- og familielag er det eldste nolevande laget i organisasjonen.

Kjelder