Norrøne fartøy

Norrøne fartøy er eit fellesnamn for dei fartøytypane og fartøya som vart bygd av norrønt folk og samar i Norden i tida frå kring 700 til kring 1350. Norrøne fartøy var klinkbygd med kjøl og spisse stamnar. Fartøya vart både rodd og segla. Mindre båtar og krigsfartøy hadde som hovudregel rorsrom i alle rom, medan frakt- og handelsfartøy kunne ha reine lasterom midtskips. Rorsromma hadde keipar i eldre fartøy, og alltid i mindre fartøy; større fartøy fikk ganske tidleg årehol for å kunna ha høg rekkje utan å miste den beste rorsvinkelen. Til segl vart det alltid bruka eit stort råsegl. Gjennom heile perioden hadde norrøne skip berre ei master.

Osebergskipet (820) i båthallen i VikingskipshusetBygdøy i Oslo
Foto: Olve Utne (2008).

Kjente norrøne skipsfunn inkluderer Kvalsundbåten (ca. 690), Bårsetbåten (800-talet), Osebergskipet (820), Gokstadskipet og gokstadbåtane (ca. 890), Ladbyskipet (ca. 900–950). Roskilde 6 (1025), Skuldevev 2 (1042) og Handelsfartøyet under Dronning Eufemias gate (2. halvdel av 1200-talet). Skip av norrøn type bygd i nyare tid inkluderer «Viking» (16-sesse, 1893), «Saga Siglar» (knarr, 1983), «Havhingsten fra Glendalough» (30-sesse, 2004), «Saga Oseberg» (15-sesse, 2012) og «Draken Harald Hårfagre» (25-sesse, 2012).

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!